lørdag 12. juli 2008

Graut, griseri og stooort sjølvstende!

Ein kan finne så mange skattar på ein bruktbutikk. Eg må ta turen til vår lokale NMS-butikk med jamne mellomrom, av og til for å levere, andre gongar for å ta med meg heim. For nokre dagar sidan kom eg over denne skjønne tallerkenen. Ikkje det at vi ikkje har grautatallerkenar i hyllene våre - tverti imot! Der er alle slags variantar, både når det gjeld motiv og materiale. Plast er sjølvsagt praktisk, medan steingods og porselen er finare og "anstendig". Men uansett kor mange rosa prinsesser, froskar og motorsyklar som lurer i skapa våre, så set eg aller mest pris på dei gamle, trauste og trygge motiva. Dette Figgjo-fatet vart straks ein favoritt, var liksom noko nostalgisk og kosleg over det.
I kveld var eg og Sina heime åleine medan kveldsgrauten skulle inntakast. Det var kanskje like greitt, for dess meir publikum ho har - dess meir skal ho underhalde. Då seier det seg sjølv at det vert mykje rot. Men rot vart det jammen likevel. Det er kanskje enklare å støvsuge opp smular frå eit golv, enn å vaske vekk flekkar med inntørka graut. Men det er liksom tradisjon med graut her i huset: graut kvar laurdag og graut kvar kveld (i allefall til dei nektar å ete!). Den er sjølvsagt av det sunne slaget, og Sina sin graut er økologisk (som det meste anna eg stappar i henne). Så inntil nyare forskning kan stadfeste at graut er ein uting, får vi berre tole dei inntørka flekkane på golvet og kose oss med alle dei flotte fata våre!
I dag klatra ho endå eit steg på sjølvstende-stigen. Ho skulle ete sjølv. Med stort drama nekta ho å opne munnen då eg prøvde å gi henne. Det gjekk ei stund før eg forstod kva som var problemet, og med skeia i eine hender gjekk grauten ned på høgkant. Sjølvsagt fekk ho graut over heile andletet, og sjølvsagt vart det graut på golvet - men kva gjer ein ikkje for å tilfredsstille ungane??? Var vanskeleg å velje ut kva bileter eg skulle bruke i dette innlegget, så eg tok med heile sullamitten - vel bekomme!



Graut er jammen meg gode greier, folkens!


Ein må ta seg tid til å tøyse litt innimellom all etinga!

Skjønne, vesle Sina mi...

4 kommentarer:

  1. hærleg. . . . :)

    SvarSlett
  2. KJÆRE TID.... SKULLE ØNSKE JEG FANT STØRRE BOKSTAVER! Lille Sinemor er herlig!!!!!!!!!!!!!!

    SvarSlett
  3. Ubetalelig herlige bilder. Takk for titten!!
    Gry

    SvarSlett
  4. Laila S Olsen14/7/08 21:44

    Nei no må ej berre gi en kommentar...første sådann..Sina e no berre nyyydelig. Og bloggen din fe mej i godt humør kvar gong. Fortsett med det gode arbeidet tovemor..

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!