fredag 23. juli 2010

Kjære du….

…som rotar i fjøra vår: kan du vær så snill å rydde etter deg neste gong??? Dette gjeld forøvrig alle som rotar i alle andre fjører òg!!! I dag gjekk det hardt utover ei lita, berrføtt jente som skar seg på glasbrot. Sjølv om vi plukka opp alt vi såg, låg der glasbrot og lurte under steinane og sanden.

Fjøra vår ligg slik til at det er lett å nå den for alle – heldigvis! Det er kjekt når mange nyttar seg av fjørelivets gleder. Vi ser rett ned i støda vår frå stoveglaset, og i løpet av sommaren er det mange som er der i seine kveldstimar og brenn bål og kosar seg.

sår

Det er berre så dumt at ein absolutt må rote så mykje! Ein skulle tru det var ei smal sak å rydde etter seg! Og kvifor i alle dagar må ein absolutt knuse glasflaskene etter at ein har tømt dei???

Det er også lov å rydde opp eingongsgrillar, plastposar, ketchupflasker og ølboksar. Please….

Vi blir så glade når vi ser at folk kosar seg i fjøra vår, men vi blir like lei oss kvar gong vi ser at dei ikkje ryddar etter seg…

I dag fekk vi endeleg sol på Sunnmøre og dagen vart tilbragt i fjøresteinane. Noko som resulterte i at minstesnuppa skar seg på glasbrot to gongar; eit djupt kutt på lissjetåa og eit kutt på hælen. Eg tok sjølvsagt ikkje bilete av såra og alt blodet, men lånte heller dette biletet av denne fotokunstnaren.

“Frå alle sår kjem det eit arr, og alle arr fortel ei historie. Ei historie som fortel at eg overlevde”.

Jaudå, minstesnuppa overlever nok desse såra. La oss berre håpe at alle som er glade i å bruke den flotte naturen vår også har vit til å rydde etter seg!

Det var dagens peikefinger, folkens…..

3 kommentarer:

  1. Viktig innlegg det der..
    Og det sitatet der var svært innhaldsrikt!!!!

    SvarSlett
  2. Å knuse flasker er en uting, og er det et uhell kan man i det minste rydd opp etter seg.
    Å skjære seg er jo ikke noe godt.
    Får håpe at folk rydder mer etter seg!!
    God helg :O)

    SvarSlett
  3. Ja!!! Eg er samd. Greinaløyse, altso...!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!