mandag 22. september 2008

Plommegodt....

Vi har eitt frukttre att på garden. Då me tok over var her både epletre og plommetre, men det meste har diverre gått tapt som følge av omorganisering av tunet. Noko har vi prøvt å bevare, men trea er visst kjenslevare og likar ikkje alltid å verte dregne opp med rota (kanskje litt slik som oss menneske?). Så no står det altså eitt tre att, og det er ikkje kvar haust det forsyner oss med frukt. Men i år er treet fullt av raude, saftige og forførande plommer. I går fann husbonden ut at siste rest måtte plukkast. Då frysaren allereie er full av plommer, måtte vi vere litt meir kreative. Vi gjekk til innkjøp av brun rom og laga plommelikør!

016 017 018

Utstyret må vere i orden - også når ein lagar likør! Nede i kjellaren, i eit mørkt og klamt rom som eg aldri har tatt bryet med å utforske, kom eg for litt sidan over eit skap fullt med Norgesglas! Eg er svært glad i Norgesglas, og dette var som å finne ein skatt! Der var glas i alle storleikar og fasongar! I går vart nokre av dei grundig vaska, kokte og steama i steikovnen.

022  026 028

Mykje rom - meir rom - mest rom!

Plommene kosar seg i bakgrunnen medan eg lagar blandinga som skal godgjere plommene og gi deilig likør. Eg brukar 1 1/2 kilo plommer, 6 dl sukker og 6 dl brun rom. Prikken over i`en er å tilsetje ei eller to snitta vaniljestenger, det hadde eg ikkje i hus denne gongen, men det kan eg kanskje tilsette litt seinare. Raspa skal frå ein godt vaska lime skal òg vere godt!

030 031

Eg la plommene på glas før eg slo romblandinga over. Er det ikkje vakkert? Det blanke glaset og den gyllenraude fargen til plommene er ei augekvild i seg sjølv.

034   040

Med rom og sukker på plass i glasa, var det berre å setje på gummiringar og lokk! Kjende meg nesten litt gammaldags der eg stod, og med nøye presisjon la på plass gummiringen og skrudde på lokket. Men det å konservere frukt og bær i dag vert vel oppfatta som litt gammaldags, kanskje? Men du verden for ei lukke! Eg er oppteken av å nytte det ein kan hauste i eigen hage. Det ligg mykje viktig formidling til neste generasjon i å vidareføre slike tradisjonar.

042

No skal likøren stå på kjøkkenbenken min og godgjere seg i vekesvis! Glasa skal snuast kvar dag, så her gjeld det å passe på! Men kva skal eg så gjere med all denne likøren? Sjølv er eg ikkje så glad i likør (med unnatak av moltelikør, som gir meg kjensle av fjell og vidde). Det vert vel til at eg kjøper nokre fine flasker og lagar julegåver! Ei nydeleg flaske med søt, heimelaga likør må vel vere ein fulltreffar under juletreet???

Sidan eg er i konseveringshumør for tida, kan eg like godt lage meir likør! Kanskje nokon som les dette innlegget har tips til andre typer likør eg kan lage?

15 kommentarer:

  1. I går kveld fekk vi faktisk ein kurv med plommr og vi tenkte med ein gong på å lage likør. Men oppskrift hadde vi ikkje. Men NO veit eg korleis det skal gjerast! Takk og takk!

    SvarSlett
  2. Så nyyydelig det så ut!
    mitt tre fikk bare noen gule pittesmå plommer. Enda vbildet viste at det skulle komme store blå..??
    Skuffa jeg.

    SvarSlett
  3. Så lekker ut den plommelikøren, før itiden laga eg alltid kirsebærlikør til jul mmm, men plommer har eg aldri prøvd.men den hørtes god ut,
    Butikken min ligg i Sandnes, så eg er nok ett stykke fra deg.

    SvarSlett
  4. Hei! Tusen takk for hyggelig hilsen på bloggen min! Så bra at du fant meg for da kom jeg inn til den flotte bloggen din :o) Her var det såååå mye fine bilder...

    SvarSlett
  5. Desse bileta fekk meg til å tenke tilbake på mormora mi, og laging av plommesylte og hermetiske plommer. Det er så fint med norgesglas, det er nesten som det er pynt i seg sjølv. Når det er sommar, brukar eg å ha nokre av desse glasa ute med sterarinlys i.

    SvarSlett
  6. Så fantastiske bilder du har tatt :) Fikk virkelig lyst på likør nå hehe
    Ha en fantastisk flott mandag
    *Siv*

    SvarSlett
  7. Heisann!!

    ÅÅÅÅ du verden kor vakkert da,og plommelikør er sååå godt!!!
    Det var tradisjon heim med ho mor å lage plommelikør:)
    Men du.Eg bur ikje så langt frå deg....så eg kan no stikke innom,ja å hjelpe deg å snu glasa ja;););)
    Nyt likøren når den er ferdig!!
    Ha ein fin kveld:-)
    -Randi-

    SvarSlett
  8. Kjære anonyme Randi som ikkje bur så langt ifrå meg!

    Kjenner fleire Randi, men no vart eg rett nysgjerrig.... Får vel berre sitje her og gruble!!!

    Tove

    SvarSlett
  9. Mmm, det så utrolig godt ut!

    Mamma og pappa pleide å lage likør av tyttebær, og av blåbær. Av og til også en kombinasjon av disse to.
    Veldig, veldig gode!

    SvarSlett
  10. Dette så godt ut:o)
    skal si du nytter plommene godt:o)

    Kos deg og ha en fin uke:o)

    SvarSlett
  11. Nydelig vakkert, fargene, lukten :-)

    Gi meg mer tid og overskudd
    sier nå jeg :-)

    SvarSlett
  12. Hei gjen.
    Nei da ingen blogshop enda..men jeg har fått noen hennvenndelser vedr. puter og bilder som jeg har vist på bloggen:)
    GFortsatt god kveld.

    SvarSlett
  13. Ååh, det finnst eit uendeleg hav av likørar ein kan lage...
    Sjølv har eg sett plomme og blåbærlikør, og har og planar om ripslikør då eg har fått tips om at det er godt;9) Josefine sin blogg har laga blanding av blåbær/bringebær!! Tyttebær, rognebær, krekling...You name it, det meste kan brukast;0)
    Rom har eg ikkje sett før, Tove, eg har brukt 60 % sprit.. Spørs om vi ikkje må samanlikne rundt juletider *Smiiil*

    SvarSlett
  14. Så koslig blogg du har! :) Dei plommeglassene står også her ute på kjøkkenet. Min mor har hermetisert i heile dag :) Så da blir det plomme-dessert på oss alle :) Ønsker deg ein flott kveld! Legger deg gjerne til bloggen min om eg får lov :)

    SvarSlett
  15. Larsegutten7/9/09 18:13

    Hei!

    For ei lekker oppskrift! Men du, varma du romen og sukkert og lot det kjøle seg eller blanda du det kaldt før du helte det over de nydelige pærene? :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!