tirsdag 2. august 2011

Berre litt til, vær så snill…♥

Vi er heime etter solfylte og varme dagar i fjellheimen. Vi trudde vi skulle få litt sommar heime òg, men her ligg skodda tjukk og seig. Det er akkurat som om vi er innetulla i eit tjukt teppe…

IMG_1361 copy

Vi skulle så gjerne hatt nokre finevèrsdagar til. Framleis litt att av ferien. Tenk om vi kunne få litt til sol…. Vi vil på badestranda og kose oss! Vi vil ligge på ei madrass og kjenne sola varme oss….

IMG_1363 copy

Kan vi få litt til sol, vær så snill??? Forståsegpå’arar seier at skodda vil lette. Men det har vi høyrt i snart to veker… Kan nokon snu vinden og blåse skodda til havs???

Vær så snill???

4 kommentarer:

  1. Jeg tar gjerne litt "utrøne" hvis det betyr at sola kommer fram :) Men, sola må vel varme land for at pålandsvinden skal få noe fart? Eller? For en østlending så har det tatt tid å lære seg værsystemet på Vestlandet - men vinden er nok tross alt en venn, selv om vi ofte tenker at den er irriterende tilstede på finværsdager.......

    Jeg tror det er håp om å se sola i dag!

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  2. Blåser alt jeg kan og håper tåka letter hos deg!

    Klem Lykkeliten

    SvarSlett
  3. Skulle så gjerne hjelpt deg Tove - veit nøyaktig korleis det følest...å vite at sola skin over tjukkskodda. Trudde alt skulle bli så mykje betre når eg flytta austover og ja det er jo bedre ver her trass alt. Men dei som bor her seier at det har skjedd endringar i veret her siste 3 åra. No regnar og bles det frå nord...det gjorde det ikkje før. Og vi har hatt regn så å seie kvar einaste dag i heile sommar - men det har no letta oppatt etter ei stund her da.
    Kryssar fingrar for fint veir no heilt til skulestart iallefall. Kjem oppover neste veke og då håpar eg på nokre gode dagar i heimbygda:-))

    Klem

    SvarSlett
  4. Det blir vel fint vær til jobbastart ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!