torsdag 18. september 2008

...ein traktor fortel

 040 059

Ein stad ned i bygda står det ein traktor. Ein gammal traktor. Rusten. Prega av aktive år og i åker og skog. Likevel er traktoren stadig i bruk. Stadig nye prosjekt på gong. Alltid til å stole på.

041 060

Noko gamalt, noko nytt. Ikkje lett å finne originale reservedelar til slike travarar.

043 045

Krok og kjetting, ein uslåeleg kombinasjon. Mykje har vorte drege til gards med denne kroken; tømmer, hjorteslakt, saueskrottar - og mykje har vorte berga; bilar i djupe snøgrøfter vinterstid og båtar i fjøresteinar sommarstid. Kva er vel ein traktor utan krok?

057 063

Viktige instrument på dashbordet. No meir som ein kuriositet. Eigaren og traktoren er gode vener, og treng ingen indikator som viser når oljenivået er for lavt, eller når det er lite drivstoff att. Eigaren kjenner han ut og inn og veit nøyaktig når det er på tide med omsorg og påfyll.

048 049

Det er her det skjer. Her alt vert styrt. Speedometeret manglar, men noko fortel meg at eigaren ikkje har behov for å køyre så fort. Fart eignar seg dårleg for slike heltar.

054  042

Den gamle Massey`en kviler i majestetiske omgjevnadar - som seg hør og bør.

061

Den gamle traktoren kviler, men berre for ei stund. Nye arbeidsoppgåver ventar. Om ikkje lenge skal han drive ein vedakløyvar. Både eigaren og traktoren gled seg til desse stundene. Dei er to-eine og like trufaste mot kvarandre. Begge med like mykje pågangsmot - like mykje arbeidslyst. Og like mykje å glede seg over.

9 kommentarer:

  1. Heisann så koselig innlegg du har her :)) flotte bilder har du også tatt. Dette likte jeg.
    gamlå

    SvarSlett
  2. Veldig flotte bilete her Tove!

    Eg tok ein del bilete i same sjanger då vi rydda rundt "gamleløda" her i vår, der var så mykje gamle reiskap og tankane mine gjekk tilbake i tid... Ja, eg er ein dagdrøymar. Eg såg føre meg livet på garden for 100 år sidan, drøyme,drøyme... Ja no gjer eg det igjen.
    Og innlegget ditt gjekk nok ein gong "rett heim" hjå meg:)

    Du skal absolutt IKKJE ha dårleg samvit for at du ikkje har sendt avgarde overraskinga til meg, men EG har litt dårleg samvit for at eg ikkje har invitert deg fram.
    Har tenkt litt på det, at du og Laila kunne kome fram ein dag (trur Laila er ein "skap-bloggar" som snart vågar å ta steget;) ikkje sant Laila? Eg trur ho les dette;) )

    Og når det gjeld det med "ein ting inn -ein annan ut" så er eg sikkert ikkje flink nok, men eg prøvar! Forbrukarsamfunnet uroar meg, så eg ser helst at det eg kvittar meg med går til gjenbruk:)

    Nei no skal eg stoppe, vart langt dette...
    Snakkast:)

    SvarSlett
  3. For et koselig innlegg!! Lurer på ka for en fjelltopp som ruver bak gammeltraktor'n...

    Flotte bilder var det også!!

    SvarSlett
  4. For en helt...både traktoren og han som har omsorg for den!
    Veldig koselig innlegg, Tove.
    Endelig fant jeg deg igjen...jeg hadde linket feil, kom til det flotte babyteppet hver gang...så jeg trodde allldri du oppdaterte...men, joda!
    Ha ei god helg!
    smil Torunn

    SvarSlett
  5. So flotte detaljar på ein "slitar",verkeleg fine bilder.
    Bonden er vanlegvis ikkje noko særleg interessert i blogging, men dette må eg vise han.
    Ha ei god helg!

    SvarSlett
  6. Å kor koselige bilder :-)
    Ja det er Rart dette med traktor - no skal dei vere STORE , gjerne med ein datastyrt hjerne - og er det noe som feiler - nytter det ikkje å skru - nei da må ein reise langt bort vekk og fikse

    vi har også ein slik gammel traver - vår er da grønne - slike som alle andre traktorer vi har :)
    Sivert holder på å lære seg litt traktor - og da er denne lille sliteren go og ha
    Selger vi den, får vi ein dårlig pris - men for oss er den gull vert.
    Selv om det er dei STORE som teller mest - så er det godt å hå ein liten traktor og

    Flotte bilder med tekst iallefall

    Se nytt stoffbilde på bloggen min da - fant noen stoffer som eg trur du kan like - pris, har eg ikkje tenkt på, men kva ga du for den strandveska di da ??
    Smil fra monika

    SvarSlett
  7. Du tar altså så flotte, beskrivende bilder... Stum av beundring!

    Det rydde innlegget ditt lenger ned her synes jeg ble veldig påtrengende her jeg sitter med laptoppen på fanget og skuler på 12m med støvsugerslange. Er som å prøve å temme en anakonda hver gang den skal brukes og jeg føler meg ikke klar til noe temming nå, men må vel bare siden en skal rydde når en bestemmer seg for det og ikke la andreting, som blogging, komme i veien. Må bare liiiit først;)

    Fant du noe fristende på Slettvoll da?


    Ha ei strålende helg!

    SvarSlett
  8. Vakkert, Tove!! både bilete og foto!! Og Vartdalshonne i bakgrunn...

    Og gooode råd om opprydding lengre ned her ja!! Var lenge siden jeg stakk innom nå, men duverden så TRIVELIG!! Takk for kaffen!!
    Og god helg!!

    SvarSlett
  9. Koselig innlegg og fine bilder:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!