søndag 25. juli 2010

Gardsbesøk!!!

I dag har vi besøkt Erdal gard, ein besøksgard ikkje så langt frå der vi bur! Dei to eldste gledde seg til å sjå alle dei spennande dyra…

Erdalen

…medan minstesnuppa gledde seg aller mest til å treffe att bestevenninna frå barnehagen, som er så heldig at ho bur på denne garden! Gjensynsgleda var stor for begge jentene!

erdalen1

Dei små kyllingane klarte å sjarmere oss i senk, og eldstemann har no store planar om å starte opp att med høns her på garden!!!

Erdalen2

Ei moskusand som bada i ein sinkbalje fekk litt ekstra pleie denne dagen! Minstesnuppa og bestevenninna skrubba henne på ryggen med ein kost, og det såg jammen ut til at ho likte det!

erdalen3

Som seg hør og bør når nokon har bada, måtte baljen skrubbast skikkeleg! Minstesnuppa gjekk laust med kosten og jobba hardt for å gjere reint! Eg er sikker på moskusendene sette pris på ekstra service!

erdalen4

Der var forsyne meg ei lita klatremus på garden òg!!!

Vi storkosa oss i det nydlege sommarvèret denne julidagen, og vil absolutt oppmode alle om å ta turen til Erdalen gard på besøk! Link til Facebook-sida deira finn du her.

Tusen takk for oss – vi kjem tilbake!!!

1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå at det finnast besøksgard nærare enn på Vigra:-) Er så koseleg å kunne ta slike turar på fine sommardagar. Har heilt sansen for ideen om høns;-) Me har no fem høner og to hanar, men kun ei som legg egg enda. Vurdere å kjøpe kyllingar av Skånsk blommehøns også, ein i Ørsta som har kyllingar no:-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!