tirsdag 2. februar 2010

Framsteg…

Det har vore tallause koppar solbærtoddy i heimen siste vekene. Den eine sjuka har avløyst den andre, men no ser det kanskje ut til å snu.

001

I dag er eg heime frå jobb på andre dagen, og det er meir ei pinsle enn ei glede. Samvitet er heile tida på jobb og tenkjer på alt eg burde gjere som alle andre no må gjere for meg. Får dei vikar? Finn vikaren fram i papira mine? Forstår han planane?

Men, jobb får vere jobb, og helse får vere helse! Eg prisar dagen og sola – glad og lukkeleg for at det går framover og at eg kjenner meg friskare for kvar time som går!

007

Det er også framsteg på vèrfronten! Etter ei helg med enorme snømengder og sterk vind, ser det endeleg ut til at vi får ei fin periode med mykje sol og stabile temperaturar! I formiddag sat eg forankra i vindaugskarmen og kosa meg med utsikta. Når energien forhåpentlegvis stig utover dagen, skal eg og bofsen gå oss ein lang og herleg tur.

015

Orkidèane mine har visst fått med seg at det går mot vår. Bristeferdige knoppar strekkjer seg mot lyset og sola.

013 

Glaskarmane mine var triste og tome etter at alle juleplantene vart kasta ut, men no gleder deg meg at dei vekkstua orkidèane tek til å blomstre att!

019 

For dei som støtta meg grenselaust då eg lanserete siste strikkeprosjektet mitt, så kan eg heldigvis fortelje at det går framover på den fronten òg! Sakte, men sikkert veks OL-gensaren fram! At det berre er ti dagar til OL affiserer meg ikkje i det heile….. Gensaren blir ferdig når den blir ferdig – OL eller ikkje!

“Fremskritt er virkeliggjørelse av utopier.”, sa Oscar Wilde, og det kan han jammen ha rett i! Eg trudde det var utopi at eg nokon gong skulle driste meg til å strikke ein gensar! Det var kanskje utopi at eg skulle ta til å strikke i det store og det heile, men her sit eg altså, med strikketøy mellom hendene og kosar meg glugg ihèl!

Takk og lov for framsteg -

både på den eine og andre fronten…

5 kommentarer:

  1. Tenkje genseren verte veldig bra:-)
    Sit sjølv med eit babyteppe...håpar det vert ferdig før vinteren er over. Eller helst før prinsessa som skal ha det sluttar med teppe...
    Kos deg i herleg vinterver, Og tillukke med alle framsteg.
    Gratulere så mykje med prisen for årets mammablogg, det fortjente du!! :-)
    Klem Asbjørg

    SvarSlett
  2. Du har verkeleg ei fantastisk utsikt. Det er så vakkert på møre. Den halvparten av meg som er sunnmøring får litt lyst å flytte nordover når eg ser dei fine bildene dine :-)

    SvarSlett
  3. Off, ikkje godt å vere sjuk. Vi har hatt vår runde med dei fleste basseluskar no i vinter, men no trur eg vi er ferdige for denne gong.

    Lykke til vidare med strikkinga di, det er kjekt å sjå at ein får til noko som ein trudde var uoverkomeleg.

    ha ei fin veke, Tove

    SvarSlett
  4. åh...flere syke...ja æ å...du, for ei vakker utsikt du har...nydelige blomster..og har sjøl noen orkideer som e klar førr å komme ut....ha god bedring....ps...koppan dine likte æ ..

    SvarSlett
  5. Nyter den utskikta med deg eg.
    Ser så herligt ut.
    Blå himmel og så havet som viser seg litt.
    Her er Nuguren gjenomfrossen så det er ikke mye vann å se her enda.

    Gensern blir klar den, skal bli artigt å se den ferdig.
    Kan ikke strikke sjöl så eg nyter andres arbeid.

    Nå må du ha god bedring og kose deg i fineväret.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!