…er allting vått!
Dei siste dagane har vore så varme og gode at det ikkje er anna å vente at småtuttene mine vil bade!
Dei trengde ikkje reise så langt – næraste sølepytt gjorde nytta!
Etter eit kraftig regnskyll i natt, danna det seg ein fin liten plaskedam i veggrøfta vår. Snuppene testa badetemperaturen, og kasta seg rett ut i det gjørmete vatnet!
Med 29 grader i lufta kan ein bade kvar som helst, ikkje sant?
Tenk at vatn kan vere så kjekt!!!
Nokre var mest opptekne av at fotane vart skitne, medan andre ikkje likte alt det gjørmete på fingrane!
Det er lenge sidan eg har lagt ut tydelege bileter av borna mine på bloggen, men dette kunne eg ikkje motstå! Sjå det herlege gliset! Sjå kor ho kosar seg! Tenk å vere to år, og ha ei mamma som er gal nok til å la borna bade i ein sølepytt i ei grøft! For å seie det slik; det har vore langt mellom bademoglegheitene siste månaden, og då lyt ein sno seg når ein kan! Og kvifor ikkje ???? Dei skulle likevel rett i badekaret!
Til slutt vart det litt for kaldt for minstesnuppa…
Då vart det om å gjere å kome seg raskast mogleg til det varme, gode badekaret. Stødige, små fotar fann raskt vegen ut av søyla.
“Sina bade, mamma! Fort!”, var beskjeden frå badeløva! Mamma måtte berre henge på så godt ho kunne, for her gjekk det fort over grusen!
Eg og badeløvene ynskjer alle ein god fredagskveld!
Og hugs; alle moglegheiter for livsnyting må gripast med begge hendene! Om det så er å ta eit kveldsbad langs ein grøftekant…
Herleg! :D
SvarSlettFor ein livsvisdom!
SvarSlettHerlege glimt frå ein sommardag i august!
God helg!
hihihiii! herleg!
SvarSlettGod og roleg helg til deg og dine!!
Dette innlegget gjorde meg så varm rundt hjerteroten.Herlige barn og ord!
SvarSlettHehe, skjønne barn, flirer godt her jeg sitter.
SvarSlettÅ det gliset på henne da! *humrer*
Å, så herlig.
SvarSlettØnsker dere ei super helg!
Pludrehanneklem
Heia.
SvarSlettJoda bildene er fra Hafrsfjorden... har du vært der?
Var forresten i Ørsta i fjor sommer, herlig plass!
HEi :) nå satt jeg og smilte for meg selv her jeg satt og las bloggen din.. for noen herlig bilde og tenk så herlig å få lov å gjøre slikt da og bade i en grøft.. kjempe fine bilde av kjemepe fine unger.
SvarSlettHa en fin fredagskveld og helg:)
Så herlig! Slikt skaper gode barndomsminner! Herlige barn har du! God helg til dere alle:) klem fra silje.
SvarSlettRett og slett herlig!
SvarSlettklem B
Å så herlig! Det er noen skjønne barn du har. For en herlig måte å nytte dagen på :)
SvarSlettLIKER
SvarSlettHo ho, for et herlig glis på den frøkna!!! Tenk å få bade i en sølepytt - fantastisk! To skjønne småjenter du har! Sitter bare her og smiler nå!
SvarSlettGod lørdagsklem til deg!
Klem fra Lunalu
For et herlig innlegg. Bildet av yngste jenten var nydelig; der har du virkelig fanget øyeblikket, Tove. Barna hadde det kjekt og slik ren skit er det ikke vanskelig å skylle vekk i dusjen. Ønsker store og små en fin søndag. Klem fra Jannicke
SvarSlettKan inte bli så mycket bättre...Tänk att vatten har en sådan dragningskraft!!!!
SvarSlettkul blogg!
Heia! For noen herlige bilder og så morsomt for barna:) Klem.
SvarSlett