Snart skal vi reise ein pitteliten ferietur. Ikkje heilt enno, men snart…
Kva tid vi reiser og når vi kjem att er heilt i det blå, men det blir snart ein liten tur!!! Og alle ♥ gleder seg…
God helg til alle!
Snart skal vi reise ein pitteliten ferietur. Ikkje heilt enno, men snart…
Kva tid vi reiser og når vi kjem att er heilt i det blå, men det blir snart ein liten tur!!! Og alle ♥ gleder seg…
God helg til alle!
Soveromet vårt er det romet i huset eg er aller mest nøgd med!
Fargane er duse og harmoniske; ei blanding av støvete grått og lavendel. Vesle linselusa likar seg også godt her, he, he….♥
I korgkista under benken ligg interiørblad og bøker som eg med jamne mellomrom tek fram og kikar litt i. Eg veit at ein ikkje skal snakke om jul i juli, men julenummeret til “Vakre hjem & interiør” har nok allereie vore blada i, ja…
Eg er av den praktiske typen og likar ikkje at det er så mykje dill-dall på soverommet. Viktigaste “interiøret” på nattbordet er lesestoff! Akkurat no held eg på med “Døren” av Magda Szabò, og deretter er det “Krystallslottet” av Jeanette Walls som skal underhalde meg i seine kveldstimar.
For nokre dagar sidan var vi i bygdebyen Fosnavåg og der er favorittbutikken min; Bella Blå. Der vart det handel av både det eine og det andre slaget, men dette “skiltet” falt eg pladask for! Det passa så godt på soveromsveggen vår!
Eldste linselusa ville òg vere på bilete!
Soveromet er det romet i huset som har finaste utsikta! Vi har hjørnevindauge, dvs at vi totalt har fire vindauge som slepp inn masse lys og luft! Utanfor soveromet er det ein liten altan der eg mange ein gong har kosa meg og sett på solnedgangen…. Er det rart eg kallar det “A Room With a View”???
“We know that we come from the winds, and that we shall return to them; that all life is perhaps a knot, a tangle, a blemish in the eternal smoothness. But why should this make us unhappy?
Let us rather love one another, and work and rejoice!”
Favorittsitat av Mr. Emerson, “A Room with a View”
Gode soveromstips:
…kan svært mykje skje!
Vi var på veg ut døra og mamma “måtte berre” fyrst. Eit eller anna måtte leitast opp, noko måtte skruast av eller ein ungane mangla. Då såg frøken snupp sitt snitt….
Eg veit at lipglossen er eit ynda objekt og burde vel strengt tatt ha vore innelåst i ein safe i staden for å ligge i veska mi. Eg trudde eg var lynkjapp då eg sprang på kjøkkenet for å sjekke at kaffitraktaren var avslått og at vi hadde hugsa å pakke ned gåva vi skulle ha med oss på babybesøk. Men denne tausa er raskare enn sin eigne skugge og var difor i full gang med å jåle seg då eg kom ut på gangen att.
Ja, ja, det var berre å innsjå at slaget vart tapt denne gongen òg og frøken snupp fekk gå på babybesøk med lipgloss.
Til slutt fekk mamma òg litt lipgloss og vi foreviga oss sjølve i spegelen i gangen!
(Jøss, er det fyrste biletet av meg på bloggen, skal tru???)
Vi har ei fantastisk utsikt, men fasilitetane til å beskue denne utsikta har ikkje akkurat vore den beste. I helga tok gravemaskinmannen min og løfta platten som låg på 28-kvadrat-altanen vår og løfta den opp, flytta den til andre sida av huset og la den elegant ned akkurat slik eg hadde tenkt!
No sit vi ikkje så veldig på utstilling lenger og vi er meir i le for vind og vèr. Og så er det ekstra kosleg med terrasse midt i hjartet av gardstunet!
Eg kosa meg i går kveld då eg gjekk rundt og flytta på møblar og planter!
No kan vi sitje på terrassen og sjå “heilt til verdas ende” (iflg. ungane)! Dei litt vèrslitte utemøblane i eik treng seg kanskje ein liten finpuss, men det får bli til neste sommar.
Frøken snupp har vore til stor hjelp med pynting og dandering! Ho la sin elsk på steinane og skjella som vi har samla på og fann mange stadar å legge dei på!
Å drikke sitronte i nykjøpt KOKO-kopp gjorde godt…
Det gjekk ikkje lenge før frøken snupp tenkte at det ville vere fint å pynte litt i koppen min òg!
No ventar vi berre på meir sol og fleire varme dagar!!!
Spørsmålet mitt var vel eigentleg mest retorisk. “Kva i alle dagar kan vi gjere for å hjelpe alle dei som har det vondt no?” Som eit hjartesukk over all vondskap og hat i verda. Som eit forsøk på å kome på fornuftig handlingar midt i alt kaoset, alt det ufattelege.
Eg tenkte ikkje ein gong på at 4-åringen svinsa rundt meg. Svaret kom med stort alvor og den største sjølvfølge;
“Vi må leike, mamma!”
Så ukomplisert og uskuldig. Så naturleg. Sjølvsagt kunne vi leike! Medan 4-åringen skifta på seg eit utal med antrekk og leika eit utal leikar, fekk tankane mine kvile. Eg fekk kjenne på takksemd og glede for alle eg er så heldig å ha rundt meg, men som eg som altfor ofte tek for gitt…
“Prikkane mine skal vere rosa mamma! Blir du glad då???” Ja, mamma vart glad. Men sjølv om mammahjartet renn over av kjærleik og varme for dei som er mine, så er der likevel plass til alle dei som har mista sine desse dagane. Tenkk om det var så enkelt som å fargelegge alt det triste og grå med rosa! Vi veit alle at det ikkje går, men både triste fargane og dei glade fargane har plass på paletten. Sorg og glede går hand i hand.
Når ein har små ungar må ein fokusere på gleda. Eg forklarar og forenklar, veit ikkje heilt kva som er best. Skånar dei for det meste av informasjon. Dei er så små at dei har det mykje betre om dei får danse og synge, eller fargelegge alt det grå med rosa!
Etter timar med kjekk leik, mange klesskift og mykje kos, kjende eg at det hadde gjort meg godt. Eg var lettare til sinns.
Tenk at 4-åringen sin enkle filosofi kan gjere så stor forskjel! Kvar hentar dei all klokskapen sin i frå? Eller er det berre vi vaksne som har gløymt vår, midt i eit kaos av rasjonalitet og fornuft?
Takk for dansen, kjære Sina mi –
du veit akkurat kva mamma treng!
I kveld gret hjartet mitt for alle som har mista ein av sine, som sørger og har det vondt… Om dei berre kunne kjenne all varmen og kjærleiken som blir sendt til dei frå menneske verda rundt…♥
Tragedien som har ramma vårt frie, inkluderande og trygge land er ufatteleg og hjartet mitt gret for alle som har mista sine kjære ♥
- Du må ikke sove! Du må ikke sove!
Du må ikke tro, at du bare har drømt!
Du mener, det kan ikke være sant,
så onde kan ikke mennesker være.
Der fins da vel skikkelig folk iblandt?
Bror, du har ennu meget å lære!
Man sa: Du skal gi ditt liv, om det kreves.
Og nu har vi gitt det - forgjeves, forgjeves!
Verden har glemt oss! Vi er bedratt!
Du må ikke sove mer i natt!
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Orda frå Arnulf Øverland sitt dikt “Du må ikke sove”, skrive i 1937, set ord på mykje av det vi tenkjer når vi så vidt kan byrje å forstå alvoret av tragedien i Oslo og på Utøya. Alle dei omkomne var representantar for demokratiet i landet vårt. I går kveld oppmoda statsminister Jens Stoltenberng om å engasjere seg for demokratiet i Noreg for å bevise at vi ikkje let oss knekke. Demokratiet og fridomen i Noreg skal ikkje stå for fall!
Det er ein sorgens dag i Noreg i dag…
Så fantastisk å verte tante! Så nydeleg dette vesle vidunderet som ligg der med augene att. To dagar gammal og klar for livet.
Så mange gode dagar som ventar på deg. Så mange spennande opplevingar og så mykje glede. Vi gler oss til å dele alt dette med deg, vakre Louise…♥
♥ WELCOME♥
Sommaren på Sunnmøre har vore kald, våt og grå. Nokre få dagar med sol har vi rett nok hatt, men det vert mest som å smake på ein liten bit av favorittsjokoladen, for så å pakke den vekk og ikkje få smake meir.
Tuslande, små barbeinte leikar sommar likevel. Trippar rundt i små toppar og sommarkjole og sandalar – til trass for at det regnar og er surt. Vi vaksne er litt meir fornuftige, men har nok sete på altanen med gåsehud og kalde føter meir enn ein gong i sommar…
Slikt blir det sommarforkjøling av. Såre halsar, hoste og rennande naser. Både små og store treng av og til noko varmt, både inni og utanpå. Kvelden i går var difor prega av lune, gode ullskjorter og rause koppar med god te.
…og medan vi framleis ventar på sola, trøystar vi oss så godt vi kan!
PS! Det må nemnast at temperaturen i dag er god og at vèret minner mest om Indian Summer. Det er ei mager trøyst ♥
Sommarlukke er å tenkje mest på det ein vil gjere og ikkje det ein bør gjere. Det er å ligge langflat på ei bryggje og kaste småstein og kike på sjøstjerner.
Ungane finn alltid noko å undre seg over. Ser alltid noko dei ikkje har sett før og brukar laaang tid på å studere alt dette spennande. Dei er ikkje til å rikke. Vil ikkje heim. Og det vil ikkje eg heller…♥
Måkeskrik og tøffande småbåtar er alt vi høyrer. Er det rart ingen vil heim?
Eldstemann vågar seg heilt ut på kanten. Så godt når ungane er trygge i og nær vatn…
Bestemor kjem og fortel meir om alt det rare dei ser. Held godt fast i minstesnuppa. Det er ikkje så høgt ned, og når bestemor passar på går alt bra. Tida går, men framleis vil ingen heim. Sola er framleis varm, sjølv om det er kveld.
Slike dagar lever vi lenge på. Fullstendig fri for må og bør, alt vi gjer er vil! Og framleis er det meir sommar….
Håper mine bloggvener landet over nyt gode sommardagar i lag med familie og vener ♥
Medan nokre tek seg tid til cruise inn i solnedgangen på ei vannski, sit eg og funderer på korleis eg skal endre bloggen min…
Bloggen vil kanskje vere litt annleis ei lita stund, men eg håpar de framleis vil kike innom! Kanskje treng eg gode råd undervegs – då skal eg skrike ut!!!
Vi pakka nistekorger sjølv om dagen bar bod om regn. Køyreturen gjennom vill og vakker vestlandsnatur fascinerer oss like mykje kvar gong.
Det er ikkje Geirangerfjorden eg snakkar om. Den er vill og vakker den òg, men ikkje som Hjørundfjorden. Det er lys i vindauga i Hjørundfjorden. På det minste nes og i dei brattaste høgder ser ein liv. Kvar dag er det nokon som vaknar der, andar der, kviler der og legg ned arbeidet sitt der.
Så urøyvd, så vakker, så trollsk…
Vi køyrde til Bjørke og vidare til Leira. Å sitje under høge fjell, ved verdens vakraste fjord og sjå dei ville fossane slyngje seg ned fjellsidene gir ei fantastisk ramme for ein piknikk - til trass for litt regn!
Søvnruskne ungar hoppa glade ut av bilen då vi var framme. Sjeldan har vel mamma sine vafler smakt betre!
Til dessert kosa vi oss med pasjonsfrukt! Den eksotiske frukta passa godt til dei flotte omgjevnadane!
Etter at vi hadde ete køyrde vi tilbake til Bjørke gjennom tunnellen og var på kunstkafè. Der var det deilige kaker og vakkert handverk! Det gjorde godt med ein kaffi etter all den gode maten vi hadde med. Biletet over viser utsikta frå kafèen! Noko meir vakkert må ein leite lenge etter…
Kvar gong eg er i Hjørundfjorden, til lands eller til vanns, så tenkjer eg på Marie Takvam, ein av mine absolutte favorittdiktarar. Ho vart fødd i Hjørundfjorden ein vèrhard desemberdag i 1926, flytta seinare til Oslo og døde der i 2008. I 2003 vart ho utnemnt til “Årets festspeldiktar” under Dei Nynorske Festspela. Då song koret mitt under opninga og eg fekk gleda av å lese hennar eigne dikt til henne. Å stå rett framfor lyrikaren som eg såg slik opp til, og sjå kor tårenen trilla då eg las dikta hennar, var ei stor og sterk oppleving.
Til grana mi
Når alt er stilt rundt oss,
peikar du mot stjernene.
Du står der rak i ryggen
og får meg til å sjå mot deira lys.
Men når kulingane kjem,
peikar du slik dei vil -
stundom mot vest, stundom mot aust -
mot nord og syd.
Då er du hjelplaus liksom meg sjølv.
Og når stormane hiver seg over deg,
peikar du mot jorda.
Men du har ikkje brotnna.
Du reiser deg etter stormar
og peikar mot stjernene.
Marie Takvam
For å lukkast med sommarkjensla må eg og familien:
…og vi må tenkje at det er leeenge att av sommaren….
Kva må du gjere for å få sommarkjensle???
Det er no ein gong slik at stova er like mykje ungane sitt som rom, som det er mitt rom. Eg må ha litt nips og naps rundt meg for å trivast der, nokre gode blad, favorittboka mi, eit strikk og stearinlys. Masse stearinlys. Ungane vil ha spela sine, DVD’ane, Playstation, Nintendo og andre duppedittar innanfor rekkevidde. Sistnemnde artigheiter har stort sett vorte liggande å flyte litt overalt; utan system og utan orden. Til slutt kjøpte eg ei korg som dei kunne putte alt i (om som sjølvsagt passa inn i interiøret, hi, hi…).
Eg var likevel ikkje nøgd.. Det såg framleis uorganisert ut og vart fort rotete.
Men så….
Eg la over eit strikkapledd (ikkje heimelaga…) og då ser det plutseleg ut som om eg har ei korg full av mjuke, gode tepper! Ungane plukkar ut det dei vil ha og slengjer på att teppet!
I går kom ungane heim etter å ha vore på hytteovernatting i lag med besteforeldra og frøken snupp kom sjølvsagt heim med blomar i handa! Sjå dei nydlege orkidèane dei hadde funne! Desse veks vilt i skogen og eg er ikkje sikker på kva som er det eigentlege namnet deira. Men så utruleg nydeleg….
Dei får stå på skjenken i stova i lag med dei andre blomane ho hadde plukka.
Heilt på tampen har eg eit lite tips til alle som har blomsterplukkande ungar; kjøp små, billege vasar som du kan putte blomane i. Av erfaring veit eg at stilkane ofte er korte og då må ein ha noko som er lite nok. Du kan også bruke glas frå babymat, tomatpurè, små sylteglas etc. Uansett; ta godt vare på desse blomane som har vorte plukka med store mengder kjærleik, stort engasjement og masse barnleg glede!
I dag er det tid for litt ønsketenking på bloggen, for eg er rett og slett
swept off my feet….
Eigentleg er eg ikkje så glad i slike “sjå kva eg har kjøpt”-innlegg eller “sjå så masse fint det er i butikkane”-innlegg, men Arabia sine KOKO-koppar er så nydelege at eg rett og slett unner dei litt bloggplass!
Designet, kvaliteten og fargane gjekk rett heim med meg! Eg har mykje Arabia i skapa mine frå før og er veldig glad i dei tidlause og klassiske linjene. KOKO-koppane passar godt inn i lag med dei Arabia-godbitane som er i skapet mitt!
Trur jammen eg veit kva eg skal ynskje meg til bursdagen min i år!