tirsdag 2. februar 2010

Sterk blogganbefaling…

På bloggen min har eg tidlegare skrive om kor brått og uventa livet kan snu. At det tek vendingar vi aldri kunne forutsjå eller vere budde på. Bloggen eg så inderleg vil anbefale i dag, handlar om nettopp dette. Den handlar om endelaus kjærleik, sjukdom, sorg… – og om endå meir kjærleik.

jannetove1

(takk for lånet av bilete)

Janne Tove skulle leve eit langt liv ilag med sin kjære. Brått vart alt endevendt av ein sjukdom som skulle gjere slutt på alt. Alle dei gode stundene, den gode praten, den inderlege kjærleiken, framtidsplanane og draumen om å verte gamle ilag.

jannetove2

(takk for lånet av bilete)

På bloggen sin, “Tanker i tiden”, fortel Janne Tove om dei tunge stundene ho har vore gjennom. Men til trass for sorg, smerte og uendeleg sakn, ligg der spor av håp, glede og framtidstru mellom linjene.

jannetove3

(takk for lånet av bilete)

Det som gjer at eg anbefalar alle å lese bloggen hennar, er at ho i det siste har sett ord på noko som mange har vanskeleg for å akseptere. Noko som kanskje endåtil har vore sett på som tabu, uakseptabelt og respektlaust. Ho fortel om det å finne kjærleik på nytt. På ein rørande måte skildrar ho det å skulle gå vidare i livet og om det å ha funne kjærleik på nytt. Det er vanskeleg å skulle handtere både kjærleik og sorg, men det blir ikkje akkurat lettare av sårande og tankelause kommentarar og skrå blikk.

jannetove4

(takk for lånet av bilete)

Eg trur ikkje at vi menneske er skapte til å vere åleine. Nokre få likar sjølvsagt å berre ha sitt eige selskap å forhalde seg til, medan andre som av ein eller annan grunn har vorte åleine, ventar på ein ny å dele livet sitt med. For det er det det handlar om; Å HA NOKON Å DELE MED! Eg vert glad av å høyre at Janne Tove har  plass til fleire i hjartet sitt. At ho har kjærleik nok til fleire. Det betyr ikkje at hennar fantastiske Bjørn er gløymt eller utviska frå minnet. Eg er sikker på at ho har alle minna om Bjørn, alle kjærleiken dei delte, alle gleder og sorger, godt gøymt og teke vare på i ein gullkanta del av hjartet sitt.

Livet har så uendeleg mykje glede å by på. Og så uendeleg mykje sorg. Janne Tove har opplevt heile registeret, og då er eg glad for at ho no har nokon som kan gå ilag med seg, side om side, og vere hennar nye hjarteven.

Eg veit at det er mange i same situasjon som Janne Tove. Mitt ynskje er at dei får oppleve støtte og gode klemmar, og ikkje kalde skuldre og sårande ord.

Ta deg ein tur innom bloggen hennar og les tankane ho deler med oss. Eg trur vi alle har noko å lære….

Bloggen finn du her.

4 kommentarer:

  1. Snufs... Ei flott anbefaling Tove! Eg har lese bloggen til Janne Tove frå starten av, ho er ein god skribent som får oss til å tenkje. Tenkje på kva som er viktig i livet, virkelig viktig. Lat bagatellane vere akkurat det, og la dei ligge. Og motet hennar, heilt ubeskrivelig.

    Helsing Tonje

    SvarSlett
  2. Takk kjære Tove, eg er så glad for at du nevner dette også på din blogg slik at budskapet kan spreiast. Eg er sikker på det sit mange enker/enkemenn rundt om og føler på akkurat dette problemet.
    Håpar du får ein fin dag og god betring kjære du:-)
    Klem Janne Tove

    SvarSlett
  3. Hei Tove.
    Det er en stund sen eg var inom deg nå.
    Du skriver så fint om så näre ting.
    Skal ta meg en tur inn til Janne Tove og lese.
    Tusen takk for anbefalingen.

    Sender en klem fra snöuväret her nede.
    Synnöve.

    SvarSlett
  4. Takk for at du også bringer dette budskapet vidare.

    Med helsing Camilla

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!