mandag 8. februar 2010

Underleg…

Å undre seg over naturen er ein menneskeleg eigenskap eg set stor pris på. Heldigvis har ungane mine slike kvalitetar!

♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

Etter å ha vore innandørs med spysjuka i dagesvis, fekk Johan endeleg lufte seg ein tur ut. Han la seg rett ned i snøen, kika på fjella og sola og berre tok inn alle inntrykk. Brått kom han inn att til meg og sa at eg måtte skunde meg ut med fotoapparatet. Han hadde sett eit mirakel!

♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

Bak eine hjulet på leiketraktoren var det ein istapp som såg ut til å vekse oppover! Den har vel mest truleg vore fast i traktorhjulet og landa i snøen då Johan rulla hjulet framover. Men akkurat der og då brydde vi oss ikkje med å tenke så realistisk! Det var mykje meir spennande å tenkje på det som eit lite kvardagsmirakel!

004

Vi vart så oppslukt av alt dette vakre vi såg, at det vart mørkt før vi visste ordet av det. Då kom månen opp bak fjella og kasta det kalde og trolske lyset over oss.

Takk og lov at vi har ungar som viser oss alt dette vakre!

♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

“Så underlig det er å stå og fryse i måneskinnets ensomhet en kveld og kjenne kulden fra det døde lyset og være levende allikevel.”

Inger Hagerup

 

4 kommentarer:

  1. Takk for kommentar på bloggen min. Trur livstegna fra meg skal komme litt oftare:)
    Vakkert vakkert bilde dokke fikk tatt.. Eit skikkelig godt naturbilde..:)

    Kristin

    SvarSlett
  2. ja du kan så si...det er ungene som mange ganger ser alt det vakre vi tar som en selvfølge..klem fra nord, som har fått minus grader igjen..

    SvarSlett
  3. Det var ett litet mirakel det der.
    Istappen var så fin.

    Ha ei flott tirsdag.
    klems.

    SvarSlett
  4. Det gjør hverdagene så mye rikere; barna som... ja, nettopp ser istapper vokse oppover :)
    Nydelige ord og vakkert bilde!

    God uke fra meg♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!