lørdag 7. november 2009

Hipp hurra for Johan-guten vår!

Vi har hatt 10-års jubilant i dag. Johan skulle feire dagen ilag med alle gutane i klassen, og hadde sjølv bestemt korleis han ville ha det.

005 

Fyrst skulle det bakast sjokoladekake. Når ein er så heldig å ha bursdag i ei cupfinale-helg, så er må det sjølvsagt vere ei fotballkake! Her har jubilanten tippa på resultatet i morgondagens kamp. Det gjenstår å sjå om han har rett…

004

Her er spelarane klare til avspark!

015

Johan hadde bestemt at feiringa skulle foregå i den nye ballbingen i bygda. Det skulle vere fotballkampar, konkurranse på sykkel og dei som ville fekk prøve å grave med pappaen si gravemaskin. Nokre av gutane sparka ball frå dei kom til selskapet var slutt, medan andre konkurrerte knallhardt for å få beste tida på sykkelbana. Og under kyndig rettleiing av papsen i huset, vart der jammen nokre flinke gravemaskinkøyrarar òg!

Maten vart innteken utandørs, og det likte gutane godt.

016

Då vi litt seinare på dag hadde familieselskap, var ikkje bursdagsguten verre på det enn at han stilte seg midt på bordet og heldt ei lita tale. Til slutt ba han om at vi sang bursdagssang til han, og det ynskjet fekk han sjølvsagt innfridd!!!

Det har vore ein super dag, men no skal ho mor legge seg rett ut på sofaen og slappe av.

Ynskjer ein herleg laurdagskveld til alle som er innom!

7 kommentarer:

  1. Grattis til storegutten ;)
    artig med barneselskap - og du kor kjekt å ha det ute i fineværet :)

    vi har vert på tarecup i dag - kjekt det og
    fikk med meg hjem ein ekstra mann - og det passa vel bra når gubbemannen er reist til oslo ;-)
    go helg

    SvarSlett
  2. Gratulerer med tiårsdag! Ser ut som de har hatt det skikkeleg triveleg. Det er neimen ikkje kvart år ein kan feire dagen sin ute i slikt ver når ein er fødd i november! Kos deg på sofaen:)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med 10-åringen!

    Er imponert over at gutten på 10 holdt tale - så modig!

    Fortsatt god helg :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye til den store gutten! Hipp hipp hurra.

    SvarSlett
  5. Gratulerer til bursdagsbarnet! Hvis ikke det var fotballkaka si så vet ikke jeg!=D

    SvarSlett
  6. Kjekk gut, flott kake..
    Gratulere med overstått..
    Og så vann Aafk ;-)

    SvarSlett
  7. hørtes ut som bursdagsguten he hatt ei flott feiring.

    kaka var ein 10-åring verdig.

    Joakim sa den va dritkule

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!