mandag 7. juli 2008

Nistetur, nøkkeroser og ufrivilleg bad!

I dag var Johan så heldig å få vere med Anne Mette, Peter og Evelyn på undringstur over Hovdeåsen. Anne Mette hadde pakka niste og gutane gledde seg til å gå på tur i det fine vèret.

På Hovdevatnet stoppa dei og plukka nøkkeroser, ein av dei vakraste blomane eg veit om. Visste du at sjølve blomen (altså, det gule) kan verte 20 cm i diameter??? Då eg hente Johan med Anne Mette, fekk eg overrakt blomane og ei artig historie!


Det kan av og til vere vanskeleg å plukke nøkkeroser, då dei sit festa med lange stilkar til botnen. Evelyn melde seg frivilleg til å utføre oppdraget, for det var viktig at alle fekk med blomar heim. At ho er ei sprek dame er det ingen tvil om, og sjølv om eg ikkje var tilstades under sjølve plukkinga, kan eg levande førestille meg scenarioet som fann stad i løpet av nokre korte sekund. Ho rykte og drog i stilken, og før ho visste ordet av det låg ho langflat i vatnet! Eg tvilar ikkje på at ho var den som flira høgst av episoden, og Johan har allereie fortalt om den artige hendinga fleire gongar!


(Evelyn og den skjønne sonen sin, Sigve)
Tusen takk, Evelyn, for at Johan kom heim med dei nydlegaste nøkkerosene eg har sett på lenge. Og tusen takk, Anne Mette og Peter for at Johan fekk vere med på eventyret!
For dei som ikkje har eit vatn med nøkkeroser i nærleiken, lyt bileta glede deg så lenge!

1 kommentar:

  1. Hei! Jeg oppdaget bloggen din via anna lisas blogg, og nå har jeg kost meg med å bla gjennom hele! For en nydelig, varm og flott blogg du har! Herlige unger, og du virker som en utrolig god mor! Gleder meg til å komme innom her igjen! mange klemmer fra silje.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!