fredag 12. september 2008

Lyse detaljar

For ei tid tilbake såg eg at ymse bloggar hadde ei utfordring som gjekk ut  på at ein skulle seie noko om ein favorittfarge når det gjaldt interiør. Når eg no likevel sit her, ute av stand til å gjere anna enn å blogge, tenkte eg at skulle hive meg på denne utfordringa.

Eg er glad i dei lyse fargane. Ikkje nødvendigvis kvitt, men lyse fargar med innslag av naturtonar. Det som er så fint med lyse fargar er at ein ikkje treng meir enn ein liten fargeklatt for å endre inntrykket heilt - og fargeklattar har eg mange av! Velkomen skal du vere til denne rundreisa i min lyse heim!

044 041

Det fyrste som møter deg er denne veggen i gangen. Gangen er lang, upraktisk og med lite plass til å henge frå seg klede. Mine kreative foreldre kom opp med denne planen, rett og slett ein liten utstikkarvegg som skjuler litt klesrot på baksida og som gir kjærkomen knaggplass. Akkurat no er blikkfanget ei veske som denne fantastiske dame har laga! Er så glad i dei rosa detaljane, og det ser så delikat ut mot det kvite.

042 052

To irrgrønne planter på toppen av utstikkarveggen og steinsamlinga til Ida. Kvar gong ho kjem heim med lommene fulle av steinar, plukkar ho ut dei finaste og legg dei i vindaugskarmen på gangen. Sjarmerande...

014 006

Døra inn til badet har framleis originalfargen, ein slags dus mosefarge som eg faktisk har lært meg å like. Det "gamle" emaljeskiltet er eg glad i. Lys krukke mot lyse gardiner. Etter fire-fem år i gardinlaus tilstand, har eg faktisk forstått at gardiner er store miljøskaparar! Eg treng dei ikkje for innsynet sin del, men dei gjer det lunt og heimekosleg. Gardinene mine på badet er mine absolutte favorittar!

039 020

Detaljar frå soverommet. Gamle fyllingsdører og moderne kunst, sjølvpynta spegel og lavendelhjarte.

021 017

015 016

Favorittmorgonkåpa må sjølvsagt ha ein staseleg knagg å henge på!

023 031

Kvar morgon vaknar eg til denne vakre utsikta og ei påminning på spegelen om at ein skal vere glad i seg sjølv.

036 048

På nattbordet ligg den mest stemningsfulle  juleboka eg veit om, og som mange sikkert har sikra seg i desse dagar. Den vil nok vere rettesnora mi for julepyntinga mi i år (sjølv om den seier at detaljar i raudt er fy-fy...) Skiltet er laga av denne kreative dama.

055 061

Brødboksa mi er uunværleg! Den skjønne blomsterpotta har eg fått med mi gode venninne Ingrunn. Orkidèen som budde i krukka har slutta og blomstra og står vekkstua i eit litt mindre solfylt vindauge. No er det ei anna spennande plante som står der. Eg har fått den med mi gode venninne Anne Mette. Planten faldar ut dei djupt burgunder blada sine på dagtid, og når skumringa set inn brettar dei seg elegant ihop. Fascinerande!

057 056

Har eit skjønt "bestemorskap" på kjøkkenet som rommar dei mest romantiske koppane mine. Kva er vel då meir naturleg enn å ha eit hjarte som dørvaktar...?

066 067

Det er ikkje til å legge skjul på at eg er ein smule anglofil, og har alltid drøymt om eit kakefat på stett som en kan servere kaker eller snittar på.  Og så var eg så heldig å få dette flotte stettfatet med lokk i bursdagsgåve med systra mi. No ventar ho vel berre på invitasjon til teselskap.....

069 068

Utsnitt frå to oljemåleri på stova mi. Har eit moderne og minimalistiske trekk, og  fargane appellerer til meg.

063 074

Den grove og rustikke krukka til bonsaitreet mitt er så vakker (også denne frå syster Linda...). Glashjertet fekk eg med mi gode venninne Gry til bursdagen min, og minner meg på kor skjørt eit hjarte kan vere.

090 082

Det Lexington-inspirert pleddet mitt ligg på sofaen og ventar på middagskvilder, lesestunder i lag med ungane, kosetid med te og stearinlys og til sløve stunder framfor fjernsynsskjermen.

Takk for at du tok deg tid til å vere med meg på denne vandringa! No utfordrar eg andre til å ta oss med på ei reise gjennom ein favorittfarge!

15 kommentarer:

  1. hei, så lekkert! tja...en liten vandring i casa de Nordseth...vel, jeg får se. jeg trenger jo ikke ta bilde av alt rotet rundt de fine tingene...

    SvarSlett
  2. Så fint du har det!
    Du, hvor har du kjøpt de stjerne-pleddene/ hvilket merke er det? Likte de kjmpegodt!

    SvarSlett
  3. Ser ut som om du har ein nydeleg heim. Vakre bilete:)

    SvarSlett
  4. Masse lekre lyse detaljer! Fin påminning på speilen, en god tanke å våkne til.

    Ønsker deg en kjempfin helg!

    SvarSlett
  5. Så masse fine detljer fra hjemmet ditt!! Ser ut som du har det koselig rundt deg:o)

    Ha en fin helg:o)

    SvarSlett
  6. Takk for en herlig vandring i hjemmet ditt Tove :o)NYDELIG!

    Ønsker deg en god helg og god bedring med foten din!
    Klem

    SvarSlett
  7. Så fint du har det hos deg! Var smart med den lille veggen i gangen. Vesken var bare helt skjønn! Og så likte jeg speilet og stettefatet :0) Håper du blir fort frisk i foten!

    SvarSlett
  8. Jeg digger speilet og morgenkåpa di!!!Kunne virkelig passet hjemme hos meg!Håper du får en super kveld!

    SvarSlett
  9. Takk for teppetips! Må nok ta meg en tur på Princess i morgen... Skal ellers legge ut noen bilder av et ganske så ferdig prinsesserom nå :-)

    SvarSlett
  10. Så utrolig mye lekkert du har hjemme hos deg :)
    Og flott "beskjed" på speilet. Man må jo elske seg selv før man kan elske andre...
    Ha en riktig så flott helg!!!
    *Siv*

    SvarSlett
  11. så koselig å se:) og så mange nydelige ting...jeg likte også veldig godt speilet...og utsikten;)
    ha en fortsatt trivelig kveld
    klem tara

    SvarSlett
  12. Så koseleg du har det, lyst og triveleg og med ein liten dæsj farge her og der, akkurat slik eg og likar det. Den teksta du har laga på spegelen din likar eg ekstra godt, du skal ikkje sjå vekk i frå at ideen vert "lånestjelt", kunne tenke meg å gi noko liknande i gåver til jentene mine. Alle kan me trenge ei slik påminning kvar morgon og kveld:-) Du skriv så mange flotte innlegg at eg knapt klarer følge med, her er ungane så store at mor står sist i køa til dataen.. Rart med dei solsikkene, har aldri sett så lyse før.

    SvarSlett
  13. Ps Angåande den veska, kan du tenke deg mørkeblå og med stjerner ala Lexington? Har eit solid stoff i mørkeblått som kunne tole litt tung lærdom;-)

    SvarSlett
  14. Kjempefint. Akkurat slik eg vil ha det sjølv, men som ikkje let seg gjennomføre alle stader i huset.
    Tusen takk for titten ;-)

    Var forresten ein del av utsikta di i går kveld. Hadde ein kjempekoseleg kollegatur til Raudøya.

    Ha ei fin helg, til tross for uventa regnvér. (Har ikkje registrert i meldingane at det skulle bli slik!?)

    SvarSlett
  15. Så fint du har det! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!