onsdag 13. juli 2011

Når naboane ikkje er heime…

…nyttar vi høvet til litt snikfotografering og lån av trampoline! Naboane er rett nok bror min og svigerinna mi med familie, så då har eg litt betre samvit for at vi tek oss til rette!

IMG_0756 copy

Det er forresten heilt fantastisk å ha fått slike naboar! Barnetalet har dobla seg og det er liv og røre opp i bakkane her vi bur! Eg har spøke med at vi må lage oss eit skilt og setje opp bort i vegen, med teksten “Bråkmakargata”. Er det nokon som veit kven som lagar slike “gateskilt” som ein kan få kjøpe? Eg blir kjempeglad om eg får respons på det!

IMG_0783

Vi skvett til like mykje kvar gong det går i døra og ei smilande blid tantejente står i gangen og lurer på om vi er heime! Vi har ikkje vore vane med at folk “berre dukkar opp” her oppe… No ventar vi berre på at syster mi med familie skal få starte bygging i det nye, planlagde feltet rett ned om steingarden vår!

“En familie som holder

sammen, er

uovervinnelig.”

- Bjørnstjerne Bjørnson -

IMG_0801

Huset dei har bygt seg er eit skue for seg sjølv. Det som er innan for dei fire veggane skal få vere privat, men eg har altså sneke meg til nokre utebileter i dag! I dag fekk støvlane kvile seg under det heimelaga utebordet (som kanskje får ein eigen presentasjon i eit innlegg seinare, om snekkaren tillet det, he, he…).

IMG_0799

Det er duse lilla og grå detaljar som går att både innandørs og utandørs. Nydeleg, rett og slett…

IMG_0800

Dette biletet har eldstemann teke frå terrassen deira. Tenk å tilbringe kvart einaste ledige sekund i ein deilig solstol her…

No håpar eg at tilgjeving er lettare enn tillatelse, hi, hi!

I alle fall; takk for titten L og F ♥

4 kommentarer:

  1. det er jammen nydelig hos dykk, Tove! ABsolutt ein av tre favorittstader i Ørsta. Sætre, Halsane, Steinnes. Mine tre favorittplassar om eg skulle ha busett meg i heimbygda igjen. Oppskrift på utebord vil vi gjerne ha :-) Gjerne på andre utemøbler også!!!

    SvarSlett
  2. Litt av en utsikt oppe i lia! Sunnmøre er vakkert når sola skinner :)

    Fjellet ditt er et av de få jeg kan si navnet på med sikkerhet heromkring - det er så karakteristisk. Spent på hva slags "stjerne" du traff på kveldsturen din :)

    Nyt sommerdagene - håper det kommer en i morgen også :)

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  3. Det er så kjekt med nye naboar. Her er søskenbarn i full sving med hus like ved oss, kjempekjekt! Må vere ekstra kjekt å ha både bror og søster (snart) samla. Dokke har det bra fint der!

    God torsdag til dokke :)

    SvarSlett
  4. Ann-Karin15/7/11 21:44

    Desse namneskilta på barnevognene idag er no populære. Kanskje du kan bestille eit slikt skilt å henge opp?:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!