fredag 19. september 2008

Peiskos...

peiskos

Skulle hatt denne peisen... Skulle ha fyrt med tørr bjørkaved, med never som knitra i flammane. Ungane skulle sitte i trappa med varma kakao, ei god bok og hunden liggandes tett ved sida. Eg skulle kome inn, våt og kald, ferdig med kveldsturen i sildrande regn. Det skulle vere stille i huset. I det dunkle lyset frå flammane skulle eg kose meg i armkroken til min kjære, med ein kopp te og ei god bok.

Det er vel lov å drøyme???

(biletet er henta frå siste utgåve av Vakre Hjem og Interiør)

13 kommentarer:

  1. Ja, den peisen hadde vore noko....er spent på foten. Gjekk det bra i går??

    Så over til noko anna...har kava i heile haust med å laste windows live writer, men kjem meg ikkje inn på sida deira. Får berre at denne siden kan ikke vises....begynne å lure på om det er noko på maskina mi som sperrar eller ??? Veit du råd ???

    Øskjer deg og dine ei super helg Tove.

    Klem

    SvarSlett
  2. Ja dette hørtes bare koselig ut:o)

    ha en fin helg:o)

    SvarSlett
  3. jeg får nesten sommerfugler i magen!!!;)Høres herlig ut!Du vet drøm kan bli virkelighet ikke sant??

    SvarSlett
  4. Det er så godt å ha noen drømmer....
    Nydelig peis dette her ja og jeg skulle nok ogsp klart å venne meg til en sånn :-)

    SvarSlett
  5. Takk Tove.....det var så langt ej kom mej då ej prøvde og når ej så trykke install, så kjem ej berre til " denne side kan ikke vises"...grrr...blir so frustrert:)
    Vi har eit eller anna på maskina frå før, men får det ikkje fram, veit ikkje om det er noko som sperrar her, må prøve på Mathea si maskin i morga....ho he spart og spart stakkar lita og endeleg har ho fått råd til berbar pc :)
    Får sjå angåande neste fredag..har ikkje bestemt meg. Skal du ?

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  6. Veit at der er visse krav til PCèn, kan også vere brannmurar o.l. Håper du får det til, er ei heilt ny bloggeverden når du brukar dette!
    Eg skal til Volda, ja. Reknar med at eg ikkje får med meg julebordet, så då lyt eg prøve å hive meg med no. Kjekt om du blir med!

    SvarSlett
  7. Så nyydlig bilde...det er gratis å draume!!!!

    Liadalsnipa yes of course!!!!!!

    Oi,,oi,,,ikke si det til de du veit på Sætre da....så feil kan man ta!!!

    God bedring med foten din og god helg!!!

    SvarSlett
  8. Hmmmm... det var ein fine drøm :)
    Vi har heller ikkje peis - men ein go vedovn, som blir flittig i bruk
    Nattaklemma

    SvarSlett
  9. Hei igjen! Ja det lysthuset liker jeg veldig godt å være i, er utrolig koselig å sitte dær med tente stearinlys og mørkt ute!
    Ha ei super helg!
    :)

    SvarSlett
  10. Hehe, jeg gikk først fem på...
    Men det hadde vært for godt for å være sant at den peisen var min, så jeg slenger meg med og drømmer, jeg også...
    Iallefall blir jeg facinert over hvor mye fint som finnes... og enda mer takknemlig over det jeg HAR, som er mitt...
    Ønsker deg god helg! Idag ser jeg det har regna her, men det er sol inn vinduet, så jeg er spent på lørdagsværet. Elin er hos oss i helga, så vi hadde baking igår, før vi koka kaffe til farfar og onkel Ole og satte oss med hver vår strikking. Du kan tro ho er flink, sjøl om ho ikke fyller seks før i november... julegaveproduksjon ho holder på med... :)

    SvarSlett
  11. Det er absolutt lov til å drømme...

    Elsker peis og vi har peis på alle ildstedene i huset vårt ;-)

    Det er kjempekos og et virkelig samlingspunkt - gir både ro og harmoni i sjelen, og så god varme da!!

    SvarSlett
  12. Vakkert vakkert, kjære syster. Og sjølvsagt må du få lov til å drøyme! Men her må eg få bryte inn, av denne grunn:
    1. For det første - Er det ikkje litt upraktisk med ein peis midt i trappa??? Ikkje får du godstolen innåt, og kor behageleg er det eigentleg å sitte i ei trapp??
    2. Dine skjønne småtroll sit nok neppe stille, og iallfall ikkje i ei trapp :) OK då, med nylaga kakao gjer dei muligens det.
    3. Men dei held garantert ikkje stilt! Og skravlar nok i veg om dagens opplevingar og erobringar, og peprar deg med "mamma, høyr då", "mamma, veit du ka", "mamma, mamma", til det ringjer i øyrene dine, og du saknar bruset av elva og regnet som plaskar på regnhatten din.
    4. Hunden kan nok i nøden ligge stille, men han ligg vel helst under godstolen, som ikkje får plass ved sidan av denne peisen! Og så lenge ungane jabbar i veg, og diskuterer alt i frå kakao til hermetisering av larvar, så forsvinn nok vesle Rambo som eit lyn i det fjerne...
    5. Kveldstur i silande regn? Det er vel då slike som du og eg nyt å vere inne ved sidan av ein peis. Turen tek vi når det er opplett :)
    6. Klarer du verkeleg å lese ei god bok djupt nede i ein armkrok, med kun flammar som lyser opp rommet? Jammen bra du har dei beste augene i familien :) Men sjølv då trur eg du kjem til kort...

    Heheh. Men for all del. Det er lov å drøyme. Og heldigvis kan mange draumar gå i oppfyllelse, slike som denne! Dei som aldri har sotte ved ein peis og sett djupt inn i flammane, har gått glipp av noko. Mamma og pappa skiltar nok med verdas finaste peis, spør du meg.

    God kveld.

    ;)

    SvarSlett
  13. Så herlig og koselig du skriver! Du er en ekte nyter av natur og livet rundt deg! Du ser skjønnhet i ting som andre kan gå rett forbi..
    Bildene på bloggen min fra i sommer er fra Sognefjorden, mange fra Kaupanger hvor min eldste datter bor.
    Takk for besøk hos meg, stikk snart innom igjen...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!