onsdag 3. september 2008

Om poteter og slikt...

 002

Sjå for deg scenarioet: Du er på butikken og skal handle. Potetsekken vert nøye studert og endevendt før du omhyggeleg plasserer den i handlevogna. Det må ikkje vere våte flekkar på utsida, då kan det vere rotne poteter i sekken. Det må ikkje vere hòl i posen, då har der vore andre hender og studert potetene før deg. Datomerkinga vert nøye sjekka, den påstempla potetstorleiken like så. Det er også kjekt å vite kva gard potetene kjem ifrå (ikkje at det betyr noko, men det er kjekt å vite, sånn i tilefelle...). Og så er det potetsort. Alt var så mykje enklare før, då potetene heitte Laila, Beate og Kerrs Pink. No heiter dei Gullauge, Ostara, Snøgg, Peik, Troll, Rutt, Brage, Ottar - berre for å nemne nokre! Ikkje kjenner eg namna, og ikkje kjenner eg kva kvalitet dei ymse sortane har. Ikkje det at eg er kontrollfreak, men  eg likar å ha kontroll på eigenskapane til maten eg et! Siste enda eg opp med Ostara. Var skeptisk då eg kom heim og skulle opne ein Ostara-sekk for fyrste gong, men potetene såg reine og fine ut. Undervegs i kokeprosessen vart alle mine fordommar slått til skamme, for poteten var både kokefast og hadde fin farge! Så no kan det faktisk hende at Ostara snik seg inn på Topp 3-lista mi, ilag med Beate og Laila!

Men så over til det som har vore ein verkebyll heime med oss siste sju-åtte åra. Kvar i alle dagar skal ein oppbevare potetene??? Ikkje har eg mørk og kald potetkjellar, og ikkje har eg matbod. Den evinnelege potetsekken har ikkje hatt sin faste plass her i huset. Av og til  i kjøkkenkråa (som på biletet over), av og til i kjellartrappa, andre gongar inne i karusellskapet eller i ein av gangane. Det har, som du forstår, ikkje alltid vore like lett å finne potetene når ein skal lage middag. Eg har ofte tenkt at det må finnast ei løysing på problemet, men i køa av "ting ein treng", har liksom potetsekkproblemet aldri vorte prioritert. Men så plutseleg......

I ein av dei minste, men mest innhaldsrike interiørbutikkane eg har vore innom, stod løysinga brått framfor meg! Ei skinande, kvit emaljert bøtte med lokk og hòl i botnen - kun for poteter!!! Der hadde eg altså løysinga på det store potetproblemet!

003 009

005 007

Var ikkje dette ein snerten, liten sak??? Det får så vere at den var dyr, denne bøtta skreik etter å få vere med meg heim! No står den så flott og pyntar opp kjøkkenkråa mi. Det skal ikkje ein potetsekk meir i mitt hus! No lurer eg sjølvsagt på om det berre er eg som har vore greinalaus på potetoppbevaringsområdet! Hadde vore interessant å vite kvar DU gøymer potetene dine??!!??!!

(For dei som måtte lure, og det er vel alltids nokre av dei, så kan eg fortelje at det er ekte kork på kjøkkengolvet mitt - av edlaste sort! Fantastisk godt å gå på og utruleg enkelt å halde reint! Og så kan eg slipe det ned og lakke det, akkurat som med parkett!)

9 kommentarer:

  1. Gratulerer med vel overstått dag, forstår at den har vore særs vellukka:-D Den potetbøtta var utruleg smart, eg har desverre ikkje noko god unskyldning for å kjøpe ei sån då me ikkje kjøper store sekkar poteter. Er stort sett berre eg og veslesnuppa og da får me plass i kjøleskapet til dei få potetene me treng.

    Har tenkt at seilduk hadde vore ypperleg til ei solid lærarveske, men kvar får ein tak i det. Er heilt sikkert svindyrt også kan eg tenke meg....

    SvarSlett
  2. Heisann
    Tusen takk for ein kjempe fin blogg du har!!
    Men da eg ikkje har blogg sjølv(eg er berre ein "tjuvkjikkar" så visast eg som anonym,men mitt nanm er Randi frå Mørekysten...havfrue:-))
    Men jaggu er det lærerikt å lese/sjå inn til dokker som har blogg:-)))takker for det!Men du...Den POTETBØTTA var eit kjempe møst spør du meg:-) Men kor i alle dager får ein kjøpe ei sånn ei ( det må vere nært Ålesund eller på nett)? :)))PS! Håper på svar eg:)
    Ha ein kjempe fin dag!

    SvarSlett
  3. Jeg vil ha sånn potetbøtte....kan du hjelpe meg?? ;) Skikkelig flott, helt genial! Håper du hadde en flott dag i går ;) Jeg er oppvokst med sånn kork på kjøkkengulvet.....beste gulvet i hele huset var det, med en deilig lunk av varmekablene under ;) Klem

    SvarSlett
  4. Genialt.... Kar har du kjøpt den?
    Her i Volda/Ørsta?

    SvarSlett
  5. Genialt med den potet bøtta.Hvor har du kjøpt den? vi har heller ikke noe plass til oppevaring av potet men det er ikke noe problem for vi er bare to stykker,men bøtta har jeg villet hatt. Har ikke vært på bloggen din før. Skal lese mere no.Ha en fin dag.

    SvarSlett
  6. Du og du, så praktisk! Her vert potetene stort sett stappa ned i grønsaksskuffa i kjøleskapet, men då er der jammen ikkje plass til stort anna, heller! Ei slik ei hadde ikkje vore dum å ha. Eg lurer òg på kor du har kjøpt vidunderet. :)

    Ha ein triveleg onsdagskveld...

    SvarSlett
  7. Ja, no ventar vi alle spent på kvar du har kjøpt den, og pris?

    Sjølv har eg vakse opp med potetbingar i kjellaren, ein med Pimpernell og ein liten med Kerrs Pink. Marerittet kom over oss, meg og eldste bror min, på nyåret når alle attverande poteter skulle "ålast"! (Barnearbeid, spør du meg!) Kjekkast var det når yngste-tante hjalp til og hadde med seg den vesle, mono-kassettspelaren sin og vi song ABBA for full hals. Då gjekk timane litt fortare.

    Kanskje det er difor eg et så sjeldan poteter? Og etter å ha lest om all akrylamiden som dannar seg i ovnsbakte poteter (over 180 grader) vert det vel sjeldnare...

    Dei eg har blir oppbevart i ei stor, svart plastblomsterpotte i kjellartrappa, med eit stoffstykke over :-)

    SvarSlett
  8. E burde lest kor de andre gjem potetposene sine, men det ork e ikkje... for e har det travelt med å fortell deg at e har gjort det presis på samme måte som du... oftest i kjellertrappa... Noengang har e hengt den opp i ei plastveske i den samme kjellertrappa og helt glemt at e hadde fra før og så kjøpt ny potet...
    Jaja, BØTTA VAR IKKE MINDRE ENN UUNNVÆRLIG! E BERRE MÅÅÅÅ FÅ TAK I I SÅNN! Men det må jo gå ann med ei ganske vanlig sånn bøtte, sjøl om det ikke står poteter skrevet når jeg kjøper den.. skal vel få til å skrive sjøl, både på norsk og engelsk og kartoffel og allting... pssttt .... pris?? :)

    SvarSlett
  9. Ååå, nå ble jeg misunnelig! Den var bare helt lekker da :0) Og i tillegg praktisk! Vi er bare 2 som spiser poteter, så jeg kjøper bare små poser som passer i kjøleskapet..

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!