Molly har utfordra meg til å svare på dette memet!
♥ Kva er du opptatt av for tida?
Å vere så mykje ilag med ungane mine som mogleg!
***
♥ Kva har du på deg i dag?
Joggebukse og turkis genser - faktisk!!! Ikkje særleg spennande, men veldig praktisk når eg styrer ilag med ungane. Skal på handel om litt, så då blir det svart bukse og blomstrete sommarbluse!
***
♥ Kva skal du ete til middag?
Heimelaga kjøttbollar med bandspaghetti,deilig salat, smaksrike oliven og kvitløksbrød!
***
♥ Kva vil du gjerne lære deg?
Eg har så lyst å gå på kurs å lære meg å lage ekte, italiensk mat. Kurset skal sjølvsagt vere på ein vingard i Italia, der kvar dag består av god mat, god vin og godt selskap. ***
♥ Kva høyrer du på akkurat no?
Akkurat no høyrer eg kor frøken midtimellom leikar seg med alle dokkene på altanen. Og så høyrer eg vakker fuglekvitter og vinden som bles i høggraset.
***
♥ Korleis er favorittvèret ditt?
Det er når du vaknar om morgonen og kjenner lukta av sol på soverommet. Når vi kan stå opp, nyte frukosten på altanen og nyte sola heilt til ho går ned. Ein fjøretur høyrer også med på slike dagar, og sjølvsagt deilige salatar, saftig grillmat og frukt frå trea heime. ***
♥ Kva er ditt mest utfordrande mål akkurat n0?
Det må faktisk vere noko så praktisk som å få tømt mørkeloftet og sortert alt som er der.
***
♥ Kva synest du om den personen som utfordra deg med dette memet?
Molly er ein av dei bloggarane som kryp seg inn i ei lita hjartekrå og blir verande! Ho er sjølve inkarnasjonen på heftig og begeistra!
***
♥ Hvis du kunne få eit hus, ferdig innreidd, kvar som helst i verda - kvar skulle det vere?
Det er to stadar eg kjenner dragning til. Eg ville hatt eitt hus på austkysten av USA, like ved havet. Det andre huset skulle ha vore ei lita "cottage" eller ein "barn convetion" i Cornwall. Om eg var nøydd til å velje, hadde det nok vorte Cornwall, så kunne eg heller ha leigt meg eit beach house på New England-kysten.
***
♥ Kva vil du gjerne ha akkurat no?
Eg vil ha ti handymenn som bankar på døra mi og fortel meg at dei er her for å starte påbygginga av huset mitt!
***
♥ Kva vil du gjerne bli kvitt?
Fyrst vil eg bli kvitt alt rusk og rask som har samla seg opp på loft og i kjellar, og så ville eg ha bygt ein koloni for pessimistar og bedrevitarar! Der kunne dei vere til dei hadde fått eit nytt og bedre syn på livet!
***
♥ Hvis du kunne reise kvar som helst i verda den neste timen, kvar ville du reise?
Då hadde eg teke med meg mann og barn og reist til USA!
***
♥Kva for språk vil du lære?
Spansk ***
♥ Kva ser du etter i en ven?
Ærlegheit, lojalitet, at vedkomande er raus og at ein kjenner seg trygg på kvar ein til ei kvar tid har dei. Takk og lov har eg mange slike vener!!!
***
♥ Kven vil du gjerne møte?
Det er mange storheiter eg kunne ha tenkt meg å ha møtt. Eg er likevel godt nøgd med å få treffe alle dei fantastiske kvardagsmenneska som til ei kvar tid omgir meg, og som lærer meg om livet. ***
♥ Kva slags musikk likar du?
Eg er absolutt altetande og er glad for at det er mykje god musikk på radio. Men må vel innrømme at eg har ein soft spot fro Robbie Williams....
***
♥ Kva er favorittplagget i klesskapet ditt?
Morgonkåpa mi frå Lexington!
***
♥ Kva er draumejobben?
Å vere reisande journalist i eit blad eller i ei avis. Tenk å få betaling for å reise til dei mest fantastiske og interessante stadane på jord!!!! Det er berre å sende ein mail til meg om du har ein jobb til meg....
***
♥ Har du nokre favorittmodellar?
Her må eg nok melde pass! Modellivet er liksom ikkje mi greie... Men denne modellen kunne godt ha fått plass på kjøkkenet mitt... ***
♥ Hvis du hadde 1000 kroner no, kva ville du ha brukt pengane på?
Eit par nye sandalar.
***
♥ Beskriv stilen din?
"Det som måtte passe" er nok litt stilen min.Eg er av natur praktisk anlagt, så eg prøver å tenkje kombinasjonsbruk når eg handlar kle. Det er vel litt slik i interiørvala mine òg. ***
♥ Kva var det siste motebladet du las?
Pass!!!
***
♥ Den siste cd-en du kjøpte? Pass! Sikkert eitt eller anna til ungane.
***
♥ Kva høyrte du på då du vart utfordra?
Det hugsar eg faktisk ikkje!
***
♥ Kva vil du akkurat no?
Gjere ferdig denne utfordringa så eg får vere ute litt ilag med ungane!
Eg utfordrar alle som kan trenge ei utfordring i kvardagen - vær så god og forsyn deg!
Her var mye moro:) Jeg er med på å bygge den KOLONIEN...juhuu!
SvarSlettTar gjerne en konsert med Robbie'n, flytter gjerne io nabo cottagen'en i Cornwall, blir lett med på tur til USA og matkurs i Italia har jeg et sårt tiltrengt behov for;)
Dessverre kan jeg ikke tilby deg den jobben, men hadde lett gjort den i tospann med deg. Bloggebesøk rundt i verden for å avdekke hvem som skjuler seg bak de forskjellige bloggen;) Kanskje noen vil sponse oss?;)
Ellers må jeg bare si (mens jeg svelger hardt her) at det er noe av det fineste noen har sagt om meg! Den skal jeg printe ut å henge på veggen!!!
Tusen takk TOVE:)) Også på herlig gialekt i tillegg...HJARTEKRÅ...det var et flott ord...
Hei du - dette var morsom lesing.
SvarSlettJeg sitter og leser disse utfordringene, og undres og undres......eller nei det blir feil ord.......jeg bare nikker.....for det MÅ være en grunn til at damer her inne iblogglandia finner hverandre... - det er jo sånn vi tenker alle sammen. Og smiler litt gjør jeg også, noen ganger ler jeg høyt... men det er jo gjenkjennelseseffekten det er snakk om her?! Og den dagen du sitter på flyet til en liten landsby i Italia - for å gå på matkurs på en vingård, så er den første du møter der nede MEG!
Jeg liker denne utfordringen, for den gjør at vi blir pittelitt mer kjent med menneskene bak bloggenavnene ;) Tusen takk for fine svar - altfor lenge siden jeg var innom deg nå!
SvarSlettHåper helgen har vært koselig og at dere har fått kjenne på sommerfølelsen ;)
M:)
Det var en god utfordring! Spennende å lese :) Jeg skal ta den videre når tida strekker litt mer til, nå var det så lenge siden jeg hadde vært på besøk hos flere av dere fine damene her inne så nå er jeg på en liten raid hehe... klem igjen.
SvarSlett