mandag 3. november 2008

Tøff dame, tøff kamp - ei forteljing om mot, styrke og endelaus beundring.

Dette innlegget var publisert på bloggen min tidleg i sommar, men no er det på tide å vise det ein gong til. Dama eg skriv om er ei eg kjenner godt, og som får smake på livet sine oppturar og nedturar kvar dag.  Vi kjenner alle nokre som må kjempe litt tøffare kampar enn andre - dette innlegget heidrar alle dei!

Livet har det med å ta vendingar vi ikkje ventar. Ofte til glede, like ofte til sorg. Ingen av oss veit kva som ligg og ventar på oss. Makteslause lyt vi ta imot det livet byd på. Nokre må dessverre kjempe tøffare kampar enn andre. Må oppleve meir sorg, meir mismot og meir botnlaus fortviling enn andre. Vi kjenner alle nokre. Kanskje er du ein av dei sjølv. Ein av dei som vaker om natta, full av uro og bekymring. Ein av dei som veit at framtida er usikker og som legg all sin energi i å gjere kvar dag meiningsfull. Ein av dei som kjenner at livsmotet forsvinn og som har lyst å gøyme seg for kvardagen. Ein av dei som gret når ingen ser det.

Det er slike menneske vi må gripe fatt i, som treng at vi ser dei. Som treng eit ankerfeste når det stormar og bles. Eg kjenner ei slik dame. Ho kjempar ein kamp tøffare enn eg har forstand til å sette meg inn i. Ho kjempar for seg sjølv, og for han som har vunne hjartet hennar. Samanlikna med henne vert eg liten og kampane mine små og uviktige. Og i møte med henne vert eg feig og unnvikande. Vi snakkar om vèr og vind, ungane våre og om livets små og store trivialitetar. Men eg klarer ikkje å uttrykke det eg har aller mest lyst til å spørje om. Orda set seg fast i halsen og motet sviktar. Kanskje fordi eg skammar meg over all glede i mitt eige liv. Kanskje fordi eg fryktar svaret og er redd for ikkje å kunne hjelpe eller seie dei rette orda til trøyst. Eg ser sorga i auga hennar. Men eg ser òg det store motet og all styrken som openberrar seg når ho pratar. Energien som sitrar under huda og den endelause beundringa når ho snakkar om den kjæraste ho har.

Eg beundrar henne. Ord vert fattige i forsøket på å skildre kvalitetane hennar. Ho veit ikkje om kampen kan vinnast. Men ho veit at det er dei små augneblinka som er store. At det er dagen i dag som er viktig. Eg hadde vore eit mykje betre menneske om eg hadde litt av all styrken og motet hennar. Då hadde eg kanskje spurt henne rett ut om korleis ho har det, korleis ho taklar alt som skjer. Eg vil ikkje vere feig, eg vil at ho skal vite at eg bryr meg og at har henne i tankane kvar dag.


Kjære Du; som ein skinande vakker blome stråler du -

som eit symbol på livsmot og kraft.

Vi har alle noko å lære av motet ditt.

Måtte du vinne kampen.

Eg beundrar deg.

PS! Biletet øverst i innlegget har eg lånt av Lena Bratteberg, ein fantastisk hobbyfotograf frå Ørsta. Biletet har eit fantastisk uttrykk som eg meiner passar til forteljinga mi.

27 kommentarer:

  1. Eit nydeleg og tankevekkande innlegg...

    SvarSlett
  2. Takk for nok eit flott innlegg. Du set ord på mykje av tankane som eg går rundt og ber på. Det er mange kampar som må overvinnast, både små og store. Det er så mange skjebner rundt omkring, og så mange som treng eit trøystens ord. neste gong eg ser eit slikt menneske skal eg gje ein bit av meg sjølv, vise at eg er eit medmenneske som bryr meg.

    Takk for tankevekkaren

    SvarSlett
  3. Nydelig skrevet Tove! Men noe sier meg at du er en person som er vledig flink til akkurat det å være et medmenneske:-) og jeg tror nok at venninnen din føler støtten og hjertevarmen din i tunge stunder. Du skriver så VAKKERT!
    Varm kveldsklem fra Gry

    SvarSlett
  4. Nydelig bilde og nydelige ord ......Du er nok en kjempegod veninne for denne personen !

    Klem til deg for det ! :)

    SvarSlett
  5. Ej he ei slik venninde også.. kan være same dama for alt ej veit... Ørsta er ikkje sååå stor.. kan tenkje mej at bak alt "motet" ligg mong ein fortvila tanke, og mang ei tåre på lur, det er ikkje så lett å skulle være 'den sterke' når ein sjøl er så djupt fortvila. Anbefalar deg å seie det du tenkjer til ho, det vil nok verte satt pris på skal du sjå.. av og til vil vi ikkje bry andre med tunge tankar(hennar tankar)... men om du byr deg fram og let ho få fortelle, vil det nok gjere henne godt skal du sjå.
    lykke til! :)

    SvarSlett
  6. Vakkert skrevet Tove, virkelig.
    Og jeg som har noen transplanterte å, blant mine bloggvenner vet hva det vil si å ta helsa for gitt, For det er det vi gjør vet du. Tar ing for gitt, og syter over små trivialteter...

    SvarSlett
  7. Vakkert og tankeveekkert skrevet. Det er viktige ord du setter ned på papiret. Vi skal være glad for den glede gir oss, men det finnes alltid noen som kjemper mer enn andre. Kjenner også godt noen. Og for meg er det viktig vise at jeg bryr meg:O=)

    Nydelig Tove)

    Klem Kerstin

    SvarSlett
  8. Mmmm tankefullt. Du har ett vanvittig lag med ord! Vi har alle noe å lære - og jeg forsøker tappert å være den som skal bry meg mer Om og ikke med! Ønsker deg en herlig dag. klem Monalisa

    SvarSlett
  9. Dette kjente jeg litt på.
    Er vel litt av deg og litt av henne...tror jeg.
    Ikke så enkelt til tider, å dette med å være tilstede for hverandre, eller for spesielt de som "ikke roper høyest",er utolig viktig. Mennesket er laget på mange måter, å jeg tror at har man trått ned i grøften flere ganger, men kommer seg opp gang på gang, viser en seg selv at en mestrer, men samtidig blir man sliten av å skal mestre hver eneste dag. Jeg kjenner saltsmak på kinnet mitt nå, å etter at jeg ble mor, blir jeg mer og mer neppentåren..som vi si her nord. Det kan du lese om i et av innleggene mine:) Tror du er et flott menneske som bryr deg om..å det er utrolig godt-vondt å være ett sånt menneske...ha en fredfull og flott dag.
    Klem fra nord..som må tørk tåran på morran:)....(e det mulig si æ bare)

    SvarSlett
  10. Så vakkert, vakkert skreve! Eg håper at denne dama les desse vakre orda, og eg trur nok at du er ein slik person som viser omtanke sjølv om du ikkje spør dei orda du føler set seg fast i halsen, sjølv om du ikkje trøstar. Mange gangar kan det vere godt berre å snakke om nettopp dei kvardagslege tinga, samtidig som ein veit at det er nokon som tenker på seg, og som backar opp inni mellom dei tøffe taka.

    Det ER lett å ta livet for gitt. Og då treng vi slike tankevekkarar for å minne oss om at det er eit dyrbart liv, og vi må nyte kvart eit sekund!

    SvarSlett
  11. Hej Tove!!!!
    Det du skriver är vackert,,men berätta før din väninna om dina tankar.....är själv i en sits som många undviker......vet inte vad dem ska si till mig.....så ensamheten blir stor....alla jobbar istort sett idag.....själv har jag kämpat i 3 år vännekretsen blir mindre.......så prata med din väninna det gjør både dig och henne gott....tror jag själv skulle jag blivit glad.....orkar inte alltid själv och ta en telefon....men blir glad när någon ringer mig.....
    Kram
    Mia

    SvarSlett
  12. Hej igen!!!!
    Glømde och si vilken fin sida du har, läser den ofta....
    Kram igen från
    Mia

    SvarSlett
  13. Hei Tove.

    Du skal ikke gå rundt å ha dårlig samvittighet. Vi er alle slik.. vi våger ikke snakke om sorg.. fordi det gjør vondt. Du trenger ikke si så mye, det er nok med en god klem. Nærhet er det vi trenger mest i slike situasjoner..både den som kjemper og den som er hjelpesløs tilskuer.

    Klem fra meg til deg.

    SvarSlett
  14. Veldig sant, og du skriver så godt Tove!!!!!
    Vi kan alle bli bedre, og jeg kjenner jeg ønsker det for meg, og ønsker det for mine barn...

    Ha en god og fin dag:)

    SvarSlett
  15. Må innrømme at ei tåre fell ned på tastaturet...hmmm Nydelege ord!

    Kjenner meg att...

    SvarSlett
  16. Hei Tove:)
    Innlegget du skriv er verkeleg noko å tenkje på. Vanskeleg med ord når ein så inderleg gjerne vil vere der for nokon. Trur ikkje det ein seier er så viktig, men berre det å vere der, stoppe å prate om alt og ingenting eller eit smil. Skal ikkje så mykje til alltid.


    Tusen takk for koseleg helsing:). Silje kjem heim til JUL, Jippi:)) 10. desember landar ho på Hovden, og får vere heime i 5 veker. Eg gleder meg så mykje til det!! Berre det å få gitt ho ein god Mammaklem:), vanskeleg det over internett. Men for all del, vi ser kvarandre kvar einaste dag:) Brukar SKYPE, så det er viktig. Prioriterar tida mi litt etter hennes timeplan:) Kanskje litt snodig men, ho er sola mi veit du:))og saknet er stort. Ho vaalte å dra dit bort for å kunne kombinere toppidrett med ei utdanning.

    Anbefalar absolutt ein USA tur. Eg og mammen var der ifjor i november, berre ein snartur, men alikevel. Eit land som appelerte til meg. Vi drar tilbake i mai, så gjett om eg ser fram til det:)

    Nyt dagen Tove
    Klem frå Lill

    SvarSlett
  17. Eg las dette innlegget sist også, men det rørte ikkje mindre ved meg denne gongen... Du er ei gode jente Tove, eg trur at vedkomande set stor pris på at du seier det som ligg deg på hjartet. Det kan kanskje gje henne ekstra styrke i ein elles tung kvardag?
    Elles var det kjekt å sjå at refleks-historia di har vekt slik merksemd! Eg var ute på biltur i går og møtte på fleire som brukte refleksvest -då tenkte eg på deg:) eg tenkte at dei sikkert hadde lest innlegget hennar Tove i Møre-Nytt :) Refleksvest er forresten så utruleg mykje enklare å få auge på enn ein liten runding på hofta...
    Ha ein fin dag Tove!
    P.S: Er du opptatt på kveldstid denne veka?

    SvarSlett
  18. Der kan du sjå, skrivefeil sjølvsagt:)) Eg og mannen var der i fjor

    Sooory

    SvarSlett
  19. Du GODE min! Dette er det mest utrulege eg har lese!!!! Er i akkurat same situasjon som deg, berre at det gjeld ei mor som kjempar for den vesle gode guten sin. Skal vise henne innlegget!! tusen takk for NYDELEGE ord!! Dette betyr meir en du anar!

    SvarSlett
  20. Du skrive berre so nydelig Tove-rett frå hjertet, og bruka alle dei rette orda... Sitte og grine, sjølv om ej he lest ditte før. Alt traff mej der det va meint. Vil berre sei at du av alle heilt sikkert he veldig mykje å gi til venninda di, så du skal ikkje vere redde for å spørre ne. Av erfaring veit ej at det e frå dei personane en virkelig kjenne en vil ha spørsmål om kor en egentlig he det i en vanskelig situasjon. Kanskje fe ho det frå veldig mange andre som ho ikkje føle for å utbrodere ting til. Gi ne di støtte, og din varme Tove! Det trenge ho, og fortjena ho. Klem:)

    SvarSlett
  21. Det ligger en hilsen til deg på sida mi om du vil ta imot.... hei og hå fra meg

    SvarSlett
  22. Nydelig skrevet innlegg, fikk gåsehud faktisk ;) Noe å tenke på for de fleste av oss vil jeg tro.

    SvarSlett
  23. Eg vart like grepen av dette innlegget denne gongen som sist eg las det...
    Det er Ida i Idas little corner of the world...
    Ynskjer deg og dine ein fin kveld, Klem

    SvarSlett
  24. Bra och fint skrivet.:-)

    SvarSlett
  25. Ho-ooi!
    Eg vart besøkande nr.25.000!! Gratulerer med eit kvart hundre besøkande!
    Eg har eit par utmerkingar til deg på bloggen min, du har dei nok frå før, men her får du dei på nytt frå meg:)
    Beklagar at eg ikkje har gitt deg tilbakemelding på treff, vi vart litt sett ut av eit uvelkome magevirus på mandag...
    Trur vi gjorde oss ferdige med det i går, men har haldt oss heime i dag også.
    Så då veit eg ikkje kor du stiller deg til å kome på besøk i morgon? Eg har vaska og desinfisert omtrent heile huset, og trur at det no skal vere bortimot smittefri sone;)
    Det passar for Laila:)

    SvarSlett
  26. Dette var et veldig, veldig fint skrevet innlegg.

    Ønsker deg en god dag!

    SvarSlett
  27. Utruleg gripande innlegg, ein verkeleg tankevekkar... Vi kjenner vel alle nokon som har det vanskeleg og veit kor usikre vi er på kva vi skal seie og gjere.. Men det viktigaste trur eg er at vi viser at vi bryr oss, at vi ikkje snur oss vekk og krysser gata, men at vi møter dei. Trur vi alle har godt av å få sett våre som oftast små kvardagsproblem i eit anna perspektiv og sjå kva som er viktig her i livet..

    Vil også seie at du har ein utruleg flott blogg tove, har følgt med og lest litt siste tida, og du var ein av dei som inspirerte meg til å lage min eigen blogg :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!