tirsdag 25. januar 2011

Av måneskin gror det ingenting…

…men i skinet frå eit stearinlys kan det vekse så mangt; lærdom, til dømes. Lekser er ikkje ein favorittaktivitet i heimen, sjølv om frøken midtimellom gjer det med litt meir entusiasme enn storebroren. Medan 6. klassingen stort sett ynskjer å gjere leksene i fred og ro på loftet, likar 3. klassingen å sitje ved spisebordet i lag med meg.

Lekse

Inn i mellom alle pliktene nyttar vi den gode stunda til små og store spørsmål om livet. Ho fortel om dagen som har gått, om kva ho har tenkt å gjere i morgon og om kven som har sagt kva på skule. Eg prøvar så godt eg kan å lage ei god atmosfære rundt denne stunda. Tenner stearinlys, legg vekk alle andre aktivitetar og er fullt og heilt tilstades. Ingen lir av å måtte vente litt til på middagen!

Lekse1

Det er ikkje kvar dag vi klarer å ha det slik. Desto meir viktig er det å verkeleg gjere det når ein kan. Der er nok av dagar der alt må gå fort og vi må få unna leksestunda samstundes som at eg lagar middag, underheld minstesnuppa, tømer oppvaskmaskina, legg i hop kle, hjelper eldstemann, luftar hunden og mykje meir. Slike dagar gløymer vi å puste. Alt går i eit forrykande tempo med høg puls og mange jern i elden. Vår familie er sikkert ikkje åleine om å ha det slik.

Lekse2

Sjølv om eg er “lærarmamma” må eg ofte grav djupt i hatten med triks for å klare å motivere for lekser. Å gjere det koseleg på bordet er eit av dei mest effektive triksa. Bøkene fint i stablar, stryke på lekseplanen etter kvart som ein er ferdig, tenne eit stearinlys, ta små rosinpauser med god prat og vise borna at vi fullt og heilt til stades for dei. Det er rart å sjå kor mykje meir positivt innstilt ungane er til leksene når vi får til dette!

Lekse3

I går hadde vi ei slik god stund. Det blir kanksje ei stund til neste gong vi har så god tid, så desse varme og gode augneblinka skal eg ta godt vare på. Dobbeltkonsonantane og reknestykka gjekk unna som berre det og rosinpausene var djupe og interessante!

Det er godt når leksestundene er slik; utan konflikter, konfrontasjonar, leie ungar og oppgitte sukk kring bordet. Det er godt at ein kan sitje i lag i skinet frå stearinlyset og småprate om stort og smått.

Vi avslutta leksestunda med å snakke om Alice i Wonderland og eit av mine favorittsitat der;

“- Kanskje det ikke er noe å lære, dristet Alice seg til å si.
- Hysj, hysj, lille venn, sa hertuginnen, - vi kan lære noe av alt, hvis vi bare tenker oss om.”

Kva “triks” har du for å gjere leksestunda så god som råd???

6 kommentarer:

  1. Rutiner frå fyrste stund trur eg er essensen for leksegjering!!
    Her SKAL ein setje seg ned med lekser så snart middagen er innteken, og skal dei ut på aktivitetar må leksene gjerast unna medan vi ventar på middagen.
    Vi har gjort dette frå Fredrisk starta på skulen, og det er aldri mukking på leksetidene...sjølv om bølgene kan gå rimeleg høgt MEDAN vi gjer lekser innimellom;o)
    Ellers meinar eg og at foreldra sin tilstadeværelse er viktig:o)

    SvarSlett
  2. Vi er velsignet med tre karer som aldri kvier seg for leksearbeidet...men som lærer er det å gjøre leksestunden så fin som mulig et råd jeg også gir.Stearinlys,frukt og te eller lovnad om et spill sammen etterpå?? Også bør en jo helst gjøre leksene så tidlig som mulig da..
    Også er det tirsdag (mest travel hos oss),minsten skal på fotball fra 17-18 (far er trener),eldstemann på skitrening fra 18-19 og mellombror på fotball fra 19-20...jeg var hjemme fra jobb rett over fire og mat skulle de ha..:-)...men som sagt,de er kjempeflinke og vi "redder" oss pga det!!
    klem♥

    SvarSlett
  3. Skjönner at lekselesinga går unna hos dere nå. Når man får ha det så kosligt med lekselesingen så.
    Det er viktigt å lage det triveligt når det er lekselesing på gang.
    Lys, litt prat og alt går så mye bedre.

    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Å få inn gode rutiner er viktig. Eg var aldri flink til å gjere lekser, ville gjere alt anna fyrst. Her i huset er det lekser før alt anna. Eldsta tek ting veldig fort og likar heldigvis matte!! Spørs kor det blir til hausten når mellomste skal til på skule!! Skal heller svare dej då på ka en skal motivere med ;P

    SvarSlett
  5. Akkurat slik prøver vi å gjøre det, også...gode rutiner på tid og sted og foreldrehjelp (som oftest mamma) - noen ganger er det nesten litt dumt at det ikke er mer lekser å gjøre...

    SvarSlett
  6. Du er en flink mamma :)
    Jeg tror at det viktigste er å være der for barna, slik som du gjør det :) Jeg prøver det så godt jeg kan, har selv tre skolebarn, men det er ikke alltid så lett,nei ;)
    Du har mange fine tanker..

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!