søndag 28. september 2008

...om sommaren som ikkje var slutt.

Ungar er så flinke til å finne lyspunkt. Dei let seg ikkje stanse av regn, hagl og kald vind. Dei kler seg godt, går ut og trassar uvèret. Det er vi vaksne som er allergiske mot dårleg vèr! Medan eg var oppteken med lammesteika i dag, var ungane ute og leika seg. Då dei brått kom strytande inn i gangen (grrrrrr, med moldete støvlar over heile golvet...), trudde eg minst det stod om liv! Men neida, dei ville berre opplyse meg om at det faktisk ikkje regna meir! Dei sprang like fort utatt og heldt fram med sitt. Det gjekk ikkje lange stunda før dei kom stormande ein gong til, like oppglødde og like skitne som forrige gong. "Sommaren er ikkje slutt, mamma!" Dei hadde rett og slett vorte så glade over at det ikkje regna, at dei like godt gjekk igong med å leite etter sommarstemning.

053 054

I mangel på hagemøblar dei kunne nyte finevèret i (dei er sørgeleg nok stua vekk for denne gong...), fann dei seg like godt ein gammal lenestol på låven! Der sat dei og kika på bestefar som trilla ved .

056 055 057

Vi bur i ei møbelkommune, og eg ser ikkje vekk frå at stolen er produsert på ein av dei lokale møbel-fabrikkane, rundt ca. 1950. Kanskje det er nokon der ute som kan tidfeste og plassere den betre enn meg?

058

Etter at vi kom heim frå kaffislabberas med bestemor, kom Ida trippande og sa at ho hadde endå meir sommar til meg. Då dei gode og mjuke barnehendene gav meg ein prestekrage, var all mold og sand i gangen gløymt. Vi sette den i eit lite eggeglas og den har fått stasplass midt på kjøkkenbordet! Ida meinte at vi på denne måten kan hugse på at sommaren IKKJE er over!

065

065

Det var snø på toppane i dag, og då kan det vere godt å kvile auga på denne sola! Dersom du studerer biletet kan du sjå det fantastiske mønsteret i sjølve blomen!

070

070

Vi gløymer ofte å studere blomane frå denne synsvinkelen! Det kan vere vel så interessant å sjå blomar på denne måten!

072

Ein liten kontrast, kanskje...???? Enten så varer sommaren leeeeenge i år, eller så er eg altfor tidleg ute med juleførebuingane!

071

Med prestekrage og Lexingtonbok på

nattbordet ynskjer eg alle ei god natt og ei

strålande flott veke!

7 kommentarer:

  1. Så gode dei er desse ungane våre!

    Du kan helse til Ida og fortelje at ho har gledja minst EI "blogg-dame" med denne prestekragen!
    Flotte bilete Tove!

    Lammesteika under her såg nydeleg ut!
    Kan ikkje forstå at du har aversjon mot lam! Eg har vore på fårikålmiddag med svigermor i dag, det var nydeleg godt:)
    God natt!:)

    SvarSlett
  2. Du Tove, hvor får du alle dei gode uttrykkan dine frå? Du burde få foten din i stand igjen og bli forfatter...sette deg ned å berre SKRIVE og SKRIVE og SKRIVE!! Eg vedder på at du var veldig flink å skrive stil når du gikk på skola, og eg vedder på at du likte det også! Og at skildring var din favoritt!?? Har eg rett?

    Iallefall var det godt å komme inn her idag og. Og prestekragen beviser atter engong hvilken STOR SKAPER som står bak. Kan du skjønne? Men det mønsteret i midten! SJÅ! Eg blir heilt stum...
    En god klem til deg, og en til ho som kom med den vakre prestekragen!
    No stikker jeg til Anna Lisa en tur. Skal jeg hilse?

    SvarSlett
  3. Det er utruleg kor lett det er for ungane å finne glede i dei små tinga...
    Prestekragen var heilt nydeleg og lokka i alle fall fram sommarsmilet mitt:0)
    Lammesteika såg nydeleg ut, og den kaka trur eg berre eg må finne ein anledning til å prøve ut;9)
    Ynskjer deg og dine ei fin veke!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Litt Ole Brumm (ja takk begge deler!)... Hihi sommer og jul... Gleder meg til jul. Det er så godt å ha noe å se frem til..

    Ønsker deg en super dag! :-)

    SvarSlett
  5. Det er alltid så herlig å komme inn her til deg Tove!

    Ønsker deg en fin start på uken :o)

    PS:Dette er IKKE ment som mas men jeg håper at du har funnet awarden som du har fått av meg :o)

    SvarSlett
  6. Det er alltid så kjekt å lese de koselige innleggene dine!!!
    Har bare hatt tid til å sveipe innom og lese, men ikkje lagt igjen kommentar :)
    Den iskaken skal jeg jammen meg prøve meg på, elsker jo å bake!
    Sååå skjønne barn du har! Jeg lurte også på om jeg skulle kalle min lille jente Ida, det er så fint. Men det ble litt dumt til Emil hehe
    Ha en fantastisk flott uke, det skal jeg :)
    *Siv*

    SvarSlett
  7. Så nydelege prestekragebilete! Utruleg kor forseggjort naturen er, fint å gjennom bileta dine bli minna på å ta seg tid til å sjå etter! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!