torsdag 14. august 2008

Ekkel mann på besøk...

varseltrekant Eg er vanlegvis særs forsiktig med å kalle folk ved stygge namn, men no tek eg bladet frå munnen. Mykje fordi det eg har opplevd er ekkelt, mykje fordi det eg las var kvalmt og mest fordi eg vil åtvare andre mot denne mannen. For å rydde opp lite grann; mannen har ikkje vore på besøk i heimen min. Derimot dukka han opp ei en kommentar på eit av innlegga mine. Han gir seg ut for å heite David Santos og eg trur han var portugisisk, og legg alltid att kommentaren "Really beautiful!!!!!!!!!!!!!!!!! Have a nice day!!!!!!!!!!!!!" . Alternativt skriv han "Really nice!! Have a beautiful day."  Kommentaren kjem alltid fyrst på kommentarlista.

Dum som eg var klikka eg meg inn på bloggaprofilen ved sidan av biletet hans (til trass for at mannen så utruleg sleks og ekkel ut). Då eg kom inn på bloggen hans fekk eg sjokk. Den handla rett og slett om pedofili. Han gav eit slagt uttrykk av at han var imot det, men måten det var skrive på fekk meg nesten til å tru det motsette. I tillegg hadde han mange bileter av små jenter som var valdtekne og/eller drepne. Alle jentene såg ut til å vere i 4-6 års alderen, og eit av bileta var av den sakna Madeleine McKann.

Det kan sjølvsagt vere at dette er ein mann med djupt og inderleg engasjement i saka - men då burde sida hans ha vore vinkla og framstilt på ein heilt annan måte. Uansett så er det tydelegvis eit slags virus han sender rundt slik at kommentarane hans finn bloggane våre. Og berre fuglane veit kva som skjer når dumme folk som meg etterlet seg spor på bloggen hans.

Poenget mitt er: dette er ikkje ein blogg du har lyst å besøke. Eg har flagga bloggen, dvs at eg har sendt eit signal til Blogger om at eg har funne ein blogg med upassande innhald. Så er det vel opp til Blogger å gjere noko med det. Eg meiner faktisk å huske at det stod noko nederst på bloggen om at bloggen var stengt. Kanskje andre har tenkt same som meg...

Tidlegare den dagen dette skjedde hadde eg tilbrakt timesvis framfor datamaskina for å laste ned bileter til eit slideshow på sida mi, sjølvsagt med mange bileter av ungane. Min kjære, intetanande husbond klarte å slette alle bileta eg hadde lasta ned - og det er eg glad for no! Eg orka ikkje tanken på å vise fram borna mine på denne måten når slike eklingar gir seg til kjenne på bloggar rundt omkring.  Eit lite tankekors, kanskje....

Legg gjerne ein link til dette innlegget på andre sine bloggar, slik at vi får sendt ut varsel til andre.

(dersom det skulle vise seg at david santos er ein knakandes kjekk kar som berre hadde gode intensjonar, så ber eg så mykje om orsaking. Men inntil det motsette er bevist, finn eg det rett å advare andre mot denne mannen).

14 kommentarer:

  1. Nei fysj....så ekkelt da!!
    Har sett dette navnet hans før i kommentarer!!
    Så hvis det kommer noe så må vi jo bare ikke åpne......
    Utrolig irriterende med sånt dritt....plutselig er hele pcen infisert!!

    SvarSlett
  2. Så ekkel fyr! Men et lite tips; bruk de kryptiske bokstavene for godkjenning før folk får slippe til med kommentarer. Jeg lot være å bruke dem en tid, og da kom det inn kommentarer hvor det var lagt til virus. Bokstavene krever 1 minutt ekstra for den som kommenterer, men det stenger virus ute:-)

    SvarSlett
  3. Uff a meg, nei nå fikk jeg en ekkel følelse av ubehag her. Dette var ush! Men jeg så faktisk en hilsen et elelr annet sted, men husker ikke hvor det var.
    Jeg prøver å være litt anonym på nettet. Prøver å være forsiktig med å bruke bilder av ungene.
    Men så bra at du legger ut info om det.

    Vi får håpe vi får en fin kveld selv etter dette.
    Klem til deg =)

    SvarSlett
  4. Å stygge fy! Uheldigvis vil det alltid være noen der som ikke er som alle andre og da må man igjen tenke over hva slags bilder man legger ut av ungene. Frem til i januar, da det nermest eksploderte av nye bloggere, var vi alle ganske anonyme.
    Uten bilder av oss selv, hvor vi holdt til osv.
    Men jeg legger merke til at de fleste nye byr både på bilder av seg og ungene. Å i sommer har jeg sett en del badebilder av disse barna.
    Vi liker ikke slike menner.
    Takk for advarselen. Jeg skal flagge han om han dukker opp. Vi vil ikke ha slikt svineri inn i vår lille herlige verden. Enig eller?

    SvarSlett
  5. Æsj - det var nettopp slike ting som "slo meg" da min blogg-stalker ringte.. Nå var jo min litt mer uskyldig. Jeg håper blogger gjør noe med det! Hanne

    SvarSlett
  6. Eg tok å sletta kommentaren hans..Fysj

    SvarSlett
  7. Håper inderleg at bloggen blir både stengd og sletta snarast, ut i frå det du fortel høyrest det slett ikkje ut som om du tek feil. Eg har alltid vore forsiktig med kva egg legg ut av bilde med tanke på kva dei kan bli "gjenbrukt" til, var ut for at eit naken bilde av eine dotter mi vart lagd ut av ein person her i blogglandia utan mi godkjenning og vedkomande nekta å fjerne det. Bildet var mitt(opphavsrett), og ho hadde ingen rett til å legge det ut for all verden på ein sån måte. Ho har og lagt ut bilder av sine eigne ungar utan kle, og eg fattar ikkje at det går an å være så utruleg dum og naiv at ein ikkje kan tenkte lenger. Ein skal ikkje vise eller sei meir på bloggen enn ein kan tenke seg å vise/sei i lokalavisa si, ganske enkel regel som gjer at en tenker seg om to gonger før ein legg ut noko.

    SvarSlett
  8. Æsj at det skal være slike svin ute og går. Flott med advarsel , takk skal du ha.'
    Takk for koselig kommentar hos meg, superhyggelig.
    Ha en fin "snart" helg så blogges vi igjen.
    klem

    SvarSlett
  9. Huff, dette var både ekkelt og fryktelig.. Håper vi slipper å komme over noe slikt. Dessverre er ikke alle ute med "rent mel i posen".

    SvarSlett
  10. Huff, dette var både ekkelt og fryktelig.. Håper vi slipper å komme over noe slikt. Dessverre er ikke alle ute med "rent mel i posen".

    SvarSlett
  11. Nå ble jeg seriøst uvel...og redd. Det er akkurat dette som har gjort at jeg innimellom tenker om det er lurt å legge seg og sine sånn ut på nettet. tanken har vært der mange ganger. Tenk på alle de vakre barna våre, de flotte bildene som vi deler med hverandre!!Verden er en farlig plass...og av og til må vi desverre minnes på akkurat det! Jeg har fått anbefaling av erfarne bloggere, å ikke åpne noen utenlandske bloggere man ikke vet hvem er.

    SvarSlett
  12. Å fy, kor "ofjølgt"! Takkar for åtvaringa!

    SvarSlett
  13. Huff . No vart æ skræmt.
    Håper denne fyren blir sjekka og utestengt for godt .
    Ha ellers ei fantastisk helg, du har en koselig blogg :)

    SvarSlett
  14. Eg var også innom og kjika på denne bloggen. Og ja, er einig med deg, han så veldig "ekkel" ut. Lurer på kva han har tenkt å gjer med denne bloggen sin med alle bilda av disse jentene. Eg kjente at eg også fekk frysningar av han og sida hans. Skummelt!!!!!!!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!