torsdag 23. juli 2009

Baklengs

Når bloggefeberen herjar og alle feriebileta ligg lagra på datamaskina som er til reparasjon, må eg gå baklengs inn i ferieforteljinga mi og byrje med slutten!

Vi hadde ein utruleg flott ferietur ilag med gode vener. Danmark er eit ferieland etter min smak, særleg med omsyn til interiør. Om lommeboka var utømeleg og bilen dobbelt så stor, så er det ei viss fare for at halve Danmark hadde vorte med meg heim. Eg måtte nøye meg med små, men koslege ting som var lett å smette innimellom alle dei andre pakkenellikane!

Tove, sommar 243

Nydlege små dukar med blomar,striper og prikkar. Alltid kjekt med nye dukar!

Tove, sommar 244

Ei vattert brikke fekk pynte opp stovebordet ilag med den aller siste storklokka i hagen. Tenk at akkurat denne hadde venta med å sprette ut til vi kom heim frå ferie! Alle andre hadde visna for lengst, men ei einsleg grein stod og venta på meg. Det gjorde meg glad…

Tove, sommar 247

Ein skjønn vase frå Ib Laursen fekk også vere med heim.

Tove, sommar 249

Akkurat denne vasen har eg leita etter lenge!  Når storklokka har visna skal markblomar få fylle vasen!

Når datamaskina mi kjem attende skal eg fortelje om det magiske lyset, regnskylla, dei glade ungane, dei godt nøgde vaksne og om små og store danskegleder!

No skal eg tenne lys og vente på ei god venninne!

Deilig kveld ynskjast alle!

3 kommentarer:

  1. Danmark høyrest kjekt ut..
    Kanskje til neste år?
    Vi gler oss til du får Pc´n opp å gå igjen ;-)

    SvarSlett
  2. Så du fann noko å shoppe du da...helsdiggris. Som du muligens har sett fann eg SVÆRT lite! Var muligens på feil stad til feil tid? Hadde ein heil dag for meg sjøl til å kike rundt i Vejle, men det hjalp lite... I tillegg kom det eit ENORMT regnskyll så eg som gjekk i shorts og T-skjorte såg ut som eg hadde delteke i ein "Wet t-shirt contest" så då drog eg slukøret heim...

    Alt i alt hadde vi ein kjempeflott ferie likavel. Gledar meg til å høyre meir om dykkar.

    Me "snakkast"
    Helsing Tonje

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder av fine ting :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!