fredag 7. november 2008

Eg bøyer meg i støvet....

...og takkar så mykje for all positiv respons eg har fått på bloggen min i det siste! Noko kjem i form av tekstmeldingar, e-postar og folk som stoppar meg på  gata - eller så kjem responsen som kommentarar på innlegga min. For ikkje å snakke om dei flotte utmerkingane eg har fått!

hjertebamse 

Denne skjønne karen med favnen full av roser, er ei helsing til alle som på ymse vis set pris på det eg skriv på bloggen min! Det er all denne responsen som gjer at eg finn tid og energi til å skrive meir!

award19

Denne flotte utmerkinga fekk eg av Strikkeline med bloggen Monicas. Tusen takk, kjære deg - dette set eg stor pris på! Har lyst å gi den vidare, må berre tenkje litt på det fyrst!

award20

Line i Kvardagsliv i Storemyra har designa denne utmerkinga og gitt den til meg og Astrid i Frå eit A4-liv. Høyr berre kva ho skriv om oss i bloggen sin:

"I min bloggrull er det to flotte, hjertevarme damer som eg synest spesielt utmerkar seg med si kreative skriving....Dei kan verkeleg å komponere tekstar, har flotte & vare skildringar og tekstane er ofte så levande at eg "ser" episodane for mitt indre auge...

Når eg ser at dei har nye innlegg skundar eg meg inn for å lese, og det er ikkje EIN gong eg enten ler, smiler, nikkar gjenkjennande, vert rørt til tårer eller tårene trillar pga at triste episodar vert skildra på ein var og fin måte. Det er ei rein fryd å gå på besøk til dei.... No når eg har fått meg eit nytt "leiketøy"" på datamaskina mi, så har eg laga ei utmerking til desse to skjønne damene som eg set så utruleg pris på å ha fått etablert eit bloggvenskap til. Begge to kjem frå mine heimtrakter, og Tove er og min tremeining og barndomsvenninne...

Versågod Tove og Astrid, denne utmerkinga er velfortjent til dokke begge to:0) Og det finst ikkje tvil i mi sjel om at dokke ber på ein forfattar i magen;9)"

Det er så stort at Line skriv dette, for ho set verkeleg fokus på det vi skriv! Tusen takk, kjære Line! Dette rørte meg til tårer...

award18

Ei vakker utmerking frå ei flott dame! Liv Elin i bloggen Husrom & Hjerterom har beæra meg med denne, og det seg eg stor pris på! Dette skriv ho:

"*Tove fra :TANKAR FRÅ EIN KVARDAG - ei jente med mange gode og inspirerende ord om glede og alvor , hverdag og familieliv , hus og heim....I tillegg tar hun også SÅ vakre bilder! Ser du allerede har fått denne fra før - men ville gi deg den likevel !;)"

Det gjer ingenting at eg har fått denne før; det er fyrste gongen eg får den med deg! Det varmar å lese det du skriv om bloggen min...

Eg har endåtil vore så heldig å vinne trøstepreime i ei utloddning som Bodil i Morse Farm  hadde.

kleklyper

No vert det stas å henge opp klesvasken. Må berre ha litt klestørk først.... Tusen takk, Bodil!

Eg ynskjer alle blogglesarane mine ein strålande fredagskveld, og igjen:

TUSEN TAKK FOR POSITIV RESPONS!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!