fredag 12. september 2008

Utstøytt Twist!

Til trass for at eg eigentleg er sjukemeld pga eit brot i fotbladet, har eg vore på jobb heile veka (huff, håpar ikkje han som skreiv sjukmeldinga les dette....). Men i dag, ein deilig og solfylt fredag, er eg altså heime og sit med beina høgt. Det vil seie; eg måtte sjølvsagt administrere litt klesvask fyrst, sette ei brøddeig og støvsuge litt før eg kunne sette meg ned for godt.

Så vel til rette i godstolen med pc`en på fanget, var planen å setje til livs siste restane av Twist som låg att frå bursdagen min. Idèt eg tek skåla nærare i augesyn, kjenner eg skuffelsen sige innover meg....

087 084

I skåla ligg det sjølvsagt berre dei twistane som ingen vil ha! Dei utstøytte og lite populære som ein like godt kunne latt vere å putte i posen. Irritasjonen og søtsuget gav seg heldigvis fort, og eg tusla meg ut på kjøkkenet og henta meg eit deilig, saftig og nyplukka norsk eple.

Men fordi eg er ein nygjerrig type, så lurer eg sjølvsagt på fylgjande: KVA SLAGS TWIST ER UTSTØYTTE HEIME HOS DEG, OG KVA ER FAVORITTEN DIN???

Vonar på mange, søte twistsvar på dette innlegget. Min favoritt er forøvrig den med banansmak !

5 kommentarer:

  1. Av de avbildede er det kun 1 -en- som hadde vært utstøtt hos meg.
    Og det er Cocos-twisten. Liker ikke den overhodet (nuvel, det har vel hendt at den har funnet veien ned i magen en og annen gang i nødens stund)!

    Jeg er også spesielt glad i banan, samt lakris!

    SvarSlett
  2. Alle disse hadde nok forsvunnet fort hjemme hos oss........den "blå" og Cocos er en av mine favoritter :-).
    Hjemme hos oss så blir stort sett marsipantwisten liggende igjen.
    God bedring!

    SvarSlett
  3. Du - eg TAR gjerne den Nougat crisp eg :)
    smil og god bedring til foten din :)

    SvarSlett
  4. Eg tar gjerne sjokoladekaramellane, eg... Men eg går først etter daim og marsipan. Men eg kan ete alle dersom eg må :)

    SvarSlett
  5. Cocos må ut!!! Fysj og fy. Altså, millimeterlaget med sjokolade utanpå er dugeleg, men deretter er Cocosen eit sorgens kapittel. Ut!!
    Den med rennande karamell er soleklar favoritt!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!