fredag 5. desember 2008

Avsløring.....

Mange har sikkert lurt på kva i alle dagar det er slags presang eg har fått! Kommentarane i forrige innlegg hagla inn og det var artig å sjå kor nysgjerrige de var...!!!!  Det er heilt sikkert mange som ikkje ser på dette som ei gåve i det heile tatt. For mange hadde det antakeleg vore ei møde å måtte vere med på deg. Eg derimot, var ikkje sein om å svare ja til å ta imot denne "gåva" då  telefon forrige veke!

Eg stod i vaskekjellaren då ein hyggeleg mann ringte meg for ei veke sidan. Han ville ha meg med i eit brukarpanel som skulle vere med på å belyse den dårlege vegstandarden i Noreg. Etter litt meir forklaring takka eg ja til utfordringa. Dei som kjenner meg veit at eg har vanskeleg for å seie nei til utfordringar av dette slaget...

veivalg2

Det eg ikkje var klar over, var kor omfattande dette skulle vere. Vi skal ha samlingar, presenterast for pressa, gi ut ei brosjyre, reise rundt og halde foredrag og delta på seminar.

Vi er ei gruppe som er saman sett av 13 personar frå heile landet: ei supervegbrukargruppe. Vi skal vere med på å synleggjere behova for å forbetre og oppgradere riksevegane, synleggjere vegbrukarane sine behov for betre vegar, utfordre politikarane til å prioritere pengar til veg slik at vi får færre drepte og hardt skadde, betre framkomelegheit, lavare utslepp og tilgjenge for alle.

Vi skal vere folket si røyst og vise at vegane har dårleg standard, dårleg vedlikehald og for lite fokus på oppgradering av vegane.

Opplysningsrådet for vegtrafikken ynskjer å bruke oss 13 til å gi trafikantane i Noreg eit andlet. Eit andlet som vil vise politikarane våre at vegtrafikken består av vanlege menneske med legitime behov for å kunne køyre på sikre og gode vegar.

Arbeidet denne gruppa gjer skal synleggjerast gjennom bl.a. ein blogg. Der kan vi skrive innlegg og skape debatt. I tillegg kjem det ei brosjyre som òg vil belyse alle desse viktige momenta. Dette arbeidet vil vere viktig for meg, både som politikar i eit vanskeleg vegfylke med fjordarmar og fjellovergangar, og som småbarnsmor med behov for å kunne frakte ungane mine trygt til og frå skule og fritidsaktivitetar.

Eg har lenge drøymt om ei utfordring av dette slaget - no har eg vorte høyrt!!! No skal eg få vere med på å sette veg på dagsorden, og sørge for at dei som sit på pengesekken ser kor viktig det er å ha gode og trygge vegar. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet etter nyttår ein gong.

Sorry, folkens - dette vart kanksje litt mykje politikk  og tungprat på ein fredagskveld, og eg lovar at det er fyrste og siste politiske innlegg på bloggen min. Den har eg bedyra skal vere fritt for slikt! Men då dette er såpass spennande og utfordrande, klarte eg ikkje å la vere å dele det med dykk.

Kanskje dukkar eg opp i din del av landet og held foredrag og sikker veg! Då reknar eg med du kjem????

Eg er klar over at mange sikkert sit og er skuffa no; "...var det dette som liksom skulle vere så spennande..." . Sjølv om det antakeleg sit nokre sjeler der ute som ikkje forstår at det går an å bruke tida si på slikt, så kan eg berre seie at engasjement er vanskeleg å stoppe - og takk og lov for det!!!!

PS! Eg lovar å kome med eit litt koslegare innlegg i morgon. Då skal eg nemleg sette opp eit høgst originalt juletre i gangen - trur eg i allefall.....

15 kommentarer:

  1. Så flott å få være med på noko slikt, utruleg givande og lærerikt og ikkje minst nyttig for alle oss som du gjer dette for:-D

    SvarSlett
  2. Jo visst var det spennende. Nå er det vel ikke vi på indre Østlandet som har de dårligste veiene, men kommer du hit, skal jeg garantert komme å høre på deg. Ha en fin helg.

    SvarSlett
  3. Gartulerer. Det finst ikkje noko betre enn å få akkurat den utfordringa ein har drøymt om:)

    Er aldri så lite nysgjerrig på juletreet........

    Ha ein flott kveld.
    Klem:0)

    SvarSlett
  4. You go girl!!! Men du jobber vel ikke noe mindre enn andre lærere jeg kjenner, og med tre barn...?? Imponert,Tove! Klem

    SvarSlett
  5. Si ifra hvis dere skulle ankomme Smøla, da. Hvilket ikke skulle forundre meg, etter veistandarden å bedømme.
    God natt.

    SvarSlett
  6. Når det var akurat dette du ynskte deg, så er det jo ei strålande gåve! Og at det er eit viktig arbeid og tema er det ikkje tvil om.

    Lukke til i arbeidet!

    SvarSlett
  7. So flott ar du engasjerer deg i dette. Og ta gjerne ein tur litt lenger sør på Vestlandet, her er me ymse vand når det gjeld vegstandard. Men det er vel mange rundt i det ganske land som vil sei det same.
    God helg!

    SvarSlett
  8. Var visst komt fleire innlegg her... Flott at du engasjerar deg, og det er jammen på tide at det blir gjort noko med vegstandarden rundt omkring... God helg:)

    SvarSlett
  9. Så utruleg spennande! Det ante meg at det var noko slikt, utan at eg ante tema. Du kjem nok til å gjere ein flott jobb her! Lukke til, og eg kjem sjølvsagt på seminar om du held eit her i området:)

    SvarSlett
  10. Hei der.
    Så flott eske den gaven låg i da hehe.
    det er ikkje ein dålig gave det.
    Kommer du til Hedmark så skrik ut. Da kommer eg å lytter på deg.
    Ha en fortsatt god natt med god sövn.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  11. Spennede for deg da vettu..å vi henger oss på...gjæ en pekk om du ska til nord, så kjæm æ......hei og hå

    SvarSlett
  12. Takk for besøket.
    Fint at du er med på bedre vei prosjektet.
    Jeg pendler Sandefjord Trøndelag flere ganger i året.
    Skulle nok ønske et bedre og sikkrere veinett. Men det er jo mange steder det er mye værre.
    Lykke til videre.

    SvarSlett
  13. Supert Tove!! Dette pasar du bra til!! :-) STÅ PÅ!!!

    Monica

    SvarSlett
  14. Dette var jo TOPPERS! Superdupert for ei jente som deg! Aktiv og ekstremt engasjert, jippi! Veldig lykke til snuppa! klem

    SvarSlett
  15. Slike jenter vil Norge ha!!! Stå på Tove :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!