tirsdag 15. juli 2008

...om å finne noko ein ikkje visste ein leita etter!



Det har ruska ute i dag, vore skikkeleg surt og kaldt. Det hindrar sjølvsagt ikkje ungane, så medan dei har vore ute har eg surfa litt på nettet og alle dei koslege nettbutikkane som eg har spart til ein slik regnvèrsdag! Det er mykje fint å finne, og mangt ein kan ynskje seg - men i dag fann eg altså noko eg ikkje eingong visste at eg leita etter! I snart to år har veggane våre på soverommet vore utan dekor. Tapeten i seg sjølv er så nydeleg at det nesten ikkje har gjort noko, men eitt eller anna har likevel mangla. Har prøvt meg fram med ulike bileter, men ingenting har gjort susen. Og under eit besøk i butikken Mollys heaven i dag, fann eg svaret! Denne nydlege "minnetavla" med dei nydlege rammene vil eg ha over senga vår!
...
Her har eg plass til bileter av alle ungane,
og kanskje meg og min kjære i midten?


Trur det blir fint når eg får opp dette på soverommet!


I tillegg til det flotte bileteopphenget, skal eg ha desse to
knaggane på soverommet. Dei skal henge under ein kvit
spegel som eg må "dille" litt med fyrst, kanskje skrive noko
på den. Men kvar finn ein sjablongar???


Eg har leeeenge leita etter eit slikt skilt til å henge på
baderomsdøra. Har sett liknande på fleire nettbutikkar,
men ingen har hatt dei på lager. Endeleg fann eg eit!


Tusen takk til Mollys heaven for alle dei fantastiske funna! No gler eg meg til pakken kjem i posten, så vert det litt ansiktsløfting på vårt soverom òg!

7 kommentarer:

  1. Takk for TIPSET!
    Man blir sjelden skuffa over å bruk litt tid rundt på bloggene! Alltid finner man noe "lurt"...

    God kveld, nå er det middag snart, jeg er endelig hjemme fra Bodø!
    Klem.

    SvarSlett
  2. Kjempesøte bilderammer til å henge på veggen. Tror jeg må ta meg en runde i noen nettbutikker..
    :O) Ha en fin uke!

    SvarSlett
  3. Ja her har du funnet masse fint!!
    Alltid mye å finne hos Mollys:O)

    Synest det var utrolig kjekt å besøke butikken hennes men nå er den dessverre nedlagt! Så da får vi klare oss med nettbutikken hennes da:O)

    Ha en fin kveld:O)

    SvarSlett
  4. Så mye fint du har bestilt!! Det er første gangen jeg er inne hos deg, men nå har jeg lagt deg til i favoritter, så jeg kommer helt sikkert innom en annen gang også ;0)

    SvarSlett
  5. Den minnetavla var sjønn! Slik ei kunne eg tenke meg!!

    Ja det har vore skikkelig ruskevær i dag...huffa meg!!

    Var så koselig å treffe ho Miamor...men tenkte på deg og Nunne...hadde vore kjekt om dokke var der også:)
    Håpa me får det til ein gang:)

    Ja, fekk tak i 2 små skåler på europris og ei litt større...kjempe fine:) Takk for tipset!!

    Ja, sjønnar det kan vere rart å begynne på jobb att....Men sikkert kjekt også som du sei...Å vere lærar på ein ungdomskule er sikkert både utfordrande og kjekt...
    Ja, Anika er ei flott og flink jente. Er så stolt av ho. Ingen problem med den jenta nei. Ho har altid vore ei jente eg kan stole på.
    Nå er ho på Island, snakka med ho i stad og ho har fått litt heimlengsel...sakar søskena:) Bra det er slik ihvertfall:)
    Men nå er det leggetid for meg..
    Ha ein fin sommar vidar:)
    Klem

    SvarSlett
  6. hei du!
    Her er hva jeg ble rådet til da jeg skulle sende inn manus.
    Ikke bruk så lang tid på første utkast som du sender inn. Proffene i et forlag vil garantert at du skal forandre på noe likevel, om de aksepterer manus.
    Send inn til ETT forlag om gangen og vent på svar fra dem, før du sender videre til neste. ALDRI send manus til flere forlag om gangen. Men får du nei hos et forlag, har du "lov" å sende til et annet forlag.
    Jeg brukte ikke lang tid på mitt utkast, men hadde teksten høvelig klar i hodet i mange mange dager. Venter nå på svar fra Damm, og som du kan se kan det ta 3-6 uker før jeg får høre noe. Jeg belager meg på et nei, så jeg ikke blir "skuffa" hvis de ikke aksepterer det...
    LYKKE TIL! DEN SOM INTET VÅGER INTET VINNER!

    SvarSlett
  7. TAKK FOR KOSELIG HILSEN PÅ SIDEN MIN FORRESTEN! KOM GJERNE TILBAKE!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!