onsdag 5. november 2008

Nu er det dags....

På laurdag er det endeleg opning av fotograf Ma Ortiz sitt nye studio. Ein snill bestefar og ein grandonkel har lete henne pusse opp den gamle skulestova i bygda. Her har gamle pultar vorte erstatta med moderne fotoutstyr. Den gamle skulehistoria sit framleis i veggane, men gir likevel rom for nytenking, kreativitet og skaparlyst. Ma og hennar næraste og kjæraste har lagt ned eit utal timar for å gjere bygget om til studio.

034 

På fyrstkomande laurdag inviterer Ma til ope hus i studioet sitt. Skal tru kven som lurer bak gardina frå kontorvindauget då? Her skal Ma tenke ut nye prosjekt, studere bileta ho har teke og ta imot kundar.

082

Det lyser nok i Ma si lykt på laurdag. Denne lykta ynskte elevane velkomne til skule i 50  år. Same lykta vil ynskje Ma sine kunder velkomne til fotografering, eller berre for å drøse over ein kopp kaffi. Ma har ei heilt eiga evne til å få folk til å kjenne seg heime og praten sit laust.

047

Det er vel ikkje vanskeleg å forstå at denne dame og dei skjønne ungane hennar vert eit friskt pust i bygdekvardagen? Ma er komen attende til røtene sine og eg vonar ho får solid rotfeste her.

024  040 042

Alle eventyr har gode hjelparar, det har også Ma sitt eventyr. Desse skjønne hjelparane set prikken over i`en i Ma sin kvardag og har kvar på sitt vis mykje av æra for at studioet framstår som det gjer i dag. Ma sin stolte bestefar, Sigurd,  kosar seg midt i all ståheien.

020 

Løyndomsfulle kjærleikserklæringar vart nøye studert og dokumentert før kvitmalinga fjerna dei for alltid. Der kjem kan hende nye....

030

Inngangspartiet ser ikkje heilt slik ut i dag. Noko er flikka på og noko er bytta ut.  Men om du tek turen innom Ma på laurdag, vil du nok oppleve  at velkomsten er like innbydande som den alltid har vore i skulestova. 

Eg vil med dette oppmode alle som bur i nærleiken om å legge turen innom studioet til Ma på laurdag mellom kl. 13 og 17! Dette vert ein spennande dag, både for fotointeresserte og historieinteresserte! Dersom du bur for langt unna, kan du sjekke ut Ma sin blogg. Der får du sjå korleis den gamle skulestova har utvikla seg til å verte eit moderne fotostudio!

Og til Ma; GRATULERER SÅ MYKJE MED REALISERING AV DRAUMEN DIN! Du er ei viljesterk, positiv og fantastisk dame som eg har stor respekt for! Eg ynskjer deg lukke til med opninga på laurdag - OG MÅTTE JOBBANE STRØYME PÅ!

9 kommentarer:

  1. :)
    JA, ej såg Ma i dag på butikken, ho stråler som ei sol..... dette får ho til!! :)

    Ellers Tove skal du ha takk for visitten, og takk for at du likte mitt hjerte-sukk... slit litt med å mysse så monge rundt meg som står meg så nær.. men (sukk) sånn er livet, det gjer mej litt nedtrykt! Men der er so monge gleder også, så ej får fokusere på dei.
    Du er i allefall flink til å ta vare på dei rundt dej. det skal du har!!

    Monica S

    SvarSlett
  2. eller berre HA.. ikkje har ;-) hehe

    SvarSlett
  3. Flotte bilder hun tar. Nesten litt Anne Geddes inspirerte noen av dem. Tøft og annerledes.

    SvarSlett
  4. Dette hørtes veldig spennende ut!!!Skulle ha bodd litt nærmere!!!Du får kose deg du!
    Lykke til til Ma!!!

    KlemIngunn

    SvarSlett
  5. Har vært innom bloggen hennes sånn no og da og fulgt med. Beundrer folk som står på og realiserer drømmene sine! Håper virkelig hun lykkes for hun har flotte bilder.

    Du får ha en fin dag, jeg kommer nok innom igjen og leser. Du har en slik fin og tankevekkende måte å skrive på som gjør at jeg bare må innom.
    Igjen...ha en fin dag:)

    SvarSlett
  6. Trodde jeg hadde sendt deg en melding om at jeg hadde en hilsen til deg hos meg, men det ser ikke ut som om du har fått den.....vil du ta imot?

    SvarSlett
  7. Innom for å ønske deg god helg Tove :o)

    Varm klem fra Vibeke

    SvarSlett
  8. Skjønne nydelige Tove.
    tusen tusen takk for slike gode ord!!

    Er heilt rørte, ej...

    Dagen i går var enorm, det var så å seie fullt hus p åopen dag, og det var utruleg kjekt at så mange kom..

    Men du mangla... Så utruleg trist du blei sjuk!!!
    Men det skal no være sagt at vi sakl ta det igjen!!
    vi kan drikke champis ein annan dag.

    Ønske deg god bedring, min venn.

    Stoor klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!