mandag 25. april 2011

No plantar kvinna i verda eit tre…♥

Det var tidleg morgon. Eg og hunden lista oss ut før dei andre hadde vakna. Den mjuke morgonbrisen kviskra at det kom til å verte ein vakker dag. Heilt stille ute. Berre eg og hunden. Og fuglane. Og tankane.

På veg heim gjekk vi gjennom eit tun. Så mange flotte busker og tre. Gamle og ærverdige. Dei har overlevd storm og uvèr, harde vintrar og karrige kår. Eg kom til å tenkje på dei mjuke hendene som ein gong planta desse vekstane. Passa dei, vatna dei, plukka visne blad, klipte dei og gav dei ekstra næring.

IMG_7908

Eg plukka med meg nokre greiner heim. Tenkte på all kjærleiken og omsorga som ein gong vart aust over dette treet. Tenkte på den flotte kvinna som ein gong låg på kne og gjorde alt ho kunne for at treet skulle ha det så bra som råd. Tenkte på alle som har beundra treet, kika på det og lukta på dei gode blomane om våren. No står greinene på spisebordet mitt og minner meg på kor viktig det er å minnast det som ein gong var ♥.

IMG_7911

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.

Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

IMG_7914

Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?

IMG_7916

Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro!

♥Halldis Moren Vesaas♥

Eit tre er så mykje meir

enn berre greiner og

 

blad…   ♥

6 kommentarer:

  1. No fekk eg beint lyst ut å klyppe meg nokre greiner og "ta" morelle-blomen litt på forskot! Ynskjer deg ein fin dag :)

    SvarSlett
  2. Oj dette var sterkt og godt formidla!
    Og nesten litt skummelt..
    For berre ein time sidan las eg nettopp dette diktet for fyrste gong.. Merkeleg..Eg søkte opp diktet Altar då eg høyrde det på radiogudstenesta og på same side fann eg dette diktet.. Nydeleg!

    klem

    SvarSlett
  3. Veldig fint skrive, og takk for at du deler diktet, har ikkje lese det før! Og bileta er vare og herlege:) Ha ei god veke med greiner på bordet!

    SvarSlett
  4. Nydelig,både ord og bilde! Ha en fin dag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!