onsdag 21. juli 2010

Med liv og lyst og sand…

Sommaren på Sunnmøre har ikkje akkurat vore lystig og varm, og då er det om å gjere å kapre dei få fine augneblinka ein har og leve lenge på dei!

flø

Nok ein gong viser eg bileter frå vakre Flø! Ungane kosa seg og fann alt mogleg rart i sanden! Slik som denne kvisten!

flø3

Eller denne!!! Vi trudde faktisk det var ein slange, men ved nærare ettersyn såg vi heldigvis at det var feil…

flø7

Så utruleg spennande å leike seg i bølgene!

flø8 Å springe i frå bølgene var superkjekt!

flø10 Frøken midtimellom fann seg ein stein og heldt eit lite “one woman”-show for oss! Kva ho song er vi ikkje så sikre på, men underhaldande var det i allefall!!!

flø12

Minstesnuppa måtte sjølvsagt også opp på steinen og underhalde litt!!!

flø13

Turen til Flø slutta slik turar til Flø alltid gjer; vill leik i sand! Då er det sjølvsagt berre ein ting å gjere; BADE!!! Eg kan love deg at det er kaldt når storhavet slår bølgene inn over stranda, men bade måtte dei!!!! Eldstemann grudde seg litt, men det var berre smil å sjå då dei kava rundt i bølgene!

♥ ♥ ♥

Det var sein kveld då vi sette oss i bilen heim. Vi hadde fått ein smak av sommar og var godt nøgde alle mann…

Slike minner lever vi lenge på!!!

Til dei som måtte lure på om det ikkje burde kome eit interiørinnlegg snart, og som er lei av alle sommarbileta mine, les følgande beskjed: Vi er minst mogleg inne, kjøper minst mogleg av nye ting og tang og prioriterer å prise sommargledene og ikkje nips og naps!  Men eg kjem sterkare tilbake – før du veit ordet av det!

4 kommentarer:

  1. Hei :)

    Fantastiske blide i fra Flø.. e så herlig med slike strender der en kan gå på sand og se på naturen.. som forandrer seg hele tiden..

    Ja slik som været er her på traktene nå så må en bare ta vare på stundene der været er så bra at man kan være ute... uten å kle på seg regnklær...det gjelder å nyte dagene og sommeren mens en har den..

    Flotte barn du har..

    Ha en fin dag :):)

    SvarSlett
  2. Vakkert Tove. Ej syns ej kjenne den ramsalte havlukta her ej sitte milevis frå salt hav. Gler mej som en unge til ej skal over på vestlandet til helga. Veit med sikkerheit at ej kjeme til å leige mej ei av hyttene på rjånes eller i sandvika fleire ganger i framtida...gler mej allereide.

    Klem

    SvarSlett
  3. Dokke er flinke til å sjå og utnytte muligheitane :-)

    SvarSlett
  4. du har ein nydeleg blogg med sterke innlegg som eg blir meir og meir glad i! Fortsett slik! Dessutan må vi på regntunge Sunnmøre støtte kvarnandre desse regntunge dagane. Men heilt ærleg så er eg ikkje så fole vêrsjuk. Det er verst for ungane. Fortsatt fin sommar til deg og dine!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!