søndag 7. februar 2010

Bambus og bomull

For å vere heilt ærleg, så er OL-gensarstrikkinga noko einsformig. For å halde motivasjonen oppe må eg ha litt småtteri å strikke innimellom. Denne gongen fekk eg så lyst å prøve meg på strikka oppvaskklutar. Eg kjøpte tråd på Garnkroken i Ørsta, og sette i gong.

006

Eg la opp 40 maskar og strikka berre rettemaskar den eine vegen, og en rett/en vrang tilbake. Dette repeterte eg heilt til kluten var så stor som eg ville ha den. Eg brukte eit nøste til ein klut.

011

No skal eg til å strikke ein til, men då trur eg at eg skal legge opp 41 maskar, slik at både fyrste og siste maske blir rette. No opplevede eg at den eine kanten rulla seg litt inn, og det var den kanten der siste maske var ein vrang.

017

Tråden eg har brukt heiter “Føn”, og inneheld 30 % bomull og 70 % bambus. Bambus skal visst nok ha ein bakteriedrepande effekt, og det passar godt når ein brukar det til oppvaskklut.

Eg må innrømme at eg var litt skeptisk til strikka oppvaskklutar, men der måtte eg jammen bite i meg orda mine! Eg har ei svært blank benkeplate på kjøkkenbenkane mine, og det er alltid litt mykje styr å halde dei fine. Denne kluten vaska over dei og etterlet seg så godt som ingen våte “spor”! Den var lett å vri opp og luftig nok til at den tørkar godt etter bruk.

Så då er det berre å setje i gong å strikke ein til….

16 kommentarer:

  1. Bambus var nytt for meg! Det må prøvast! Her i heimen er det lenge sidan heimestrikka bommullsklutar vart ein favoritt. Dei er betre enn dyre microfiber også. Absolutt!

    SvarSlett
  2. Har strikket noen ,en er på gang og den skal gjøres ferdig . Har et prosjekt på gang om at ting må etter hvert bli ferdig og da må jeg ta meg selv i nakken. Er fornøyd denne uken med 2 ting som er ferdig. Babus var nytt for meg.
    Ha en fin dag.
    klem

    SvarSlett
  3. Jeg og var skeptisk til disse hjemmestrikkede klutene, men til slutt måtte jeg bare prøve, og i det siste har det blitt strikket mange :)

    SvarSlett
  4. Det burdte til og med eg klare alltså.
    Skal jammen det prove.
    Flott farge du har på din klut.
    Klems.

    SvarSlett
  5. Deilig farge! Eg har tidligare leita fleire plassar etter så tjukk bomullstråd utan hell så denne skal prøvast! At den i tillegg innheld meste bambus er berre ein bonus! Supermiljøvennleg ;o)
    Helsing Tonje

    SvarSlett
  6. Steisse so fine dei vart! Og så med så herleg lillafarge :) Bra arbeid der

    Eg MÅ få lært meg å strikke skjøna eg, får sjå om ho mor kan lære meg når ho kjem på besøk til helga :)

    Helene Løken

    SvarSlett
  7. Hei :) for en fin farge.. hmm dette tror jeg at jeg også skal klare.. dette skal jeg prøve tenke jeg...

    Ha en flott søndag :)

    SvarSlett
  8. Ikkje verste strikkedilla det der..
    Eg har laga slike i det siste.
    Eg strikkar 3rette og 1vrang, og til slutt på kvar omgang avsluttar eg med 1vrang og 1rett.
    då får dei slik stretsj kvalitet.
    Ha ei vakker veke!

    SvarSlett
  9. Ja du har heilt rett ...
    Antal eg legg opp må kunne delast på 4 og så ein ekstra maske (f.eks 41maskar)Strikkar alle omgangane på same måten.
    Vert veldig flott kvalitet på dei.
    Er ikkje så røynd eg heller :-)
    Lykke til!!

    SvarSlett
  10. Kjempeflotte kluter Tove :o) Må ha litt anna når en strikker store plagg :o)
    Ha en fin dag
    Smil fra Lill

    SvarSlett
  11. Kanskje eg og snart kjem over oppvaskklut-skepsisen min... Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  12. hm........dette skal jeg jammen prøve! - det høres ut som kjekt å gjøre når man sitter i solveggen på setra i påsken!
    Jeg gjorde det for ti år siden, men har ikke gjort det siden. Husker at jeg hekla rundt, fordi kantene rulla seg som du sier. og da gikk det bra - og det ble jo pent også!

    Jeg har nå starta permisjonen, - stresser litt fordi jeg tror jeg har glemt møter eller lage foredrag til kveldens møter eller noe sånt, men trenger kanskje litt tid for å skjønne at jeg har lov til å ikke stresse. Det har bare blitt en del av hverdagen min.

    Nyt livet!

    SvarSlett
  13. Bambus er berre heilt fantastisk å strikke med. Har strikka mange slike klutar, dei er berre kjempegode. No har eg kun slike i skuffa, alle dei kjøpte har eg kasta for lenge sidan.

    ha ei strålande veke i all snøen

    SvarSlett
  14. Slik har jeg strikket en oppvaskklut også, utolig godt å tørke av benken med så det blir garantert gjort igjen. ønsker deg en fin dag

    SvarSlett
  15. JEG LA VITTERLIG IGJEN EN KOMMENTAR HER IGÅR.... :(
    Hvor er den blitt av tro? Typisk meg og ikke få den med....
    Disse klutene av bomullsgarn, ikke visste jeg at de var så bra, men nå har jeg mange av dem og har gitt bort mange. Finns mange ulike typer garn som er godt egna....
    Likte så godt alle de fine koppene dine. Du har god smak! men så vet jeg at du like rå dekke fine bord og fylle stua med små og store gjester som får servert god mat!
    Flinke Tove! Strkk i vei, du e rkommet inn i en bølge..... artig med strikking!
    Klem fra Nunne...

    SvarSlett
  16. I dag reiste jeg og kjøpte bambusgarn jeg også, så nå skal det bli kluter til mor i morsdagsgave! Takk for tipset Tove:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!