lørdag 30. januar 2010

Mamma, magen min er opptatt!

Når Sina er mett og god, er mamma godt fornøgd! Sjølv om laurdagskosen ikkje bestod av anna enn spaghetti med litt attåt, så var ho strålande nøgd med kokken!

030

Vi kom oss aldri på handel i dag, og måtte sjå husfrua sine middagsplaner gå i vasken. Det gjekk snøras der vi brukar å køyre for å handle, i tillegg til at det kom så mykje snø at eg ikkje hadde sjanse til å måke ut bilen. Brøytepappaen vår har vore oppteken med å stanse trafikk i rasområdet, så han kunne heller ikkje kome og hjelpe oss!

045 

Dei to eldste er på overnatting hos bestemor (til trass for at frøken midtimellom har spysjuka!!!! Takk og lov for fantastiske besteforeldre!), så eg og minstesnuppa måtte kose oss som best vi kunne. Eg vrei hovudet godt for å finne ut kva vi kunne lage av nesten ingenting, og frysaren vart endevendt i jakta på høvelege ingrediensar.

031

Det einaste eg fann var ein pakke med frosne, ferdigsteikte kyllingbitar. Og når ein i tillegg har nokre tomatar, spaghetti og verdens beste olivenolje og balsamicoeddik, då kan ein minsanten lage god mat!

022

Eg kokte Barilla-spaghetti og småsteikte kyllingkjøtet i basilikumolje. Så finhakka eg tomat, salta litt og hadde på godt med olivenolje og balsamicoeddik. Etter åtte minutt var det berre å legge spaghettien på fat, slå over tomatsalaten, drysse over nokre osteterningar og legge kylligkjøtet over til slutt! Måltidet vart utsøkt, og både eg og Sina åt så vi vart stappande mette! Det er ikkje rart ho sa at “Mamma, magen min er opptatt!”, då eg spurte om ho ikkje hadde plass til litt meir!

042 

Det skal ikkje alltid meir til for å lage eit fantastisk måltid! Då kan snø vere snø og ras vere ras – mette og gode vart vi uansett!

017 

Den gode brøytepappaen er framleis ute og slåss med snøen og held vegane opne, og storesyskena er trygt plasserte hos fantastiske besteforeldre! No har eg og minstesnuppa tent alle stearinlys i heile stova, og skal kose oss i sofaen og sjå Grand Prix!

God laurdagskveld til alle!

5 kommentarer:

  1. Koseleg kvardagshistorie sjølv om dette sikkert ikkje skjer kvar dag :)

    God søndag :)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med seieren som Årtes mest velskrevne mammablogg 2009, absolutt vel fortjent! :-)) Og så så nydelige bilder du tar! Mmmm :-))

    SvarSlett
  3. Det såg nyydelig ut...namnam...
    GRATULERER med seier i foreldremanualen, det var definitivt VELFORTJENT!! KLEM!!! :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer med seieren! Bloggen din er velskriven og flott, så dette var absolutt fortjent, og ein tittel som passa godt!

    SvarSlett
  5. Hei og gratulerer med seieren, vel fortjent!! Herlig det du deler med oss her:-) Min erfaring er at når jeg står der å skal lage middag av ingenting, ender det som regel opp med spagetti og noe attår. Å ungene spiser som bare det, noe av det beste di får!!

    Ønsker deg en flott søndag!!

    Klem Johanna

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!