Vi har hatt 10-års jubilant i dag. Johan skulle feire dagen ilag med alle gutane i klassen, og hadde sjølv bestemt korleis han ville ha det.
Fyrst skulle det bakast sjokoladekake. Når ein er så heldig å ha bursdag i ei cupfinale-helg, så er må det sjølvsagt vere ei fotballkake! Her har jubilanten tippa på resultatet i morgondagens kamp. Det gjenstår å sjå om han har rett…
Her er spelarane klare til avspark!
Johan hadde bestemt at feiringa skulle foregå i den nye ballbingen i bygda. Det skulle vere fotballkampar, konkurranse på sykkel og dei som ville fekk prøve å grave med pappaen si gravemaskin. Nokre av gutane sparka ball frå dei kom til selskapet var slutt, medan andre konkurrerte knallhardt for å få beste tida på sykkelbana. Og under kyndig rettleiing av papsen i huset, vart der jammen nokre flinke gravemaskinkøyrarar òg!
Maten vart innteken utandørs, og det likte gutane godt.
Då vi litt seinare på dag hadde familieselskap, var ikkje bursdagsguten verre på det enn at han stilte seg midt på bordet og heldt ei lita tale. Til slutt ba han om at vi sang bursdagssang til han, og det ynskjet fekk han sjølvsagt innfridd!!!
Det har vore ein super dag, men no skal ho mor legge seg rett ut på sofaen og slappe av.
Ynskjer ein herleg laurdagskveld til alle som er innom!
Grattis til storegutten ;)
SvarSlettartig med barneselskap - og du kor kjekt å ha det ute i fineværet :)
vi har vert på tarecup i dag - kjekt det og
fikk med meg hjem ein ekstra mann - og det passa vel bra når gubbemannen er reist til oslo ;-)
go helg
Gratulerer med tiårsdag! Ser ut som de har hatt det skikkeleg triveleg. Det er neimen ikkje kvart år ein kan feire dagen sin ute i slikt ver når ein er fødd i november! Kos deg på sofaen:)
SvarSlettGratulerer med 10-åringen!
SvarSlettEr imponert over at gutten på 10 holdt tale - så modig!
Fortsatt god helg :)
Gratulerer så mye til den store gutten! Hipp hipp hurra.
SvarSlettGratulerer til bursdagsbarnet! Hvis ikke det var fotballkaka si så vet ikke jeg!=D
SvarSlettKjekk gut, flott kake..
SvarSlettGratulere med overstått..
Og så vann Aafk ;-)
hørtes ut som bursdagsguten he hatt ei flott feiring.
SvarSlettkaka var ein 10-åring verdig.
Joakim sa den va dritkule