Tusen takk til alle, som med helsingar, kommentarar, e-postar og tekstmeldingar, gratulerte meg med dagen i dag! Ein kan miste fotfeste av mindre! Det er så kjekt å verte hugsa på, så kjekt å vite at nokon der ute har tenkt ein aldri så liten tanke på meg i dag!
Tusen takk for alle dei utruleg flotte gåvene eg har fått! Nydlege rammer, delar til Green Gate-serviset, Bonsai-tre (!), gåvekort, pengar, moltelikør til mørke kveldar, skjønne blomar, Lexington-morgonkåpe, Lexingtonbok og mykje meir! Og så har eg ikkje eingong hatt rund dag!!!
Tusen takk til alle dei som kom og feira dagen ilag med meg! Takk til mamma som laga verdens beste iskake til meg, til MIN FANTASTISKE MANN som faktisk var heime frå jobb i dag og vaska heile huset og laga istand til selskap, takk til elevane mine som uoppfordra stemde i og song bursdagssong til meg - alle har vore med på å gjere denne dagen til eit fantastisk minne!
(eg har lånt alle tre bileta frå Wink)
Seint på nett i dag eg, men eg rekk endå atti å gratulere deg med dagen ser eg. Kjekt at du har hatt ein flotte dag! Bursdagsklem utta øyane!
SvarSlettGratulerer her og! Håpar at du hadde ein flott flott dag :O)
SvarSlettSå kjekt med det som høyrest ut som ein perfekt bursdag! Gratulerar så mykje med dagen!
SvarSlettklem frå meg til deg :)
Heisan Tove.
SvarSlettEr visst litt seint ute, men GRATULERER så mykje med overstått dag!!! Høyrest ut som om du har hatt ein fortreffelig dag!!
Bursdagsklem frå meg
Alltid kjekt å kome på besøk, om det e bursdag eller ikkje! Men brownies-kaka di (kan den kallast det???) var no også snyta gode!!! Recipe på bloggen, takk! :) For ikkje å snakke om den fantastiske gulrot-kaka som han Terje hadde kjøpt... åh... whatta man.
SvarSlettGratulerer med Bonsai-tre! Det he ej også fått mej no! No kan me kanskje utveksle litt erfaringar rundt dette i pausa på kor:)
SvarSlett