fredag 12. september 2008

"Blek, men fattet"

Neida, eg snakkar ikkje om meg sjølv (det hadde forresten ikkje vore heilt utenkjeleg, då eg sit gjerandelaus i ein stol og helst ikkje skal bruke foten). Eg snakkar derimot om solsikkene til ungane. Dei fekk nokre frø med bestemor som vart sådd etter alle kunstens reglar. Etter ei litt for lang periode i små potter,med vanstell og altfor lite kjærleik, laga Johan eit blomebed til dei attmed leikarhuset. Det hugsar du kanskje frå dette innlegget. No har solsikkene vokse seg store og sterke, og vi har venta og venta på at blomane skulle sprette ut. Då dei endeleg gjorde det, vart vi stadig meir forundra. Fargen på blada var så utruleg bleik!!!

001 002

Skal det vere slik??? Det er sikkert blomekjennarar der ute som har eit fornuftig svar til meg. Sjølv er eg heilt sikker på det skuldast litt for lite gjødsel, ringe kår i oppveksten og kanskje litt for mykje skugge. Flotte og ranke er dei i allefall, og ungane er svært stolte over gartnarferdigheitene sine - og det er det viktigaste!

Men det var noko anna i går som og framstår i ein noko bleikare variant enn før, nemleg solnedgangen. Det er ikkje mange vekene sidan himmelen var flammande raud når sola gjekk ned. No er fargane annleis; bleikare, rolegare og kanskje med eit snev av kulde. Vi hadde ein fantastisk kveld ute att med ungane i går, er det rart?

004 

Tenk å kunne vakne til denne utsikta kvar morgon! Å sitje på trappa med ein god kopp ettermiddagskaffi og kjenne stress og mas frå dagen berre forsvinne. Og når kvelden sig innover oss og sola går ned bak fjella, sit eg framleis sit på same trappa med ei uendeleg lukkekjensle i magen - og takkar for at eg bur der eg bur.....

4 kommentarer:

  1. For en fin solsikke:)
    Og nydelige bilder av utsikta di:)
    Fantastisk!!!
    Du har fantastisk blogg. ville bare sei det. Du har fått en award av meg.
    Ønska deg ei riktig god helg!!
    Bless Bless....
    Klem frå Reykjavik

    SvarSlett
  2. solsikkene var fine, selv om de var noe bleke...vi venter fremdeles i spenning på våre...for de har ikke blomstret enda!!det tok forferdelig lang tid...
    ha ei fortreffelig helg, hilsen smøla.

    SvarSlett
  3. Må seie eg misunner deg litt for den flotte utsikta kvar dag. Så fint at du deler den med ein ørsting i eksil :)

    SvarSlett
  4. Kanskje dei skal vere slik, solsikkene altså. Det finnest mange sortar... Uansett var dei kjempefine :-)

    Og god bedring. Trasig med den foten din :-(

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!