torsdag 14. mai 2009

Høgt heng dei...

 

009

... og fascinerande er dei!

Dette kunne sjølvsagt ha vore eit innlegg om favorittdokka til Sina, som måtte lurast til vask etter å ha vorte dusja i appelsinjuice av ei velmeinande lita frøken. Men dette handlar om noko heilt anna. Det er eit innlegg om kleklyper.

001

Dei som har fulgt bloggen min ei stund, har ved fleire høve sett kleklypebileter i innlegga mine. Fascinasjonen min over kleklyper er kanskje vanskeleg å forstå, men lett å forklare.

005

Eg elskar å henge opp kle! Å stå ute i vinden eller sola, og kjenne lukta av nyvaska kle er rekreasjon og sjelebot for ei travel husmor. For at vasken skal henge finast mogleg, er det sjølvsagt viktig med gode kleklyper.

008

Ein annan grunn kan vere at eg er oppvaksen i ei kleklypefamilie. Farfaren min og brødrene hans starta kleklypefabrikk på heimegarden. Dei tok til å produsere "Solveig"-klypa, som har vore å finne på mang ei klessnor rundt omkring i landet. I tillegg til at fabrikken produserte klyper, hadde vi "klypebord" på loftet til farmor og farfar. Der sat vi i fred og ro og laga kleklyper, heilt frå vi var bittesmå. Eg kan enno hugse lukta som slo i mot oss då vi opna ein ny sekk med plastikkdelar til klypene...

011

Det var ikkje få timar vi brukte til klypeprodusjon. Belønninga var sjølvsagt ein viktig faktor, for farfar var ein real kar og meinte at vi skulle ha betaling for arbeidet. Vi gjorde trass alt eit viktig arbeid for fabrikken! Det gjorde noko med små barnesinn, å vite at vi var ei "viktig" brikke i produsjonen - at det vesle vi gjorde på farfar sitt loft, faktisk var verdiskaping på høgt nivå!

006

Dei fleste kleklyper i dag er laga av plast, og det var stort sett det eg og bror min òg sette ihop. Ikkje langt frå der eg bur, er det eit dagsenter der psykisk funksjonshemma produserer desse klypene i tre, på akkurat same måte som eg sjølv gjorde det då eg var lita! Kvar einaste klype er laga med nøysam hand, og eg er sikker på at det ligg like mykje stoltheit bak klypene no, som då eg laga dei for lenge, lenge sidan!

kleklype

Det er ingenting å seie på innpakkinga! Om ikkje eg hugsar feil, var Guri-klypene av tre og Solveig-klypene av plast. Biletet har eg lånt her.

Det er forresten ein knakande flink kar frå heimtraktene som reiser rundt med showet sitt som heiter "Klypa", namnet har det fått etter opptak i den gamle klypefabrikken på Digernes. Her kan du sjå ein smakebit frå ein av videoane han har laga. Dette opptaket er forresten gjort i heimbygda mi.

010

Etter inspirasjon frå det flotte klestørkvèret, vart det altså eit kleklypeinnlegg i dag" !

14 kommentarer:

  1. Hei hei:)
    HEhe, så herlig innlegg!
    Selv heter jeg Solveig, og min mor Guri, og vi har begge klypene i hus;)Litt gøy. Min samboer trodde ikke på meg da jeg sa at klypene hadde et navn;)
    Herlig med klesvasken ja! Så godt når det tørker og synes jeg,så alt ligger brettet og fint, ialefall ei stund;)
    Blir godt med nyvasket dukke da.

    HA en fortsatt fin dag:)

    SvarSlett
  2. Det der var aldeles nytt for meg!
    Skøy! Fulle snorer her og ....

    SvarSlett
  3. AA, for et koselig innleg, jeg bruker osaa bare trekleskliper og paa Ísland er det blinde mennesker saa lager de, her er det tört vær saa kle henger ute i dag, jeg titter innom siden din i blant og sinest dú er en harlig "dame" Hilsen fra östkysten av Ísland.

    123.is/baraanna

    se paa "myndir"

    SvarSlett
  4. Dette visste jeg ikke:) Skjønner fasinasjonene din for klyper når du har vokst opp med dem på den måten. Farfaren din hørtes ut som en real mann, med stor klokskap!

    Ha en fin torsdagskveld:)

    SvarSlett
  5. Nok eit lærerikt innlegg frå deg
    :-} Ja ingenting er som dei gode gamle kleklypene. Og dei kan brukast til så mangt; kletørk sjølvsagt, men og til å lage bruksgjenstandar (pennehaldar m.m)og til å henge opp bilete/kort på snor. I mang ein barnehage er dei dagleg i bruk til å halde fast beskjedar til foreldra. Burde ikkje både Solveig og Guri klypene vernast som kulturminne?
    Ha ei flott 17.mai helg!

    alt godt frå sig

    SvarSlett
  6. Volda-tausa14/5/09 22:06

    Du byr på så mykje av deg sjølv, takk for læring om klyper, og tanker og historier du deler med oss. Klikka på linken, så endeleg har også eg sett litt av Klypa-revyen som alle snakker om! :) God 17 mai, og lukke til med krans og tale ;)

    SvarSlett
  7. Koseleg innlegg Tove:)
    Søt dukke og elles fine bilete!

    SvarSlett
  8. Takk for eit lærerikt innlegg.
    Eg går og drøymer om å få hengt ut klesvasken, men i fjor ramla stativet ned.
    Det er sant at det er heilt vidunderleg med nyvaska tøy som heng ute.
    mvh Laila

    SvarSlett
  9. heisann du..for et koselig og egentlig intr innlegg...æ e å ei som elske å henge opp klær ute på snora...det e vårfornemmelse førr mæ...(pssst; kunne jeg få en kopi av aks av gull tror du?. hørte den nettopp inne hos erteblomsten...nydelig)
    Ha en flott helg og go 17

    SvarSlett
  10. Guri-eska husker jeg - jeg tror kanskje mamma fortsatt har ei sånn!
    Dette var veldig hyggelig lesning - takk for en fin start på dagen!
    Ønsker deg god helg og en heidundrende god 17. mai!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  11. Ønsker deg ei riktig god helg!
    Klem B

    SvarSlett
  12. Huskar kleklypemaskinene, søskenbarnet mitt hadde ei heime og tjente seg nokre kroner. Det var sjølvsagt kjempespennande å få prøve dette vidunderet:-) Kvar har du funne treklyper? Har kika etter dei, men har sett kun plast det eg kan hugse... vel og merke når eg kjem på å sjå etter. Må også ha meg klesnor ute, det er eit must med soltørka kle somarstida. Har restar etter ei snor som gjekk frå kjøkkenvindauge i andre etasje, det var sån at ein hadde ei dobbel snor som ein drog inn og ut alt etter som om ein hengde ut eller tok inn kle. Sikkert slike dei har i sydlegare land, der ein ser klestørken henge mellom husa i trange smug høgt over gateplan. Litt vanskeleg å forklare, men har planer om å lage den til.

    SvarSlett
  13. Koselig og lærerikt inlegg.
    Jeg elsker også å henge ut eller å ta inn klær og kjenne den gode lukta.
    Noe av det jeg ble mest glad for når vi kjøpte denne borttslagsleiligheta var at det fulgte med en orntlig klesnor på MIN lille hageflekk akkurat i MIN hage noe jeg ikke ser hos noen andre her.
    Så det må en si var flaks for meg som liker å henge ut tøy og koser meg over det.
    Ha en fin og koselig 17.maihelg Tove med duft av nyvaska klea!!!

    SvarSlett
  14. Therese :)16/5/09 00:50

    Fascinerende å lese om at du er fra en klesklypefamilie! Jeg elsker å henge klær ut til tørk i sola, men liker ikke å legge de vekk i skuffer og skap etterpå... I dag hang jeg ut en klesvask før jeg dro på jobben. Da jeg kom hjem var klærna tørre, men måkene i nabolaget må ha brukt klessnora som sin private do, for fire av klesplagga var skiti på og må vaskes igjen... Opp med klesklyper, ned med klesklyper...!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!