mandag 11. august 2008

...om å leve ut ein draum

I eit tidlegare innlegg kom eg med lovnadar om å skrive meir om den gamle skulestova eg besøkte på laurdag. Det var vel ikkje akkurat eit vanleg besøk, eg var der på dugnad.

034  033

Det er 104 år sidan skulen var bygd, og omlag 50 år sidan skulen vart lagt ned og flytta til større og meir praktiske omgjevnadar. No skal gamleskulen på Bøen pussast opp og gjerast om til fotostudio.

047 Denne skjønne jenta har på ingen måte masa seg til spalteplass på bloggen min, men ho får det likevel! Ho er verd all den heiderlege omtalen ho kan få, for dette er ei dame med mange talent og evner. No skal ho altså starte opp fotostudio i heimbygda mi! Eg er ein stor bygdepatriot og vert over meg av begeistring kvar gong eg høyrer at folk skal flytte hit eller etablere seg her med næring.

Ma, som har røtene sine her i bygda, kom flyttande tilbake hit frå Oslo med sine tre skjønne ungar, fotoutsyr i baggasjen og ein STOR draum. Ho er fotograf av yrke og ville starte eige studio. Gamleskulen var sjølvsagt midt i blinken, då det er bestefar hennar og ein gamleonkel som eig bygget. Ingenting er kjekkare enn at det påny vert liv og røre i slike gamle bygg.

Ma har mykje arbeid framføre seg. Mykje har ho gjort og mykje står igjen. Utrøytteleg har ho stått på frå morgon til kveld, med ungane og næraste familie som oppmuntrande og hjelpsame støttespelarar. Alltid optimistisk, alltid like blid og alltid like raus med godord og omsorg for andre.  Slike flotte sjeler har ein lyst å hjelpe, så eg ville sjølvsagt vere med på dugnad!  

Og FOR ein dag det vart! Vi skravla, mala, kosa oss med dugnadsmat, skravla litt til og fekk unna mykje arbeid. Dugnad er ein undervurdert aktivitet, og det er trist at folk stort sett har meir enn nok med seg og sitt. Kven kan vel motstå å hjelpe denne skjønne jenta? No vonar eg at det vert fleire dugnadstimar og fleire dugnadshender. ..

030 069 067

Om ikkje lenge skal små og store foto-objekt ynskjast velkomne av denne flotte fotografen.  Og kanskje vanker det ein kaffitår på trappa for pratelystige turgåarar?

020 021

Gamle kjærleikserklæringar måtte forevigast før malarkosten tok dei. ..

Dei som har lyst å lese meir om Fotograf Ma, kan sjekke ut desse sidene:

http://www.magicmoments.no       og       http://www.fotografma.blogspot.com

I dag var eg òg så heldig å få to prisar med Ma, i tillegg til rosande omtale på bloggen hennar.

award1 Award2

Tusen takk, kjære Ma! Du veit eg set stor pris på både deg og dei rosande orda dine!

DU ER EIN ENGEL, KJÆRE MA!

Fleire burde lære av deg og leve ut draumane sine!

13 kommentarer:

  1. issadå! Va berre i sytemodus i går! Har han tilbake i dag etter 14 dagar i n.sjøen. Tok han med no litt til Blogglandia- "oy! der e jo Olve" sa han! "Er det på Håvollane?" sa han og vart meir nyfiken..trur det er kjekt å så heimom - kanskje det er der me må ta fambileta! (dessutan er habn sikker på at du kjenne HAN betre enn broren! Tihi! F.D. gir det meining?) Natta!

    SvarSlett
  2. No har eg kika på sida til Ma og for noken vakre bilete ho tar! Imponerande, hadde vore så artig å få tatt bilete av familia med ho!

    SvarSlett
  3. Nydelege bilde Ma har å vise fram, trur nok at mange vil finne vegen ut på Vartdal for fotografering etter kvart.

    SvarSlett
  4. Så fin det skolehuset var. Ja det må jo være noe spseilet når folk flytter tilbake og vil satse i hjembygda si.
    Jeg kommer også fra en liten bygd. Vi var ti elever som gikk på en hel skole alene. Så dette vekket minner hos meg.
    Så koselig med dugnad, helt enig med deg et det er undervurdert. Håper dere får mange fine dugnadsstunder sammen:O=)

    Klem =)

    SvarSlett
  5. Hei Tove
    Tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger på bloggen og for mange gode tips. Men det beste av alt er at jeg fant bloggen din :)
    Har to syke barn hjemme i dag, så fikk jeg litt tid til overs og har kost meg med alt du deler på siden din. Fantastisk flink med kamera er du! Kjempekoselig, håper det er greit at jeg linker deg.
    Ha en vidunderlig dag
    NB du var overbevisende ang. maling & kasser, så de forblir urørt. Vet ennå ikke helt hvilken skjebne de får :)
    Hls Siv

    SvarSlett
  6. Åh, jeg må komme inn igjen å lese innlegget ditt ordentlig!!! ville bare si tusen takk for en kjempekoselig hilsen hos meg:))

    SvarSlett
  7. Tusen takk for trivelig kommentar på blogen da gitt. Så koselig at noen andre enn de "vanlige2 legger igjen et spor, og ikke bor vi jo sååå langt ifra hverandre heller.

    Om du ser mitt inlegg fra den 11. mai, ser du min utgave av den knaggrekka :-))) Men brukte en høygaffel jeg da...

    SvarSlett
  8. Kjære Tove.
    Så utruleg skjønn du er!!
    Tusen tusen takk for alle gode ord, du er så skjønn, og eg setter så uendeleg pris på deg.

    Alle som vil, er hjerleleg velkommne innom å besøke med
    i studio både no mens eg jobbar
    og seinare :)


    klem, ma

    SvarSlett
  9. Selvfølgelig, Vartdal er no på ein heilt annan planet;-)... Forstår ikkje kvar eg hadde haudet:-S

    SvarSlett
  10. Er enig med deg, dugnad er lite verdsatt i dag! Det ser jeg i motorklubben jeg leder. Bare så synd at mange ikke ser at nesten alle aktiviteter for barn og unge ikke kan overleve uten en viss mengde dugnad (dette emnet engasjerer meg..)
    Når det gjelder å midtstille, så er det ikke vanskelig. Jeg setter bare markøren på det bildet jeg vil midtstille, trykker på FORMAT og JUSTER. Da får du opp en liste hvor du kan velge midtstill :0)

    SvarSlett
  11. Ennå en award til deg hos meg, du er heldig :)

    SvarSlett
  12. Fantastisk å lage ei studio i dette vakkre gamle flotte huset!!!
    Blir nok bra ja.

    Er bare innom for eg lovde Nunne å overbringe ei helsing til deg. Ho er på tur på besøk til ei venninne. Og siden ho ikkje har ditt nr ba ho meg om å sende ei helsing til deg. Ho rakk ikkje å fare innom bloggen din før ho dro.
    Ho er så god den dama :)

    Ønska deg ein god kveld min venn. Skal slappe av eg nå...Klem

    SvarSlett
  13. Hei!
    Hver gang jeg ser på bildet ditt på bloggen din(av deg selv) blir jeg påmint om ei god venninne jeg har i Molde---som jeg ser så altfor sjelden. Dere er så snarlik hverandre:) Og når jeg leser Ma`s beskrivelse av deg og ditt vesen, så tror jeg jaggu du og min Moldevenninne ligner hverandre også på INNSIDEN!!!!GODE SOM GULL!
    Fortsett og vær den du er!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!