søndag 7. juni 2009

Rabarbraslang...

... er ikkje noko ein kan overlate til ungar, eller amatørar eller folk som ikkje likar rabarbra. I alle fall ikkje om ein vil ha skikkeleg rabarbra!

 rabarbra1

Eg elskar rabarbra. Som unge var det sommaren sitt store høgdepunkt når vi kunne drage opp rabarbrastilkane, rive av det herlege skalet og sitte på ein benk med ein kopp sukker og kjenne den sursøte smaken kitle alle smakslaukane.  Berre så synd at eg ikkje har rabarbra. Det vil seie, eg har rabarbra, men den har karantene i nokre år framover pga at den ved eit uhell vart spraya med gift i fjor. Kva gjer ein då når ein absolutt må ha rabarbra, og det helst litt brennkvikt????

rabarbra2

Ein  enkel, smiskande og lett tiggande kommentar på Facebook var nok til å fylle innboksa mi med rabarbraleveranser! Nokre hagar var desseverre så altfor langt vekk, men Astrid hadde sjølvsagt rabarbra til meg - berre ein liten biltur unna! Det er så vakkert fram i dalen hennar, så det var ein strålande tur på alle måtar.

rabarbra3

Rabarbraslang-planen byrja å ta form. Det kan vere verdt å merke seg at dette ikkje er slang av typen "liste oss inn i hagen og rappe det vi vil ha"-slang. Neida, dette er ekte frøken-slang, der hageeigaren spelar ei viktig rolle i gjennomføringa av slangen. Rabarbraeigaren vert fyrst personleg kontakta for å avtale tid, så er dei med på både synfaring, prøvesmaking og plukking. Når slangen er overstått vert rabarbra bytta mot gode og smakfulle oppskrifter.

023

Vel heime får rabarbraen stell og pleie etter alle kunstens reglar. Denne gongen skulle eg lage sylte. Eg skrella rabarbraen, hakka den i små bitar og la den i vatn over natta. Morgonen etter slo eg av alt vatnet, slo over sukker og let det heile koke i nesten to timar.

Eg fann ei oppskrift der eg skulle bruke like mengder rabarbra og sukker, noko som for meg verkar altfor mykje. Eg hadde 800 g rabarbra og brukte 800 g sukker. Neste gong skal eg kutte ned sukkermengda til omlag til 500-600 g. Eg likar det litt syrleg...

063

Sylta vart svært god, og i ettermiddag hadde vi prøvesmaking med ferske vafler ute i hagen. Blir sikkert eit vafleinnlegg i morgon, knipsa nokre blinkskudd av ho som skulle hjelpe meg...

Eg veit det er mykje rabarbra rundt omkring i hagane til folk, la det for all del ikkje kome vekk!!!! Plukk det inn og lag sylte, paiar, supper, dessertar og mykje, mykje meir!!!

Og så er det lurt å spørje om å få rabarbra før du tek den.... Du blir overraska over kor snille folk er!!!

8 kommentarer:

  1. Så kjekt at du fikk komme på slang;)
    Eg har masse rabarbra i hagen, men her er det ingen som vil ha....de visner bort etterhvert...synd egentlig, for sikkert noen som kunne tenke seg som ikke har...
    Nattaklem fra Maja

    SvarSlett
  2. Jeg er nok med i kategorien For langt unna", men har store megder rabarbra.

    Noe av det beste er Grunnlovsdessert. Kompott av rabarbra og svisker med vaniljekrem til. Får vann i munnen vved tanken. Kanskje det blir søndagsdeserten... igjen.

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne ha vore med deg på rabarbraslang! Sylta ser heilt lekker ut. Det er mange år sidan sist eg kokte rabarbrasylte.Eg kan ikkje ete sylte som er laga med vanleg sukker, men byter eg det ut med fruktose kan eg ete litt av og til, så kanskje eg også må skaffe meg ein slang-avtale:)

    SvarSlett
  4. minner meg om barndommen...få innmari god ut.:) go søndag..her har unge frk sjøl konsert med koret..siste før sommern

    SvarSlett
  5. Mmmm - dette var inspirerende, både i tekst og bilder. Det minner meg på at jeg snart må høste vår rabarbra, og lage noe deilig av den.
    Ha en fin, fin søndag :-)
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  6. åh...barndomsminner!!!
    lenge siden jeg har smakt rabarbra nå...husker vi dyppet i sukker:)))

    SvarSlett
  7. Eg har hagen 'full' av rabarbra, men er dessverre ikkje flink nok å nytte den. Blir ungane som et mest med sukker på, med det same den kjem på våren. Kanskje ei suppe eller to, men så blir den ståande der åleine.... Og no er den snart ikkje etande. Etter jonsok er det for mykje garvsyre i den, men så tidleg som alt er i år er vel tida snart ute? Brukar å kappe den ned slik at det kjem nye, ferske, for dei går vel an å nytte etter jonsok??

    Som du ser er eg ikkje lenger forvist frå bloggeverda :-D Forvist burde sjølvsagt stå i hermeteikn. Nettverket (eller eit kvart anna)var frykteleg ustabilt, så eg kom meg ikkje inn på nokon annan blogg enn min.

    Lykke til med feiring av
    2 åringen!!

    SvarSlett
  8. Jeg elsker også rabarbra, og det er nok takket være barndomsminner som suppe, grøt paier og sylte som du skriver:) Har en mamma som er superflink til å ta vare på markens grøde, og i år skal jeg kutte og fryse ned rabarbraen slik at jeg kan nyte den på vinteren også:)
    Ha ei strålende uke Tove.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!