torsdag 4. desember 2008

Man tager en fiken...

Fiken er ikkje akkurat daglegkost i norsk hushaldning. Eg har alltid vore fascinert av fiken. Mest truleg har det noko med juletradisjonar å gjere. Minna frå då  mamma var ferdig med å pynte på veslejulaftan og leita fram treskåla som farfar hadde dreia. Sette den på bordet, full av eksotiske tørka frukter som dadlar og fiken. I lag med valnøtter, paranøtter og andre meir og mindre framande nøtteslag, representerte skåla sjølve verda for meg som lita jente. Alt dette som kom frå framande land, låg no i ei skål heime i vår eiga stove.

050 051

No har verda vorte mindre og desse spennande fruktene har innteke butikkane våre - takk og lov for det! No har eg kjøpt ferske fiken: fordi dei ser så spennande ut, fordi dei er så mjuke å ta på, fordi det ser ut som om dei er dekte av eit tynt lag melis og på grunn av den herleg skeive dråpeforma. Men kva skal eg bruke dei til?

 053

Dei kan sjølvsagt ligge på kjøkkenbenken og sjå fine ut, vere eit blikkfang, fascinere ungane.

055 

Eg kan kanskje dele dei i to, skrape ut innhaldet og ete det med skei! Dei hadde sikkert hatt mest og best smak om dei var meir modne enn dette. Smaken er likevel særmerkt og underleg. For ikkje å gløyme dei små steinane som knasar når du set tennene i dei...

061

Kanskje går det an å marinere dei? Dele dei opp, dekkje dei med konjakk og andre gode smakar? Kanskje smakar dei godt til ost? Eller skinke?

062

Kanskje sit det fiken-kjennarar og fiken-ekspertar der ute, som ei knakande god oppskrift til meg! Eg har så lyst å imponere nokon med eit godt måltid der fiken på eitt eller anna vis spelar ei av birollene. Kanskje eignar fiken seg best som forrett, eller som finger food når ein går rundt og konverserer i finare lag. Kva veit vel eg?  Men nokon der ute kan kanskje hjelpe meg???

Eg tek imot alle fikentips med stor takk.

11 kommentarer:

  1. Hei i natten :) har sittet her og lest mye av de siste innleggene dine. Jeg liker så godt det du skriver, og syns du formidler tankene dine på en så fin måte. Man blir rolig her inne. :) Veldig flott det adventsdiktet du har skrevet, det har jeg ikke hørt tidligere. Sikkert en nydelig melodi til det. Takk for titten her i kveld, ønsker deg en fin dag i morgen. :)

    SvarSlett
  2. Salat med fiken, skinke og fransk ost:
    http://www.frukt.no/oppskrift.aspx?mnu1id=8037&artid=7133

    Marinerte fiken og appelsinmarmelade med konjakkrosiner:
    http://www.tine.no/page?id=28&key=8651&cat=679

    Salat med fiken og spekeskinke:
    http://www.ica.no/FrontServlet?s=mat_inspirasjon&state=recept&receptid=2669

    Ellers fant jeg at:
    Fiken er nydelig tilbehør til ost, og da spesielt gorgonzola. Varm fiken til vaniljeis er en veldig god kombinasjon til dessert.

    Og:Fiken er nydelig marinert i likør eller rødvin og servert med is. Brukes og til vinlegging.

    NAM! Fikk lyst på fiken nå :)
    Ha en fin førjulstid.
    -Stine

    SvarSlett
  3. Hallo:)
    Veit du, trur faktisk ikkje at eg nokon gong har sett ein fersk fiken før :), men at fiken er nydeleg skriv eg under på......sjølv om eg er den einaste her i huset som likar denne frukta må eg kjøpe ho inn til jul, det var noko med desse barndomsminna.

    Fantastisk flotte og innbydande bilete du har teke, deilige å kvile augene på.

    Ønskjer deg ei god natt Tove :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Ser du har fått ein del tips i ein kommentar her:0)
    Eg kan nok ikkje hjelpe deg, likar desverre ikkje fiken ein gong... men det var nesten så eg innbilte meg at eg gjer det når eg såg på dei delikate bilda dine...
    Lukke til!!
    Klem, Line

    SvarSlett
  5. det enkleste er ofte det beste: fiken på ost på brødskiva, du kan bruke skalet også så berre skjer dei i tynne skiver og ha dei på feks blåmuggost, nyyyyydelig

    annalovinda

    SvarSlett
  6. Hei.
    Må inrömme at eg ikke har peiling på hvad fiken kan brukes til. Har dem törka på stuebordet til jul.
    De og dadler.
    Håper din torsdagskveld blir fin.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  7. Har ei utfordring til deg, tek du den??

    SvarSlett
  8. Full forståelse for det:0)
    Huskar innlegget når du minte meg på det,men er ikkje alltidt lett å huske i farta kven som har fått kva slags utfordring...
    Klem

    SvarSlett
  9. Fiken e godt til OST ja....

    kanskje litt sirup og maple syrup kunne ha vore en deilig lake å legge dei i (mose dei kanskje) og ha som "sylte" på brie'en din! :-)

    Monica

    SvarSlett
  10. Ferske fiken så nydelig ut!! Skal sjå om eg finn ei god oppskrift til deg:) har du søkt etter oppskrift på internett?
    Ha en fin helg min ven
    Klem

    SvarSlett
  11. Hie igjen

    he noke som venta på dej

    Monica

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!