mandag 25. juli 2011

…med mamma sitt jåleri…

…kan svært mykje skje!

IMG_1141

Vi var på veg ut døra og mamma “måtte berre” fyrst. Eit eller anna måtte leitast opp, noko måtte skruast av eller ein ungane mangla. Då såg frøken snupp sitt snitt….

IMG_1143

Eg veit at lipglossen er eit ynda objekt og burde vel strengt tatt ha vore innelåst i ein safe i staden for å ligge i veska mi. Eg trudde eg var lynkjapp då eg sprang på kjøkkenet for å sjekke at kaffitraktaren var avslått og at vi hadde hugsa å pakke ned gåva vi skulle ha med oss på babybesøk. Men denne tausa er raskare enn sin eigne skugge og var difor i full gang med å jåle seg då eg kom ut på gangen att.

IMG_1144

Ja, ja, det var berre å innsjå at slaget vart tapt denne gongen òg og frøken snupp fekk gå på babybesøk med lipgloss.

IMG_1146

Til slutt fekk mamma òg litt lipgloss og vi foreviga oss sjølve i spegelen i gangen!

(Jøss, er det fyrste biletet av meg på bloggen, skal tru???)

2 kommentarer:

  1. Så herlig! Her er guttungen på to mest opptatt av maskaraen. Heldigvis holder det me et lagmaskara uten å ta børsten ut av flaska, men vet ikke hvor lenge det varer....

    SvarSlett
  2. Og begge to kledde den like godt:-) Vær veldig glad for at du ikkje brukar mørkeraud leppestift, det går av erfaring ikkje slett så bra...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!