søndag 13. februar 2011

Glimt frå ein morsdag…

Dette: å være i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.

morsdag

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset 
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.

morsdag1

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte 
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir
gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
-Halldis M. Vessas-

morsdag2 

På sjølvaste morsdagen kan det vere godt å reflektere litt over liv og levnad. Halldis Moren Vesaas seier at vi må gi både hjartet og hendene våre i omsorg som aldri svik. Å gi omsorg er ei dei store oppgåvene ei mor har. Å få lov til å ha nokon å ta hand om, nokon å glede seg over, bekymre seg for og ofre seg for – det er eit stort privilegie å få vere nokon si mamma.

morsdag3

Og ikkje minst; å vere nokon si mamma er ein stor og viktig jobb. Tenk om vi ikkje gjer jobben vår godt nok? Om vi gløymer nokre av dei viktige tinga? Om vi ikkje er tilstades så mykje som vi bør? Borna våre er resultat av vårt arbeid. Vi set våre avtrykk på dei og kallar dei våre – uansett!

morsdag4

Det viktigaste vi kan gi dei er tid. Tid til å leike. Tid til samtaler. Tid til gode klemmar. Og vi må gi dei kjærleik. Kjærleik utan betinging. Uendeleg kjærleik - uansett.

For utan kjærleik er vi ingenting. Utan kjærleik vert ingen trygg. Utan kjærleik er vi ikkje fullverdige menneske.

…og meir enn du gav, fekk du att….

4 kommentarer:

  1. Håper du fikk en flott morsdag.
    Her får eg ikke väre med på den feiringa, da eg ikke fikk beholde det barn eg bar på, så denne dagen her er veldigt vanskelig for min del.
    Men håper du fikk en flott dag uansett.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Eit av mine yndlingsdikt! ;) Grattis med morsdagen kjære deg! :)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for alt det vakre og kloke du skriv, Tove. Eg har lært mykje av deg!

    No fekk eg lyst til å dele eit visdomsord som eg har klipt ut og hengt på oppslagstavla mi:

    "Alt kan utsettes - unntatt kjærligheten til ditt barn".
    Randy Colton Rolfe

    Takk for at du bidreg til å løfte fram innhaldet i desse orda.

    Helsing frå Randi Johanne

    SvarSlett
  4. Nydeleg!
    Takk at du deler!

    Stor klem :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!