tirsdag 4. august 2009

Om ekle kryp og dårleg rosestell…

Det var så stusseleg i glaskarmane mine då vi kom heim frå ferie, at eg måtte på blomsterbutikken og kjøpe meg nokre planter og pynte opp litt.

Tove, sommar 002

Denne nydelege hortensiaen fann seg fort til rette på spisebordet, men då eg for nokre dagar sidan vatna den, såg eg rare ting i molda.

Tove, sommar 006

Ved fyrste augekast trudde eg at eg såg syner, men etter ein nærmare kik såg eg at det aula av små “tusenbein” som spratt opp og ned i jorda. Eg har aldri sett maken før!!!!

Tove, sommar 014

Småkrypa gjer sikkert underverk for molda og veksttilhøva for hortensiaen, men dei var ikkje velkomne på spisebordet mitt! Så no heng hortensiaen attmed inngangsdøra og ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Tove, sommar 007

Eg lurer på å vere så optimistisk at eg pottar den om og set den i kjellaren for vinterlagring, i von om at den kjem att til våren! Kanskje det nokon der ute som kan gi meg råd! Går det verkeleg an, eller kan eg berre droppe tanken med ein gong??????

Tove, sommar 009

Drivne rosedyrkarar hadde sikkert kasta eit skrått blikk på meg om dei såg kor eg behandlar det eine rosetreet eg har…. Det står i ei altfor lita krukke, får altfor lite gjødsel, får altfor lite vatn og vert ikkje klipt slik som det sikkert skal. Ikkje veit eg kva rosa heiter heller! Eg kallar den berre fjøsrose, fordi den står i vinteropplag i fjøsen og sprett sine fyrste knoppar og blad der inne.

Tove, sommar 010

Om eg ikkje veit kva den heiter, så er den i alle fall ein trufast travar! Den har overlevd i den lille krukka si i mange år, i påvente  av å verte planta i ein hage. Vel, hagen let vente på seg, så fjøsrosa får nok enno ein vinter i utrivelege kår.

Får berre unnskylde til alle roseelskarar der ute….. Men er veldig glad i den altså! Og så tek eg mange bileter av rosene som kjem, og så skriv eg fint om dei på bloggen min! Det veg vel opp litt…..????

4 kommentarer:

  1. HOrtensiaen din kan overleve vinteren. Men er det ein stue- eller hagehortensia du har kjøpt? Her kor eg bur plantar eg dei ut og dei overlever godt vinteren. Men vintrane er jo ikkje så kalde her då. Frys dei masse, blir det ikkje blomster neste år, men dei kan komme året etter. Eg har sett mange stå i krukker ute heile året også. Det er berre å hive segg ut i det.

    Men dei krypa skulle ikkje ha vore der då, eg hadde kanskje sagt ifrå til selgaren eg. Men nydelege blomar er det uansett. Lykke til!

    SvarSlett
  2. Har ikkje erfaring med hortensia og roser, vel ikkje meister der heller ;-)

    For ei nydeleg og hardfør rose du har!

    SvarSlett
  3. Iiiiiik, ekle små dyr - grøsser! skjønner godt at den forsvant ned av bordet....
    Nydelig rose!
    Klem fra Lunalu

    SvarSlett
  4. Eg plantar mine ut i hagen. Ikkje lett å få blomster på dei igjen, men dei blir grøne og fine busker.I år har eg nokre få blomar på dei blå:D

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!