søndag 2. november 2008

...det har visst vorte ein tradisjon....

Når noko stadig gjentek seg vert det som oftast ein tradisjon. Det er helst knytta positive kjensler til situasjonen og alle dei impliserte ser fram mot at denne tradisjonen skal ta til. Slik har det vorte her i huset med søndagsrundstykkebakinga vår. Ungane ser fram til ferske rundstykker på frukostbordet, og då er det berre å følge opp! Slik er det nemleg med tradisjonar...

025

Eg og Ida stod tidleg opp i dag og sette igong med bakinga. Allereie i god tid før klokka var 7, sat Ida på kjøkkenbenken og var bakstefrøken.

021 022

Etter at vi hadde sett deiga til heving, heiv vi oss rundt og sette ei brøddeig òg. Det gjekk ikkje lenge før storebror stod opp, han påstod at han vakna av at Ida song på kjøkkenet - og det kan nok stemme....

027 031

I går hadde vi dobbel-feiring av Ida og Johan. Ida hadde bursdag for ei veke sidan, og Johan har om ei veke. Ida fekk maleutstyr i bursdagsgåve med tante Eli, og det måtte sjølvsagt prøvast i dag. Så medan deiga heva, sette dei to kunstnarane  seg ned og mala litt.

033  034

Det er viktig å ta seg god tid og fundere litt inn i mellom. Det vart visst maling både her og der.....

037

Det ferdige resultatet!

   027   034

Tek med nokre bileter frå bursdagsfeiringa i går. Det vart mange lys på kaka i går! Dei bles av all kraft for å klare å blåse ut dei 15 lysa! Eino ne biletet vart litt uklart, men blåsinga skjedde i ei viss fart, så det var så vidt fotografen fekk summa seg!

No skal vi kose oss med heimelaga rundstykker til frukost.....  Her er oppskrifta, forresten:

7 dl kveitemjøl

1,5 dl grovkveite

1/2 ts salt

1 pk tørrgjær

3,5 dl temperert vatn

Bland, knød, hev, bak ut, hev igjen og steik på 250 grC i 13-15 minutt.

Denne grunndeiga brukar eg også som pizzadeig, men då med kun kveitemjøl (8,5 dl).

Ha ein fantastisk søndag!

25 kommentarer:

  1. God søndagsmorgen! Så utrolig koselig dere har hatt det i dag tidlig. :) Ferske rundstykker er jo bare SÅ godt. Kos dere resten av dagen, og takk for titten. :)

    SvarSlett
  2. Eg kjenner lukta av nystekte rundstykke heilt hit :)

    Her går det i lappar eller sveler som nokre seier. Ungane ser tv, mannen søv og eg står og brasar på kjøkknet. trur eg skal prøve å involvere resten av huset meir i tradisjeonen vår :) Det høyrdes mykje koselegare ut :)
    Ha ein framifrå sundag!
    Britt

    SvarSlett
  3. God søndagsmorgen0) Så koselig da med ferske rundstykker. kan nesten kjenne lukten jegO=) Nyt resten av dagen =)
    Klem Kerstin

    SvarSlett
  4. Kommer over jeg!!
    For dette lyder fristnede :-) litt tidlig klokka da..., men de små er vel ikke så alt for glad i å ligge lenge tneker jeg.

    Får vel nøye meg med min 4 korn posjon her jeg :-)

    Fin fin søndag til deg og dine små.

    SvarSlett
  5. Såååå hærle start på sondagen då! Imponerande!
    GRATULERA masse m pressedekning av di fantastiska refleksstory - eg skjønna da veeeldig godt, fø da va kjempebra skreve. Veeeeeeeeldi bra at nokon får opp fokusen på refleksbruk.

    Ligg elles noko t deg hos meg!
    Ha ein suuuuuuuper sondag og nyyyt berømmelsen ;o)
    klem

    SvarSlett
  6. Heisan.. Dere er morgenfugler altså !! Klokka 7 på en SØNDAG da...da sover alle mann her. Står opp så seint at det uansett ikke kan bli hjemmelagede rundstykker før til lunch.. Men vi bruker å ha frosne halvstekte i fryseren som vi steker utpå morran..men ære være hjemmelagede rundstykker, de er best !!! :-)Du er flink!Skikkelig godjente som hjelper til med baking :-)Stas det. Her i huset hholder mellomste jente på med å bake brownies nå sammen med en venninne, mens minstegutten følger godt med og får smake røre på ei skje,nam nam. Når han skal sove snart, skal jeg male litt mer.. PS.Kan jeg linke deg ? Du har en så koselig blogg:-)Ha en trivelig søndag !! Kos dere :-)

    SvarSlett
  7. Ps..Ok med bloggrollen ja..

    SvarSlett
  8. God søndag! Så hyggelig dere har hatt det i dag. Kjenner nesten lukten av rundstykkene.
    Nam nam.

    SvarSlett
  9. eg er stum av beundring, Tove! Det er så nære familieidyllen ein berre kan koma, vil eg sei. Men sjølvsagt - med småfolk i huset er det ikkje så stor forskjel på kvardag og helg når det kjem til oppvakning. Og då er det jo fantastisk å nytta morgonstunda slik som dette. Det er nesten så eg vert freista til å prøve sjølv ;)

    Ser ut som du har kunstnarspirer i hus òg - så flott at dei får utfalde seg slik!

    Håpar resten av sundagen din vert like god som starten :)

    SvarSlett
  10. Vi sov til klokka ni. Hadde en liten tass mellom os si natt som ikkje har det travelt med å stå opp, hverken hverdager eller søndager.
    Neste søndag skal e ha klokka på vekking og komme til deg på frokost!Dåkk har det jo så koselig, og nystekte rundtsykker er toppen!
    Men det va no hvis det ikkje bi for glatt! :) Det er meldt kaldere vær.... kos dåkk, du har vel en dessert på bordet snart, som ingen andre kan still opp med maken til.
    Vi spis berre Lasagne idag, vi ble plutselig berre to heime... :(
    D

    SvarSlett
  11. Så herlig morgenstund!!!Du er en flink mamma og du...:-) Klem

    SvarSlett
  12. Må vere Liadalsnipa som har havna på lerretet, eller?

    Det er i alle fall ein fin tradisjon de har fått i stand i heimen :-) Slikt kan ein ikkje vente seg her. Varme "Hattings-rundstykker" er vel det næraste me kjem her.

    To siste morgonane har vi hatt det uendeleg godt med hotellfrukost for heile familien.

    SvarSlett
  13. Så pliktoppfyllande og flink du er! Reine hotellet med dokke på søndagane! Kunne godt tenkt meg å leige eit rom for ei laurdagsnatt :-)

    SvarSlett
  14. Så koselig søndagstradisjon da ! For en søt liten hjelper du hadde med deg !

    Håper du har funnet utmerkelsen fra meg i bloggen ! ;)

    Ønsker deg er herlig søndagskveld videre!

    SvarSlett
  15. Jada, samme her! Oppe kl. 07.00 og satte bolledeig (og pizzadeig litt senere) - her kaster vi ikke bort tida - haha (enda mine unger er ganske store da, 10 og 12.)

    Linket til deg fra siden min, synes du har så koselig blogg (og dialekt..og så har vi en felles drøm: Amerika for våre føtter, ikke sant!?)

    SvarSlett
  16. Hei igjen! Eg er frå Volda ja, men flytta derifrå for 8 år sidan. Volda er bygda i mitt hjarte, men deler også hjartet mitt med ein mann som vil dele livet sitt med meg der han kjem ifrå. Eg vil nok trivast like godt her som der trur eg. Det likevel alltid godt å kome heim til fjella våra, det er dei eg saknar mest.

    SvarSlett
  17. Det var nesten så eg kjente lukta av dei herlege rundstykka heilt hit. Ser ut som dokke har hatt ein herleg søndags morgon. Håper resten av dagen har vore like god.

    Eg linka til refleksbloggen din. Håper det var greit. Eit utruleg viktig tema, som eg har tenkt å blogge om i lengre tid, så ser eg du har blogga så utruleg bra om det. Flott at MN også trykte det. Du er ein dyktig skribent!

    Ha ein fortsatt god søndagskveld=)

    SvarSlett
  18. Skal tru om nokon la merke til dei aldeles lekre muffinsane i bakgrunnen av alle bursdagslysa???
    Dei har EG baka. heheh. Og dei smakte aldeles fortreffeleg!:))

    SvarSlett
  19. Hei hei.

    Nope, så stødig er jeg ikke på hånden dessverre.

    Jeg lager teksten i photoshop og printer ut. Og så bruker jeg vidundermiddelet mitt art medium igjen da vuttu:)

    Takk for koselig hilsen:)

    SvarSlett
  20. Kjære Linda! Muffinsane dine hausta mykje skryt. Terje proklamerte høgt og tydeleg at det var dei beste muffinsane han nokon gong hadde smakt - den skal du ha! Flinke lissjesystå mi....

    SvarSlett
  21. Ja, morgonstund har gull i munn....like godt å få noko positiv ut av morgonane når ein MÅ opp så tidleg.....Min kjære påstår som det B- menneske han er at kl. 07.00 er ikkje morgon, men meir for natt å rekne....hehe..så når han dreg på jobb til kl. 07.00 meiner han at dei første timane er reine nattevakta...hihi...

    Tusen takk for helsinga til Iver August...ja, tenk eitt år allereie. Kvar blir tida av ? Eg har hatt eit fantastisk permisjonsår og kunne gjerne tatt eitt til......men den harde fakta er at eg er på jobb att om 22 dagar...sukk... Må vel berre brette opp erme og begynne å motivere meg. Kjekt å vite at vi har ein god arbeidsplass då.
    men er nok litt misunneleg på ho som skal få dele kvardagen med veslebroren vår... :) Vi veit i alle fall at han har det trygt og godt når vi er på jobb.

    Ha ei god natt!
    Klem

    SvarSlett
  22. Å, trøyste og bære!Imponerande!
    Tidleg opp og i full sving!:)
    eg er dovendyr, men ..heldigvis er eg gift med ein morgonfugl!:) Så det hender at eg får nybaka brød eg også!;)
    På laurdag nådde ryktene meg om lokalavisa..har stått på hovudet her for å finna den! Truleg brukt til opptenning(..) Eg måtte jo då medele vedkomande min vesle hjerneutkobling (så fekk me le litt! Deiligt!)
    Ynskjer dykk alle ei god veke der oppe!:)

    SvarSlett
  23. Så flink du er!
    Mange kjekke innlegg her hjå deg.
    Refleks historien var tøff, det er mange med deg som sit med den skrekken i hausmørket..
    Du skriv kjempefint:)
    Blir heilt rørt eg!
    Ha ei kjempefin veke..

    SvarSlett
  24. Heisann
    Så koselig med tradisjoner, og den dere har med å lage rundstykker hørtes ut som en veldig fin og god tradisjon:). Hvem vil ikke har nystekte rundstykker nam nam. Hos deg får du også datteren din med, og dette må være ekstra koselig!!

    Ser du har fått kunstnere i hus. Skikkelig flinke er de:).

    Ha en fin kveld

    Hilsen Gamlå som har fått lånt seg PC hos Siba, men jeg tror ikke de klarer å redde bilde, men det kan hende så jeg får vente og se.

    SvarSlett
  25. Koselig tradisjon:0)
    Gjer det innimellom vi og, men ikkje kvaar helg,nei;0)
    Ligg noko å ventar på deg inne hos meg...
    Klem!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!