onsdag 16. september 2009

Haust med store kontrastar…

Eg og bofsen gjekk oss ein lang morgontur i dag. Regnfulle skyer låg og lurte, men eg var mest fokusert på dei små gløtta med sol. Den kalde og klare haustlufta er så ubeskriveleg god. Så rein og forfriskande.

006

Ein bukett rognebær måtte få vere med heim. Det var ikkje så lett å få tak i dei, for dei hang så høgt i treet. Etter litt klatring stod eg nøgd på bakken med ein bunt rognebær i handa, og små vevekjerringar kravlande over heile jakka mi. Kva gjer ein ikkje får å få med seg hasuten heim i stova…

012

Det vert sagt at når det er mykje rognebær på trea, så vert det ein vinter med lite snø. Grunnen er sjølvsagt at det stakkars rognebærtreet ikkje klarer å bære så tungt to gongar. I år bugnar trea av rognebær, og eg trur nok at det vert lite snø. Er du klar over kor tunge rognebærklasar er???? Eg er nyfiken av natur, og måtte sjølvsagt sjekke kor tunge dei tre, små rognebærkvastane mine var. Dei vog 120 gram!!!! Tre små rognebærklasar, nesten utan greiner og heilt utan blad, vog alstå 120 gram! Eg hadde ikkje trudd det!

Eg tok med meg rognebæra og rusla meg vidare, og kjende at hausten fylte heile meg. Det var difor rart å stoppe i veggrøfta og plukke blåklokker, løvetann og andre markblomar. Dei høyrer på eit vis med til våren òg!

 025

Eit vakkert blomehjarte med blåklokke! Er det ikkje vakkert???

026

Vi bur i eit land med alle slags kontrastar. Så folkens; dette er òg ein haustbukett!

027

Eg og bofsen forlet heimen i dag tidleg i solskin og kom heim i øsande, pøsande regnvèr. Vi var våte til skinnet både eg og han, men då er det godt å finne trøyst i vakre blomar, plukka i ein grøftekant!

016

Kanskje eg må plukke meir rognebær i helga… Eg har håp om å få litt hjortekjøt i hus, og då hadde det vore spennande å kunne freiste med heimelaga rognebærgele…. Gode oppskrifter vert forresten mottekne med takk!

5 kommentarer:

  1. Jill har nettopp blogga om sin rognebærgele. Her er oppskrift og det heile...
    http://jillspastill.blogspot.com/2009/09/little-miss-homemaker.html

    Lukke til!

    SvarSlett
  2. ja rognebæra er fin i år - mye rognebær her og ;)
    vert på tur i kveld eg og - skulle berre opp på ein trimpost og gjekk meg på ei kalveklar ku - så etter mye slit og strev er kua inne og kalven ute ;)
    smil fra monika

    ps. no er det mange småkalver her og du og ungan er hjertlig velkommen til ein fjøsrunde ;-)

    SvarSlett
  3. jeg bare elsker høsten!!! og jeg er så utrolig glad for at jeg bor i et land med 4 årstider...tenk så kjedelig med sol og sommer hele året!?...nei, forandring fryder:D
    herlig bukett du fant i grøfta...markblomster er så vakkert!!

    ha en fantastisk høstdag:)
    klem tara

    SvarSlett
  4. Rognebærne er veldig fine i år! men her sier vi at det blir mye snø hvis det er mye rognebær... :o)
    Ha en fin helg,
    Fredrikke :o)

    SvarSlett
  5. Rognebær er fine :) Det pynter veldig opp med markblomster også, så koselige bilder du har.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!