mandag 1. desember 2008

...om å putte vaffelhjarter i adventskalendaren!

Vi har fått opp adventskalendaren og er såleis godt i gong med adventstida. Men eg er ikkje like flink som mange andre til å fylle spennande saker i kvar ei lomme. Eg er vel eigentleg av den formeining at når det er tre ungar i hus, så begrensar kalendargåvene seg sjølv. Ikkje tek eg meg råd til å fylle kalendaren med 72 flotte adventsgåver, og ikkje har eg fantasi eller tid til å vere kreativ og finne 72 ting som nesten ikkje kostar noko. Her i huset er ungane vorte vane med at det nokre dagar er tomt i lommene. Ikkje fordi dei absolutt ikkje skal få noko, men fordi eg gjerne har kjøpt noko til dei som kan vare ei stund. Slik var det med fyrste adventsgåva i år òg! Synest det er så kjekt når ungane sjølve ikkje forventar pakkar kvar dag før jul. Utruleg kjekt å sjå at så mange er flinke med slikt, ofte utan at det kostar ei krone, her gjer vi det heller litt enkelt.

056

Då ungane kom heim i dag, hang denne pakken og venta på adventskalendaren. Eg påstod hardnakka at eg hadde pakka inn vaflar, noko dei sjølvsagt protestert høglydt mot!  Gåva hadde eg tenkt ut lenge, og gleda meg til å gi den til ungane. Eg kom litt tidleg heim frå jobb  i dag og kosa meg med å pakke den inn.

047

Denne boka av Maria Parr, "Vaffelhjarte", er ei perle og ein juvel i boksamlinga. Den unge dama som har skrive boka bur i eit av dei sju prestegjelda eg ser frå altanen min (slikt var viktig å kunne seie før, må vite! Statusen auka dess fleire prestegjeld ein såg, for til sværare og høgare opp i terrenget budde dei). Boka er vel eigentleg skriven for born, men er akkurat like kjekk å lese for tenåringar, foreldre og besteforeldre. Denne boka skal vi kose oss med i adventstida. Eldstemann har høyrt den før, og sit og humrar litt før dei gode poenga kjem. Det er så vidt han klarer å la vere å røpe alt!

  043

Ei kosleg helsing inne i boka høyrer sjølvsagt med! Tru det eller ei, men ungane protesterte ikkje då eg sa at denne kan vi kose oss med så lenge, at det ikkje er sikkert vi treng fleire adventsgåver! Vil forresten anbefale boka på det varmaste! Her får du deg mang ein latter og fantastiske historier sett med barneauge.

I morgon er det tomt i 2. desember-lomma på kalendaren vår, men det blir lesestund og fullt i sofakroken!

19 kommentarer:

  1. Takk for boktips, Tove, det skal eg ta med meg...
    Hi hi, ja vi får krysse fingrane for at vi har snudd vinnarlukka;0)
    Fin løysing av adventskalendaren...
    Mine får nok kvar dag, men enkelte dagar er det felles pakke, og ingen protesterar på det...
    Klem

    SvarSlett
  2. En veldigt go julekalender.
    Hadde eg hatt unger så hadde eg brukt den iden.
    Men boka ska eg sjå på.Har unger i slekta som kan få den.
    Ha det så gott.
    Synne.

    SvarSlett
  3. Vitser og visdomsord passer godt det også. Kanskje ikke for så små barn som du har, men en litt god vits kanskje??

    SvarSlett
  4. Det var skjønt! Flinke deg altså! boka skal jeg nok vurdere ja, snuppa her elsker å bli lest for! takk for gode ideer. klem og god tirsdag

    SvarSlett
  5. Ser ut som ei koselig bok!
    Her får ungene heller ikke gaver hver dag, kun i helgene. Ellers i uka henger det en liten lapp med en ting vi skal gjøre. Som f.eks bake julekaker, lage julepynt eller se en film. Tror litt av gleden ved julaften blir borte om unger skal få pakker hver dag frem mot jul. Og ikke minst hadde jeg blitt smårar og hatt slunken pengebok om jeg skulle kjøpe 72 gaver...
    Ha ei fin adventstid :)

    SvarSlett
  6. Trur eg må ein tur på biblioteket og sjå om dei har denne boka inne, trur ikkje jentene er så interessert akkurat men det er eg:-) Har ikkje ordna med ei einaste kalendargåve enda, og har ærleg tala store problem med å finne ut kva dei skal være også.. når ungane vert større så får ein jammen vri hjerna litt, for ikkje snakk om at eg har tenkt å dra enda meir søppel i huset berre for at dei skal få noko. Ordentleg flott den kalendaren frå tante T også, kanskje på tide å gjere alvor av planane om å sy ein her også... den er rimeleg godt planlagt i alle fall hehe, sidan den planen har godgjort seg i nokre år.

    SvarSlett
  7. Heisan
    . vår kalender er ennda ikkje kommet opp - men har store planer i dag :)

    Før laga eg masse og stressa litt til den kalenderen - men fant fort ut at det går jo ikkje med 3 unger
    og siden 24 er delelig med 3 - så vart det slik noen år

    Men no er det jo berre 2 som bur hjemme . og pakker vil dei ha ;)
    til Sivert kjøper eg ei pakke lego som eg deler opp - med bruksanvisnig til slutt - verre med ho på 16, med småting som ho trenger og litt kos

    Slik er det i vår pakkekalender
    Men eg prøver også å legge inn litt lapper med koseting vi skal gjøre
    smil fra monika

    SvarSlett
  8. Super adventskalendar:) Tid er viktig no føre JUL og den får dokke saman framover. Tenk Så koseleg. Eg skal laga adventskalendar som har start 10.12. då kjem solstråla mi heim!!! Det blir ting vi skal gjere saman..... Eg må berre nyte dei vekene ho er heime.
    Smil i vinterland frå Lill

    SvarSlett
  9. Den så veldig koselis ut!! Her er det 24 pakker, de får en hver tredje dag. Herlig å se hvor spennende de synes det er å se hva broren får og samtidig glede seg til "sin" tur dagen etter eller etter der igjen...

    SvarSlett
  10. Heisann Tove!!
    Takk for det du skreiv hos meg nå sist. Ja, eg har sagt eg likar ikkje jula. Sterke ord men slik har det vært.... Eg er alltid glad når jula er overstått. Klart eg kosar meg julekvelden saman med mine kjære, spiser god mat og får fine gåver. Og mest av allt ser eg på barnas glede og forventningsfulle ansikt. Det er ei gåve. Og eg er takknemleg. Det er eg. Men det er alikevel mykje som plaga meg ang jula. Sjølv om eg ikkej er med på alt maset og jaget, så syns eg det er trist å sjå på kor ting har blitt. Men heldigvis er mange av oss fornuftige også. Og etter eg skrev mitt innlegg om julestria så har eg oppdaga at eg er ikkje aleine om å føle det slik. Eg må ærlig innrømme at eg hadde godt klart meg uten jul, men ein gjer det beste utav det så klart.
    Takk Tove for at du er så klar i din tale, deg er så lett å forstå. Hadde ønska eg kunne uttrykke meg like fint og tydelig som deg :)
    Ønska deg fine dagar. Og kos deg i adventtida. Det gjer eg :)
    Klem

    SvarSlett
  11. Fo ein flott adventskalender. Bøker er ei flott gåve som varer lenge. Sjølv gler eg meg til ungane vert store nok til å vera med og lese Julemysteriet av Jostein Gaarder, Eg har praktutgaven, og flottare adventskalender veit eg ikkje om:) Enn så lenge vert det sjokoladekalender......

    Ha ein flott dag.
    Klem:0)

    SvarSlett
  12. Å, den boka er så kosleg!
    Eg har berre lest såvidt i den, men eg trur eg må kjøpe den til bokhylla, når bokhylla omsider kjem på plass.

    Gikk i klasse med Maria på vgs, så det er litt ekstra kjekt at boka har blitt så populær:)

    Flott gåve! Fortsatt god advent:)

    SvarSlett
  13. flott tiltak!!! :-)
    Alle he vi egentlig nok av det meste..... Veit d.. ej vart litt rørt av det du ha skreve inne i boka...

    Kos dokke!!

    Monica

    SvarSlett
  14. Den boka ser kjempe bra ut!
    Så koslig dere har det da.Ble helt rørt av hilsenen fra dere til barna i boka:)

    nattasang eller lesing før leggetid er veldig viktig her også!!,men det hender dessverre avogtil at en har det litt travelt..

    hilsen fra Bente

    SvarSlett
  15. Heilt enig med deg,Tove!! Kor spennandes blir julafta om ein fe pakke kvar dag i desember?? Hørte nettopp om ein som fekk mobiltelefon i kalendergåve!!! GALSKAP!! Da blir forventningane høge til julafta da....
    Viktig å heller ta seg tid til ungane og gjere noko SAMMEN med dei istaden!!
    Boka blir et godt julegåvetips for min del,som ikkje he onga sjølv!
    God førjulstid!!

    SvarSlett
  16. Så herlig julekalender!:o)

    Ønsker deg en fin kveld Tove,
    klem

    SvarSlett
  17. Tusen takk! Spring i mrg å handlar!
    Eg heller vil ikkje ha 72 duppedittar i huset som ingen bryr seg om 4 timar etter luka er opna (...) Så her i huset finn me bileter bak luka!Størsten kom heim frå skulen og s aat lærarane hadde sagt at i "gamledagar" dååå var det berre BILETER bak lukene(...yes!) Her får dei pakke kvar sundag i advent. På sundag hadde eg pakka inn pepperkakeformene våre og to pakkar med deig- juuubel!(...men eg er i grenseland om eg eigentleg skal synast synd på dei- fniiis)
    Gledar meg til boka! Den heng eg opp på sundag!

    SvarSlett
  18. Hei Tove.
    God ide å gje bok fyrste kalendardag! Her hos oss høyrer me Julemysteriet av Jostein Gaarder på lydbok, lånt på folkebilbioteket. Historia går over 24 kapittel - eit for kvar dag. Eg eller far med ei jente på kvar arm godt under dyna i eine barnesenga. Eldstejenta lurte på kvifor me eigentleg har pakkekalendar (her i huset kvar tredje dag) når det finst så spennande kalendarforteljingar på lydbok!? Kva svarer ein til slikt? Jostein Gaarder og Anne Marit Jacobsen er tydeleg mykje flinkare til å lage forventing og spenning no i førjulstida enn det eg har greidd med dei små gåvene som heng så fint i kjøkenet. Kanskje er det tanken på 24 dagar med ekstra kos før leggetid som er mest spennande??
    Ynskjer deg og ungane ei fin og avslappa adventstid i sofakroken med den kjekke boka :-)
    Klem frå Linda

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!