mandag 7. juli 2008

Høgt verdsette eignalutar!

Eg er så heldig å eige nokre skattar. Nokre har eg arva, nokre har eg funne og nokre har eg kjøpt. Eignalutane på bileta har eg arva. Det er så kjekt å kunne ta vare på gamle og kjære skattar som har vore i slekta i generasjonar. Ein eignalut er kanskje eit framandt ord for mange, men ein bruker ordet om noko verdfullt som ein eig.




Denne kanna fekk eg med farmor for mange år sidan. Ho skulle flytte og hadde storopprydding på loftet. I tillegg høyrer det med eit eggeglas, eit kvadratisk fat og eit avlangt fat inndelt i tre små bur. Dei er laga på "Egersunds Fayanchefabrik", er handmala og er av merket "Gul vinkel". Botnen på krukka er stempla med talet "44". Det er sikkert nokon der ute i Blogglandia som kan fortelje meg meir, både om fabrikken og merkinga?



Slik ser krukka ut under.


Eggeglaset har ikkje numerert stempel, berre ei påskrift som seier at det er handmala og at det heiter "Gul vinkel".


Dette er eit matskrin. Då vi tok over garden for åtte år sidan, var dette noko av det som stod att i huset. Eg var sjeleglad for at eg fekk det i mi eige, for dette er rein nostalgi! Både prikkane og fargen vitnar om ei tid som var. Skrinet var ofte brukt då Karen og Johan, som eigde garden, var på turar rundt omkring. No står det på kjøkkenhylla mi og er eit naturleg blikkfang.

Desse vakre sølvskeiene har guten min, Johan, arva etter tippoldeforeldra sine. Det var ei gamletante i slekta som meinte at Johan skulle ha dei, då han er den einaste som har brukt det gamle slektsnamnet. Johan, Johannes og Johanne har vore brukt i mange generasjonar i familien vår. No har vi fått skeiene til odel og eige, og eg skal passe godt på dei til Johan ein dag er så stor at han kan ta vare på dei og setje pris på dei.

Bak på kvar skei står det inngravert med sirleg handskrift: "Johanne og Johan, 22-4-1906". Johanne og Johan var oldeforeldra mine, og desse skeiene fekk dei på bryllaupsdagen sin. Verdien på ein slik eignalut kan ikkje målast i kroner og øre!

1 kommentar:

  1. Hei Tove.
    Er så kjekt no når du har komt heim frå syden, for då finn eg nytt lesestoff på bloggen din nesten kvar dag. Kjempekjekt. Du er så flink til å formidle...
    Håper å sjå dokke her i Selje i løpet av sommaren.
    Klem frå Maj Britt

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!