mandag 5. januar 2009

Unik utmerking...

Tusen takk til Guttemammas for den flotte utmerkinga ho har beæra meg med!

award26

Eg set stor pris på alle utmerkingar eg får, men denne har likevel ei særskild betydning for meg - og for ingen annan grunn enn at Guttemammas er så ofte innom bloggen min og legg att inspirerande, oppmuntrande og koslege kommentarar!

Denne utmerkinga skal få bein å gå på, og eg gir den vidare til desse:

* Strikkeline-Monica får den fordi ho er så utruleg flink til å legge att kommentarar inne hos meg, og fordi ho så raust deler frå kvardagen sin med oss (lykke til med treninga, hi,hi!!!)

* Husmor-Monica får den fordi ho midt i ei julenatt sette til verda eit lite menneskevidunder heime på badgolvet! Dette må utan tvil vere ei unik oppleving, utført av ei unik mor!

* Irina får den fordi ho heilt klart er ei unik dame som trollbind meg, både i ord og bilete!

* Kathrin får denne utmerkinga fordi ho har bestemt seg for å danse på roser og strø glitter over kvardagen! Ho er ei sterk dame som deler ei sterk historie!

* Mona Lisa får denne utmerkinga fordi livet hennar tok ei brå vending. Likevel ser ho framover og eg er sikker på det nye året har mykje godt i vente for henne!

Vonar de alle tek imot utmerkinga med glede! There are no strings attached - du treng ikkje gi den vidare, anna enn om du verkeleg har lyst!

4 kommentarer:

  1. Så fine dikter du har skrivet. Så flotte bilder...
    Nyter hvert ord.
    Håper din uke blir bra nå, når jobben er igang igjen hehe...
    Ha det gott vennen.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  2. Tusen tusen takk min venn...så koselig at du liker meg og sida mi:) denne var koselig du..

    SvarSlett
  3. Hei på deg. 1000 takk - Du er skjønn da! Skal ta den med meg og forsøke å blogge litt om ikke lenge. Livet tok en brå sving, og jeg føler at jeg hang på sia en liten stund. nå har jeg kommet meg på toget igjen - og skal flytte i ny fin leil 1 mars! Hurra!! Takk for utmerkelsen Tove. Stor klem

    SvarSlett
  4. Tuuusen takk!!! :)
    Skulle vel helst gitt den videre til min jordmor-mann da som jeg syntes gjorde den beste jobben ever!! :)
    Klemmer!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!