Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

tirsdag 15. juli 2008

...om å finne noko ein ikkje visste ein leita etter!



Det har ruska ute i dag, vore skikkeleg surt og kaldt. Det hindrar sjølvsagt ikkje ungane, så medan dei har vore ute har eg surfa litt på nettet og alle dei koslege nettbutikkane som eg har spart til ein slik regnvèrsdag! Det er mykje fint å finne, og mangt ein kan ynskje seg - men i dag fann eg altså noko eg ikkje eingong visste at eg leita etter! I snart to år har veggane våre på soverommet vore utan dekor. Tapeten i seg sjølv er så nydeleg at det nesten ikkje har gjort noko, men eitt eller anna har likevel mangla. Har prøvt meg fram med ulike bileter, men ingenting har gjort susen. Og under eit besøk i butikken Mollys heaven i dag, fann eg svaret! Denne nydlege "minnetavla" med dei nydlege rammene vil eg ha over senga vår!
...
Her har eg plass til bileter av alle ungane,
og kanskje meg og min kjære i midten?


Trur det blir fint når eg får opp dette på soverommet!


I tillegg til det flotte bileteopphenget, skal eg ha desse to
knaggane på soverommet. Dei skal henge under ein kvit
spegel som eg må "dille" litt med fyrst, kanskje skrive noko
på den. Men kvar finn ein sjablongar???


Eg har leeeenge leita etter eit slikt skilt til å henge på
baderomsdøra. Har sett liknande på fleire nettbutikkar,
men ingen har hatt dei på lager. Endeleg fann eg eit!


Tusen takk til Mollys heaven for alle dei fantastiske funna! No gler eg meg til pakken kjem i posten, så vert det litt ansiktsløfting på vårt soverom òg!

mandag 7. juli 2008

Høgt verdsette eignalutar!

Eg er så heldig å eige nokre skattar. Nokre har eg arva, nokre har eg funne og nokre har eg kjøpt. Eignalutane på bileta har eg arva. Det er så kjekt å kunne ta vare på gamle og kjære skattar som har vore i slekta i generasjonar. Ein eignalut er kanskje eit framandt ord for mange, men ein bruker ordet om noko verdfullt som ein eig.




Denne kanna fekk eg med farmor for mange år sidan. Ho skulle flytte og hadde storopprydding på loftet. I tillegg høyrer det med eit eggeglas, eit kvadratisk fat og eit avlangt fat inndelt i tre små bur. Dei er laga på "Egersunds Fayanchefabrik", er handmala og er av merket "Gul vinkel". Botnen på krukka er stempla med talet "44". Det er sikkert nokon der ute i Blogglandia som kan fortelje meg meir, både om fabrikken og merkinga?



Slik ser krukka ut under.


Eggeglaset har ikkje numerert stempel, berre ei påskrift som seier at det er handmala og at det heiter "Gul vinkel".


Dette er eit matskrin. Då vi tok over garden for åtte år sidan, var dette noko av det som stod att i huset. Eg var sjeleglad for at eg fekk det i mi eige, for dette er rein nostalgi! Både prikkane og fargen vitnar om ei tid som var. Skrinet var ofte brukt då Karen og Johan, som eigde garden, var på turar rundt omkring. No står det på kjøkkenhylla mi og er eit naturleg blikkfang.

Desse vakre sølvskeiene har guten min, Johan, arva etter tippoldeforeldra sine. Det var ei gamletante i slekta som meinte at Johan skulle ha dei, då han er den einaste som har brukt det gamle slektsnamnet. Johan, Johannes og Johanne har vore brukt i mange generasjonar i familien vår. No har vi fått skeiene til odel og eige, og eg skal passe godt på dei til Johan ein dag er så stor at han kan ta vare på dei og setje pris på dei.

Bak på kvar skei står det inngravert med sirleg handskrift: "Johanne og Johan, 22-4-1906". Johanne og Johan var oldeforeldra mine, og desse skeiene fekk dei på bryllaupsdagen sin. Verdien på ein slik eignalut kan ikkje målast i kroner og øre!

torsdag 21. februar 2008

Det fullkomne kaos!

Å ha komplett og fullstendig orden til ei kvar tid, er ein stor draum og eit inderleg ynskje. Ikkje berre er det viktig, men også nødvendig for at alt skal gå på skinner i heimen. Heldigvis er eg heilt normal, så av og til flyt rotet og kleda heng hulter til bulter på knaggen, eller ikkje på knaggen i det heile. Kanskje er dei ikkje i gangen eingong, og kvar er dei då?
Slik hadde vi det i dag. Vi sov sjølvsagt altfor lenge, og då blir det meste kaotisk. Heldigvis hadde far i huset ordna med skulemat, sett ut bossdunkane og laga klart til frukost. Men tru du meg: med tre ungar som skal på do, vaskast, påkledast, børstast og skiftast bleie på - så går tida på badet altfor fort. Plutseleg var klokka ti på åtte, plutseleg skulle Ida flette håret og plutseleg hadde Sina bæsja seg ut. For dei som ikkje skjønar kaoset og tidspresset, så kan det nemnast at alle må vere i bilen kl. åtte.....
Johan tok frukosten ståande, Ida hoppa i støvlane og gjorde seg klar sjølv, medan eg sette ny rekord i å kle på Sina. Så var vi klar! Det var berre ein ting...... Kvar var regnkleda??? Og støvlane??? Ute piska regnet på ruta, så det var ikkje sjans å køyre utan. Vi fann støvlane ute, og ei regnbukse i kjellartrappa. Resten var sikkert i barnehagen. Men der var det tom knagg..... Og klokka tikka og gjekk. For å gjere ei lang historie kort, så vart det mange turar til barnehagen denne morgonen. Til slutt vart alt rett! Alle ungane hadde komplette sett med kle! Då får det så vere at der hang lapp i barnehagen om at Ida må ha nytt strekk på regnbuksa, og at Johan måtte ta til takke med ei regnbukse han eigentleg har vakse ifrå. Med ull innerst og bestemors heimestrikka lestar skal dei nok halde seg tørre og varme i dag òg!

















Kanskje eg lyt rydde gangen i dag, eller leite fram alle ekstra regnkle frå kjellaren. Det er sikkert lurt. Det vert heilt sikkert regn i morgon òg. Og heilt sikkert kaotisk.....