mandag 29. juni 2009

Berre ei, lita rute til???

Ei lita rute må du vel kunne ta? Det er ikkje sikkert du blir oppdaga. Ho har framleis 23 ruter med deilig melkesjokolade. Det er vel ingen bestemødre i verden som treng slike mengder sjokolade? Med mindre det kjem telefon frå nokon som vil besøke henne, og ho bestemmer seg for å bake den fantastiske sjokoladekaka med hemmeleg oppskrift. Men ho har jo besøk no, og det står inga kake på benken. Det seier seg sjølv at ho ikkje kan bake kake kvar einaste gong folk dumpar innom.

sjokolade5

Då er det vel greit om du smakar, medan ho framleis er ute etter posten? Så dreg du ut skuffa der sjokoladen ligg uopna, og opnar den. Knekk av ei lita rute, puttar den i munnen og let den sakte smelte på tunga. Men du får lyst på ein bit til. Ei lita rute blir raskt til ei rad. Ja, til og med to. Men så får det halde.

Og i det ho kjem inn døra rekk du akkurat å tørke deg rundt munnen og skjule sjokoladefingrane i lomma. Ho ser på deg, smiler med heile andletet og seier: "La oss finne fram bestemor si hemmelege oppskrift og bake sjokoladekake!"

sjokolade8

Eg skulle eigentleg skrive eit innlegg om ei stille stund på terrassen i kveld. Eg skulle kose meg med iste, nye blad og sjå sola gå ned i havet. Slik vart det ikkje. Eg vart overraska av lyn og torevèr, så då var det berre å trekke innomhus. Medan eg sat i sofaen og las, kom eg over ei strålande reklame for Freia selskapssjokolade. Måtte berre dele den med dykk, det er sikkert fleire enn meg som får assosiasjonar til gode dagar med ei mormor eller ei farmor.

Kik gjerne på denne reklamen òg! Du finn fleire slike snuttar om du sjekkar denne lenkja. Dette er ein av fire reklamefilmar for Freia sjokolade.

Trur jammen eg må lage sjokoladekake i morgon....

5 kommentarer:

  1. Det smaker best når man ikkje har lov å ta det. Men godt er det jammen..

    Semder og mine varme tanker til din vakkre bygd idag.
    Der fem personar mista livet i tunnelen.
    Det burdte aldrig skjedd.
    Tenker på familjene som mist sine kjære. Det gør vondt i hjartet.

    Nå håper eg på tross av den tragiske ulykka at du har det godt der du er.
    Tenker på deg og den flotte bygda di.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  2. Uff...ja jeg tenkte på deg da jeg leste hvor disse menneskene som forulykket var fra...syns liksom det har vært så mye trist i vår. uansett,så tar jeg med en liten bit sjokkis...det e lov, tross at det e mandag? Klem fra nord...som har det vaaaaaarmt

    SvarSlett
  3. Ja, e'kje det fasinerande vær vi fekk i kveld!! Hadde også tenkt å bli ute til etter at sola gjekk ned, men...

    Og så vart himmelen brått rosa, -så gul, så rosa igjen

    Da va ej likevel nodt til å sveive ut litt tak i styrtregnet, ta med eit pledd og sette mej ut!!

    UTRULIG herlig syn!!!! Ej elska synet, minne mej om oppveksten på østlandet :)

    Følelsa av å springe i regnvått gras i den "friske" lufta etterpå. Som om sommeren fe ny blank start igjen

    Hadde berre været gitt sej like fort her på sunnmøret ;)

    SvarSlett
  4. Oh! I WISH I could read this! Your photos are GORGEOUS!!!
    Happy day sweetheart!hughugs

    SvarSlett
  5. Volda-tausa30/6/09 21:49

    Er lidenskapleg opptatt av sjokolade, no berre MÅ eg i kjøleskapet og nyte litt... Artig at du er så glad i slike reklamesnuttar, vert gode og varierte blogginnlegg av slikt :) Håper du sit ute og nyt denne varme kvelden iallefall :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!