fredag 7. november 2008

Familiens filmstjerne i reprise - VILLHESTEN!

I 1993 var den skjønne og talentfulle systra mi så heldig å få hovudrolla i familiefilmen "Villhesten". Filmen vart ein suksess over heile landet, og Linda fekk smake på berømmelse og filmstjernestatus! Denne helga (laurdag) skal filmen gå i reprise på Volda kino.

villhesten

Dette er den tyske filmplakaten.

Fakta om filmen: Tolv år gamle Ragnhild (Linda Digernes) høyrer ei segn om ein galen hest som for lege sidan rømde til fjells. Ei natt høyrer Ragnhild lydar, og ser ein stor svær skapnad som trampar omkring i tunet. Like etterpå er dyret borte. Ho fortel andre om kva ho har sett, men ingen vil tru på henne. Ho fer derfor opp på sætra og bur i selet til familien. Kanskje kan ho få sjå den svarte hesten att? Saman med vener ventar ho på hesten. men der er mange farer i fjellet. Haustjakta har byrja, så kanskje vert også hesten skoten? Filmen er regissert av Morten Kolstad og produsert av Voldaselskapet VIPRO AS. Den er innspelt i 1994 i Volda og Ørsta, og det er mange voldingar og ørstingar med i filmen: Trygve Vassbotn, Berit Egset, Bella Sandvik, Arild E.Torgersen.

villhesten1

Bileta var tekne før den digitale tidsalder, difor litt grumsete kvalitet. Her er Linda på hesteryggen under filminnspelinga.

villhesten2

Linda ilag med filmbestemora, Bergljot Sandvik.

Dette skreiv media etter premieren:

  • «En nydelig film for hele familien. Flinke, unge skuespillere gjør opplevelsen levende og forståelig, mens de mektige Sunnmørsalpene danner en ramme rundt historien som man tidligere i norsk film aldri har sett maken til». – Fædrelandsvennen.
  • «En vakker historie om vennskap, natur, tillit, sjel og verdier. Puh! Dette trengte vi». - Sunnmørsposten.
  • «Regissør Morten Kolstad har med Villhesten laget en fantastisk historie fortalt med innlevelse og kjærlighet til menneskelige verdier og den ekstreme og vakre vestlandsnaturen. Et mesterverk!» - VG.

Det er nokre år sidan filmen var laga, men eg veit at mange ser filmen den dag i dag. Bodskapen er like aktuell no som då. Eg vil oppmode alle til å ta turen til Volda filmteater på laurdag 8/11.

(Håper du tilgir meg, kjære Linda, for at eg publiserer desse bileta...hi, hi!!! Er berre så stolt av deg!)

13 kommentarer:

  1. Så gøy! Skjønner godt at du er stolt!! NÅ skal jeg køye! Klem

    SvarSlett
  2. In the words of Meat Loaf:
    It's all coming back to me now...

    Ei veldig rar, men god kjensle at Villhesten skal visast på kino igjen.
    Åra har gått og mykje har endra seg sidan den gong. Men hadde eg fått lov til å gjenoppleve ein del av livet, hadde denne filminnspelinga vore førstevalget. Ei fantastisk oppleving, som rett nok krevde hardt arbeid og lange dagar. Som 12/13-åring var det til tider tøft og svært krevjande. Men eg hadde ikkje klart det utan deg, Frode, mamma og pappa!
    Så tusen tusen takk, for uendeleg støtte, oppmuntring og inspirasjon, både under innspeling og i livet seinare!

    stor klem.

    SvarSlett
  3. Du er så flink med bloggen din Tove. Ikkje rart at du får så mykje positiv respons og ros om den. Skulle ønske e var så flink...

    Artig at søstra di er kjendis da;) Tror faktisk eg huska denne filmer.
    ØNska deg ei fin helg
    Klem

    SvarSlett
  4. Huskar kjempegodt den filmen, eg var då fjorten år og kjende både Linda og Michael, og det var sjølvsagt kjempesvært :) Artig at den blir tatt fram igjen!!

    SvarSlett
  5. Hei

    He faktisk sett filmen for ikkje så monge år sida :) spennande!!

    Monica

    SvarSlett
  6. Så gøy at den vert sett på lerretet att:0)
    Den skjønne bamsen tek eg med meg og legg i sideelementa mine om det er greit...
    Skal til Volda neste veke, reiser sannsynlegvis oppover på torsdag!!
    Hadde vore koseleg om vi fekk til noko.
    Klem, Line

    SvarSlett
  7. Som hestejente var denne filmen veldig populær, og eg huska godt den blide jenta som hadde hovudrolla. Har lese boka også, fleire gongar. Så det er syster di altså, som var Ragnhild. Så artig då!

    Eg vurderte faktisk om eg skulle komme meg til Volda å få med meg filmen på kino att, men eg ser det vert dessverre berre med tanken, men rideklubben "min" skal iallfall stille opp med barneriding i forbindelse med filmen:)

    Ha ein god laurdag!

    SvarSlett
  8. Eg skal på kino i dag! :)
    Eg såg for nokre veker sidan at den skulle setjast opp att, og då var me berre nødt å gå å sjå. Hugsar at eg var heilt oppslukt av filmen då den kom, eg var berre 7 år og veldig oppteken av hestar! Eg har faktisk t-skjorta mi, med villhesten på, enda :)

    SvarSlett
  9. Den filmen hadde eg nesten gløymt! Gjekk i klasse på gymnaset med Linda, ho fekk av og til høyre kommentarar om Villhesten, stakkar. Men det er ein fin familiefilm som ho har all grunn til å vere stolt av å ha vore ein del av :-) No når eg veit kor du kjem ifrå, kan eg underskrive på at det er ein fantastisk plass å vere om sommaren!

    SvarSlett
  10. Oj, var det syster di?! Eg hugsar sjølvsagt veldig godt Villhesten, eller "Villjhestæ", som me sa når me la setesdalsmålet om til sunnmørsmål. Tøft. Ein ekte kjendis, iallefall blant hestejenter frå 1990-talet :-)

    SvarSlett
  11. Syns Villhesten skulle vært på DVD. Får ikke sett den ellers :(
    Så filmen når den ble vist på tv for lenge, lenge siden, fabelaktig fin film. Sukk.


    Lillian fra Nord- Norge

    SvarSlett
  12. Heisann, jeg bare fant denne bloggen rent tilfeldig og jeg syntes den var fin, bare så det er sagt.

    Så leste jeg dette innlegget og fant ut at Linda Digernes var navnet på hun som spilte hovedrollen i "Villhesten" (som er en film jeg var veldig glad i da jeg var yngre) og så er jeg sikker på at jeg så Linda Digernes i en tv-serie som kom ikke så lenge etter og vet du navnet på den serien? Jeg leter etter den nemlig, av rent nostalgiske grunner. Ellers, igjen fin blogg og god jul!

    SvarSlett
  13. Hei!
    Søndag 30. januar 2011 blir en historisk dag for Ørsta kino; Det blir den siste dagen det blir vist 35 mm film - 1. februar skal kinoen digitaliseres, noe vi gleder oss veldig til! Som en gave til vårt kinopublikum har vi bestemt oss for å vise VILLHESTEN denne dagen som en markering av at en epoke er over. Altså; søndag 3. januar 2011 blir VILLHESTEN vist på Ørsta kino, sannsynligvis for siste gang, og det blir en gratisforestilling! Følg med på www.orsta.kulturhus.no for detaljer

    Hilsen Bjørn Holum
    kinosjef Ørsta kino

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!